Borggata på Leirvik

Biletet er teke frå Stord rådhus på Leirvik og viser ein del av Borggata. T.v. ser ein Maskinhjørnet as, i midten Fokus Bank og t.h. "Narvesenhjørnet".

I venstre biletkant skimtar ein såvidt Leirvik torg, som er Stord kommune sin tusenårsstad. På torget får ein kjøpt frukt, grønsaker, fiskemat, blomar og anna.

Leirvik er regionsenter i Sunnhordland og administrasjonssenter i Stord kommune. Stord vart by i 1997 og er den største byen i verda som har nynorsk som skriftspråk.

Leirvik har alle tilbod ein moderne småby skal ha og held stand som "byen i Sunnhordland", trass etablering av handelshus og spesialforretningar på det tidlegare industriområdet på Heiane.