23.08.10
Felles foreldremøte 8.trinn! I kveld er det
felles foreldremøte for føresette til elevane på
8.steget. Me byrjar med ei samling i musikkrommet. Her
vil rektor gi generell info om skulen og drifta. Vidare
vil skulen sine MOT-informantar gjera greie for kva
aktivitetar dei har ansvar for og korleis elevane vert
involverte i dette arbeidet. SLT-koordinator og
Utekontakten vil informera om deira arbeid, og
representant frå Frivillegsentralen vil rekruttera til
Natteravn-tenesta. Siste del av møte vert klassevis. Då
går føresette til klasseromma samen med kontaktlærarane
til elevane.
Vel møtt til klasseforeldremøte
i kveld, onsdag 1.september kl.18.00 på Nysæter
ungdomsskule!
Tekst: Pål Roseth
23.08.10
Nasjonale prøvar hausten 2010. Her finn du
oversikt over datoane for nasjonale prøver hausten 2010.
Nytt av året er at nasjonal prøve i lesing og rekning
også skal gjennomførast på 9. trinn. Elevane skal ta dei
same prøvane som elevane på 8. trinn på same tidspunkt.
jfr. St.meld. nr. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen.
Datoar for Nasjonale
prøvar hausten 2010. Klikk
her>>
Informasjon til
føresette om Nasjonale prøvar.
Klikk her>>
Tekst: Pål Roseth
10.08.10
Skulestart! Då var
endeleg tida komen, flagget heist og alle elevane på
plass og klare for eit nytt skuleår! Tradisjonen tru,
var det fellessamling i gymsalen, der rektor ynskte
velkommen og lærarane song for elevane! Etter
presentasjon av nye lærarar og kontaktlærarar på 9 og 10
trinna, var det tid for namneopprop av alle
8.klasseelevane. Deretter gjekk dei samen med sine
respektive kontaktlærarar til klasseromma sine. No ser
me fram til å koma skikkeleg i gang med skuleåret og eg
kan lova alle elevar topp motiverte og skarpskodde
lærarar og assistentar!! Me ynskjer kvar andre lukke til
med skuleåret!
Tekst:
Pål Roseth,
Bilete: Gisle Hjelmen
10.08.10
Snart klart for skulestart! Då
er det straks klart for skulestart ved Nysæter
ungdomsskule. I sommarferien har skulen fått ny farge!
Ikkje lenger brun og litt trist, men lys og innbydande!
(No kan ein ikkje skapa gull av gråstein, men det er
blitt mykje betre enn det var...Takk til Drift og
vedlikehald!)
Elles er det også i år endringar i høve sist skuleår. Me
får nye kollegaer og jammen har ikkje departementet kome
med (nok) ei endring med omsyn til føring av fråvere og
krav til dokumentasjon. (Sjå lenkje!). Alle elevane vil
få med heim Info-heftet første skuledagen, onsdag
18.august. (Eg oppmodar alle føresette om å spørja borna/ungdomane
etter Info-heftet!). Her finn de viktig informasjon om
skuletilbodet og andre ytingar me skal gje elevane og
føresette. De vil også finna Info-heftet digitalt. (Sjå
lenkja "Informasjon" på heimesida).
Det er også endringar i administrasjonen dette skuleåret.
Anne Sissel har valt å praktisera "læraren" i seg 100%!
(Gled dykk, ungar!)
Anita
Eriksen skal vikariera som assisterande rektor komande
skuleår. Vidare har me valt å dela sosiallærarressursen
mellom ass.rektor og rådgjevar. Dei vil då få 75 %
adm.tid kvar, noko me trur vil gjera all sakshandsaming
meir fleksibel og effektiv.
Det er hektiske veker før skulen tek til, og mykje som
skal på plass. Merete (rådgjevar) og Anita (ass.rektor)
er i full gang med førebuinga av komande skuleår!
Endringar i forskrift til
Opplæringslova, m.a. føring av fråvere i grunnskulen, § 3-41
Klikk her>>
Då ynskjer me elevane vel
møtt til nytt skuleår med oppstart onsdag 18.august
kl.08.30!
Tekst og bilete: Pål Roseth
10.08.10
Sommarferie! Då
er det straks ferie for alle som jobbar ved Nysæter
ungdomsskule. Men før feriefreden senkar seg, skal det
gjerast reint og ordnast slik at skulen er på strekk til
å ta i mot lærarar og elevar ved skulestart 18.august!
Borgny og Gro har full kontroll med mopp og bonemaskin!
Me er heldige som har desse flinke og kjekke damene som
syt for at me har reine og trivelege lokale til ei kvar
tid! Skulen er etter kvart "godt brukt", og det er ikkje
like lett å få gjort golv og vegger reine. Men me veit
at når me kjem att i august skin det av golva og det
luktar reint og friskt i heile bygget!Også
utomhus skal det gjerast
arbeid arbeid i sommar.
Desse karane held på å skifta rotne bord i "kassane"
over vindaugo. Så skal det vaskast og malast. Når me
kjem att i august er skulen lys grå! Det ser me fram
til.
Info til nye og noverande
elevar og føresette.
Her kan du finna ut kven du skal ha
til lærar til hausten!
Klikka her>>
Her er skuleruta for komande skuleår.
Klikka her>> Tekst og bilete: Pål Roseth
24.06.10
Skuleavslutning og sommarferie! Måndag
21.juni var siste dagen for elevane på 10.trinnet ved
Nysæter ungdomsskule. Det er blitt tradisjon at
føresette steller i stand avslutningsfest i
Samfunnshuset. Dette er ei skikkeleg "dugnadsøkt", der
føresette lagar i stand eit fantastisk koldtbord og
pyntar salen til fest. Elevane kler seg i finstasen og
syt for underholdning frå scenen. Som tidlegare år, var
her både dans og musikkinnslag. To av elevane var
programleiarar og styrte denne feststunda med stødig
hand og latteren på lur! Elevane fekk vitnemåla sine,
lærarar og rektor takka for fine år samen på Nysæter,
medan føresette fekk sine bilete av dei håpefulle! Me
vil nytta høve til å takka alle for den fine
avslutningsfesten og ynskjer alle avgangselevane våre
lukke til vidare med utdanning og livet som ligg føre
dei!
Vil du sjå fleire bilete frå avslutningsfesten? Klikka
her>>
Tekst og bilete: Pål Roseth
07.06.10
Føring av fråvere på vitnemålet.
Viser til forskrift til Opplæringslova § 3 – 41.
”Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvere førast på
vitnemålet. Fråver skal førast i dagar og enkelttimar.
Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråveret
blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld
berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka
til fråveret. Dersom det er mogleg, skal eleven leggje
fram dokumentasjon av fråveret frå opplæringa på
førehand. For inntil 14 skoledagar i eit opplæringsår,
kan eleven krevje at følgjande fråvere ikkje vert ført
på vitnemålet:
a. dokumentert fråvere som skuldast helsegrunnar
b. godkjend permisjon etter opplæringslova § 2-11.
For dei elevane som går ut frå Nysæter ungdomsskule
våren 2010 vert det berre ført fråvere på vitnemålet frå
skuleåret 2009 – 2010 jf. informasjon frå
Utdanningsdirektoratet.
NB!
• Føresette må krevja at fråvere ikkje skal førast. (Inn
til 14 skuledagar i opplæringsåret. Jfr. Forskr til
Oppl.lova §3-41, fjerde ledd.)
• Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
• Timar vert ført i 60 min.økter.
• Enkelte elevar kan av ulike grunnar koma opp i eit
dokumentert fråvere som overstig 14 dagar grunna
sjukdom, idrettssamlingar, turar m.m. Her kan eleven
eller føresette krevja at årsaka vert ført på vedlegg
til vitnemålet.
• Oversyn over tal fråversdagar og timar vert sendt heim
som "ranselpost".
Frist for å søka om fråtrekk 14 skuledagar og
dokumentert fråvere på vedlegg til vitnemålet er sett
til onsdag 16.juni 2010.
28.05.10
Endeleg litt sommar... På
den fyrste sumardagen i år tok 9A seg ein picnic. Som
ein del av opplæringa i mat og helse fekk dei læra om
korleis ein pakkar ein sekk, kva ein tek med seg,
korleis me nyttar (eller ikkje nyttar) eit stormkjøkken
og korleis me tenner opp bål. Me poppa popcorn, grilla
pølser og laga oss rundstykker med pålegg. Undervegs tok
me for oss kva naturen sjølv har å by på av mat til
salater, kaker og eventuelt snop. Elevane kosa seg og
leika også ein pinneleik i vår vakre natur!
22.04.10
"Mi sterkaste side!" Elevane i
10.klassse gjennomfører i desse dagar prosjektet "Mi
sterkaste side" i musikkfaget. Prosjektet går ut på at
elevane set samen ei framføring der dei viser kva dei
kan best innan musikk. Framføringa vert vist for resten
klassen. Det har til no vore fleire særs gode
framføringar med m.a. song, piano, fiolin, gitar,
trompet, dans og foredrag om kjende artistar. Elevane
har gjort ein flott jobb, og det har vore svært kjekt å
få oppleva alle dei store talenta me har på skulen vår!
22.04.10
Boka om meg sjølv! Elevane på
9.trinnet har den siste tida m.a. jobba med "Boka om
meg sjølv". Dette er eit prosjekt der fleire fag er med.
Prosjektet har hovudvekt på faga norsk og kunst og
handverk. 10.trinnet har også hatt "bokbindarkunsten"
som tema. I kunst og handverk har dei laga bokomslag.
Her har ein nytta ulike teknikkar, og det er kreative
løysingar og flott arbeid som vert vist fram..
Sjå bilete frå prosessen
og døme på dei ferdige produkta
her>>>
Tekst og foto: Pål Roseth
22.04.10
Kveldsøkt med noko attåt! Lærarane på
Nysæter har 4 kveldsøkter i løpet av arbeidsåret. Dette
er timar som er sett av til ekstra samarbeid kring ulike
tema. Det er ikkje alltid like motiverande å gå ut att
på jobb om ettermiddag og kveld, sjølv om ein ser både
nytte og verdi av sjølve arbeidet. Då er det spesielt
kjekt å ha ein "gourmetkokk" på laget, som kan frista
den mest kresne (og bortskjemte) blant oss. Frode Dyrhol
er ein meister i sitt fag, og denne hustrige
aprilkvelden hadde han diska opp med herleg tapas! (Det
får heller våga seg at matøkta drog litt ut..)
Samstundes kjekt å kunna feira ein av dei tilsette
(Vidar ville vera anonym...) sin fødselsdag!
Takk Frode for framifrå
mat og til dykk andre for god innsats denne kvelden!
Tekst og foto: Pål Roseth
22.04.10
Comeniusbesøk! Her ser de
elevar frå Nysæter us samen med Comenius-vener frå
Frankrike og Danmark. Biletet vart teke då me var på
besøk i Danmark i oktober i fjor. Her er heile gjengen
ytst på Grenen, Danmarks absolutte nordlegaste punkt!
Søndag 16.mai kjem det elevar og lærarar frå Frankrike
og Danmark på besøk til Nysæter ungdomsskule. Dei skal
vera her heile veke 20 og m.a. feira 17.mai samen med
elevane våre. Dei franske og danske elevane skal bu
privat hos vertsfamiliar med elevar på NUS. Det er eit
tettpakka program for veka, med m.a. tur med
veteranskipet Granvin gjennom Kulleseidkanalen til
Brandasund.
Gå inn på lenkja (Jordklode-dråpen) og sjå bilete frå
turane elevane våre har hatt til Danmark og Frankrike.
Tekst og foto: Pål Roseth
19.04.10
Info til engelsk skrivedag.
Onsdag 21.april skal elevane på 10.trinn ha
tentamen/prøveeksamen i engelsk.
Førebuingsmateriellet finn de her >>
19.04.10
Info til elevar og føresette på 9. og 10.trinn.
Standpunktkarakterar på
9. og 10. trinn.
Det byrjar å nærma seg det tidspunktet at elevane på 10.
trinn skal få sluttvurdering (standpunktkarakter) i dei
ulike faga. Dette gjeld også for faget mat og helse på
9. trinn.
Standpunktkarakteren skal gje informasjon om den
kompetansen eleven har oppnådd i faget ved avslutninga
av opplæringa jf. Forskrift til Opplæringslova (FtO) §§
3-3, 4-4.
Standpunktkarakteren skal uttrykka eleven si meistring i
høve til dei samla kompetansemåla i faget etter 9. /10.
trinn. Særskild
tilrettelegging av eksamen (Forskrift til Opplæringslova
§ 3-32).
Elevar med spesielle vanskar kan ha behov for eigne
ordningar under den skriftlege eller munnlege eksamen.
Ved den skriftlege eksamen kan eleven normalt få inntil
1 klokketime i tillegg til den ordinære tida. Det kan
også tilretteleggjast for lesesvake elevar, slik at
oppgåveteksten kan bli lesen opp under eksamen. På
grunnlag av fråsegner av nyare dato frå eleven,
føresette og sakkunnige tek rektor i kvart tilfelle
avgjerd om kva slags ordningar som skal nyttast.
Søknad om særskild tilrettelegging under eksamen må
stilast til rektor. Søknadsfristen vert
fredag 30. april 2010.
08.04.10
Kosar seg på klubben! Mange
av elevane våre nyttar Litlabø fritidsklubb kvar måndag
og torsdag. Klubben er eit tilbod til ungdom mellom 13
og 18 år, og er eit kjærkome tilbod i tillegg til alle
dei "organiserte" fritidstilboda i bygda. Ungdomane
nyttar klubben då det er veldig sosialt i tillegg til
alle dei kjekke aktivitetane dei finn her. Blant tilboda
finn ein biljard, bordtennis, spele i band, kortspel
m.m. Ungdomane står sjølve for drifta av kiosken og
arrangerer felles turar. Før påske drog dei på skitur
til Sauda!
Me vil retta ei
stor takk til dei som står bak dette framifrå tilbodet
og til ungdomane sjølve som er med og held det i gang!
Tekst: Pål Roseth, bilete: Kristine
Brandsdal Barane og Synne Fadnes
26.03.10
Medieprosket på 10.trinnet.
På
10.trinnet har me i veke 11 og 12 jobba med media som
tema. Elevane har fått 10 timar pr.veke til dette
prosjektet. Elevane har arbeidd i grupper på tvers av
klassane og stått veldig fritt i kva produkt/form
presentasjonane deira skulle munna ut i. Vurderinga av
produkta skal karaktersetjast i faga norsk og kunst og
handverk. Elevane har arbeidd godt både heime og på
skulen med dette prosjektet. Ved presentasjonen fredag
26 mars var det svært høg kvalitet på mange av produkta
som vart vist fram, og elevane var eit framifrå publikum
for kvarandre gjennom presentasjonsøkta. Etter at
presentasjonane var ferdige, rydda lærarar og elevar i
dei ulike romma som var nytta under prosjektet. Det
heile vart avslutta med ei fysisk økt i gym-salen!
Lærarane er særs nøgde med kor kreative og flinke
elevane har vore i dette prosjektet.
Me ynskjer alle ein god påskeferie!
03.03.10
We did feel the love tonight! Det
var full sal på Nysæter ungdomsskule då "teppet gjekk
opp" for 8.trinnet si framsyning "Can you feel the love
tonight?" - der tema var 60-talet, med musikk, dans,
mote, flørt og ungdomstid! Føresette, søsken,
besteforeldre og lærarar var imponerte og veldig
fornøgde med det me fekk sjå og høyra. Her var
fellesnummer der alle 75 elevane var med både i song og
dansenummer. Mindre grupper eller
einskildpersonar
framførte musikk og sketsjar. Ei gruppe hadde jobba med
film og både elevane og lokalet var pynta i "tidsrette"
klede og kulissar.
03.03.10
Do you feel the love to night?
8.trinnet
held på med eit prosjekt der dei fleste faga er
integrerte. Fokus er likevel musikk og kropsøving.
Elevane er delte i grupper på tvers av trinna, og denne
veka har timeplanen vore delvis oppløyst. Tema for
prosjektet er "60-talet!" Ulike
grupper har jobba med dans, orkester, kulissar,
rap-tekstar, film og foto med mykje meir. Dette er ei
arbeidsform som me alle syns er det er kjekt å nytta
iblant. Det er merkbart god stemning på huset og alle
ser fram til den store dagen komande torsdag. Då vert
det framsyning for føresette på skulen kl.18.00
(Invitasjon kjem!!)
03.03.10
Klimamysteriet! Torsdag
i midttimen fekk me storfint besøk på Nysæter
ungdomsskule. Då kom leiar for "pedagogisk avdeling" i
Microsoft Norg, Jan Helge Luth, med helsing og gåve til
lærarar og elevar ved skulen. Årsaka er deltaikng i det
verdsomspennande prosjektet "Klimamysteriet". Dette var
eit nettbasert spel som handlla om klimautfordringane og
vart avslutta i samband med den store klimakonferansen i
København. Lærarar og elevar ved NUS fekk utmerking
grunna ekstra god innsats og djup involvering i
prosjektet. M.a. vert det peika på at dei hadde
involvert andre store aktørar, som Norges
Miljøvernforbund og Aker RGI. Ein av lærarane, Knut Arve
Nordfonn fekk ekstra påskjønning for engasjement og
innsats. For dette vart han invitert til ein tre dagars
konferanse i Berlin. Her vil han møta m.a. deltakarar
frå heile verda og høyra om korleis elevar og lærarar
har jobba med oppgåver og utfordringar knytt til
prosjektet.
Vil du
lesa meir om Klimamysteriet,
klikk her>>
Fleire bilete frå
Microsoft si vitjing
finn du
her>>
Tekst og bilete: Pål Roseth
03.03.10
Eksamensførebuing
i engelsk måndag 08.03.10
Måndag
8.mars skal elevane på 10.trinnet ha "skrivedag" i
engelsk! Dette er eit viktig arbeid i førebuinga av
eksamen som kjem "før du veit ordet av det!".
03.03.10
Kva skal eg bli når eg vert stor? Måndag
1.mars kl.24.00 var fristen for å søka vidaregåande
skule. Dette er slett ikkje noko enkel prosess for
elevane våre. Veit ein kva ein vil jobba med i framtida
når ein er 14 - 15 år gamal? Rådgjevar ved skulen vår,
Merete Fjellheim (biletet) har snakka med samtlige av
10-klassingane. Det har vore besøk på skulen frå ulike
verksemder og vidareutdanningsinstitusjonar. Elevane har
vore på besøk i lokale verksemder og prøvd seg med
yrkesutplassering. Likevel er valet vanskeleg for veldig
mange.
Du kan lesa meir om kva
våre og andre ungdomsskuleelevar meiner om valet og
overgangen til vidaregåande skule.
18.02.10
VURDERING.
Informasjon
til elevar og føresette om endringar i Opplæringslova.
Heile kapittel
3 i forskrift til Opplæringslova vart endra med verknad
frå 01.08.2009. Forskrifta gjeld no både for grunnskulen
og den vidaregåande opplæringa. Dette er eit omfattande
dokument som elevar og føresette bør ha kjennskap til.
Dei mest aktuelle delane av dokumentet finn de ved å
følgja lenkja i dette innlegget. De kan også følgja
lenkjene "Informasjon" - "Vurdering" i menyen på
heimesida. De må spesielt merka dykk følgjande
paragrafar:
§3-3. Grunnlag for vurdering i fag.
§3-5. Grunnlag for vurdering i orden og åtferd.
§3-7. Varsling
§3-18. Standpunktkarakter i fag.
§3-20. Fritak for vurdering med karakter for elevar med
individuell opplæringsplan.
§3-40. Vitnemål i grunnskulen.
§3-41. Føring av fråvere i grunnskulen/på vitnemålet.
(Denne infoen vert også
sendt som "ranselpost".)
Du finn forskrifta ved å
klikka
>>
Tekst: Pål Roseth
18.02.10
Meir praktisk øving! Dei
siste vekene har det gått føre fleire praktisk retta
elevarbeid på NUS. 8.trinnet har hatt studentar frå
faglærarutdanninga i musikk frå HSH. I samband med
praksisen hadde elevane ein avslutningskonsert for
9.trinnet. Her framflrte dei eit "fellesnummer" der alle
elevane var med i koret. Dei song "Breaking up is hard
to do" med stor innleving! Vidare hadde kvar klasse
skrive ein song kvar, der tekstane omhandla det meste
frå livet som ungdom til "kule lærarar og hippe klassar"!
(Eller var det omvendt..)
9.trinnet har hatt eit
praktisk prosjekt der dei m.a. har bygd hus og laga
"kvernkall". Det er viktig å variera arbeidsmåtane i
undervisninga og ikkje minst gje elevane høve til å
jobba praktisk! Det har vore kjekt å sjå at sløydsalen
har vore nytta. Det er diverre ikkje dagleg ein kjenner
lukta av høvelflis
og spon i skulen...
12.02.10
Praktisk øving! Elevane
på 9.trinnet har siste tida hatt øvingar i naturfag. For
tida er det elektronikk som står på dagsorden. Det kjem
ofte kritikk mot skulen at det er for mykje teori og
lite praktisk arbeid. Dette har lærarane som underviser
i naturfag på NUS verkeleg gjort noko med. Dei har rusta
opp naturfagavdelinga og fått på plass utstyr og
materiell slik at elevane verkeleg kan få prøvd teorien
ut i praksis. Og resultata er både synlege og kan
høyrast (!).
Og etter endt øving er det
utdeling av "Loddesertifikat"!
Tekst: Pål Roseth, foto:
Inger Flatebø og Knut Arve Nordfonn
15.01.10
Eksamen vår 2010.
Eksamen for
10.trinnet vert avvikla i veke 20 og 21.
Utdanningsdirektoratet har no lagt ut info på sine
sider. Klikka deg inn på lenkjene og les meir om Eksamen
i grunnskulen våre 2010. Me kjem attende med meir info
om eksamen på NUS etter kvart.
15.01.10
Godt i gang! Då
var skuleåret godt i gang, og elevar og lærarar har vore
flittige både i klasseromma og ute i den flotte
vinteren! Me har nytta nærområdet både i skogen og på
vatnet! Det er framifrå fine muligheter i nærområdet til
skulen vår. Me har også fysisk aktivitet som sentralt
satsingsområde. Då høver det å nytta uteområdet til
vinteraktiviteter. Det gjev variasjon i aktiviteter og
fenger absolutt hos elevane.
Tradisjonen
tru får me kvar januar besøk av musikklina ved Stord
vidaregåande skule. Dei kjem og viser kva musikklina har
å by elevane. Konserten deira er særs populær hos
elevane (og lærarane) våre! Og me sluttar aldri å bli
imponert over mangfald og nivå hos dei unge "studentane"!
Ulike grupper presenterte ulike stilartar, og dei hadde
arrangert musikken for rimeleg "utfordrande" besetningar!
Me ser allereide fram mot neste besøk!
Fleire bilete frå uteaktivitetar finn du
her>>
Fleire bilete frå konsert med musikklina finn du
her>>
Tekst: Pål Roseth, Foto:
Eli Rimmereide, Pål Roseth
09.12.09
God Jul!! For
andre året på rad hadde Nysæter ungdomsskule
juleavslutning i gym-salen siste dagen før jul. Elevane
hadde sett samen programmet og sto sjøløve for
programleiinga. Det var mykje fin musikk og nokre vågale
eksperiment, leia av skulen sin eigen Dynamitt-Harry!!
No
håpar me alle elevar og tilsette ved skulen får ein
retteleg god juleferie. Så ser m framtil å møtast att
4.januar!
God
Jul!
09.12.09
Juleverkstad og Julaball! Då var
det tid for Juleverkstad på Nysæter ungdomsskule.
Elevane har meld seg på ulike aktivitetar onsdag og
torsdag, og har kunna velja mellom kafe´, julepynt, spel
og hobby, sløyd, kjemi og fysikk, film, musikk,
gym/symjing, bordtennis og skeiser for å nemna dei
fleste. Elevane er samla på tvers av trinn og den
vanlige timeplanen vert
"lagt på hylla". Det er stor iver og innsats på dei
ulike gruppene og ei av dei ivregaste er dei som steller
til Juleballet! Så onsdag kveld samlast festkledde
ungdomar til pizzafest og dans i gym-salen på skulen.
Føresette og lærarar ser til at alt går høveleg føre seg
(?). Dette er ein veldig kjekk tradisjon, tilliks med
Juleverkstaden, og markerer samstundes avslutninga på
haust-halvåret.
Det
har vore ekstra stor aktivitet i musikk-gruppa! Ein av
våre nye musikklærarar har fått med seg ein kollega frå
bandet han spelar i "Kobayashi", og me har snekra og
sydd etter akkompagnement av tunge gitarriff! Tøft! På
fredag, siste skuledagen, skal dei ulike gruppene som
har øvd under Juleverkstaden, ha framføring i gym-salen
for heile skulen. Dette var eit arrangement me starta
med i fjor. Det vart ein stor suksess, så me vonar og
trur det vil bli ein tradisjon siste skuledagen før jul!
Vil du sjå
fleire bilete frå Juleverkstaden?
Klikk her>>
Tekst
Pål Roseth, foto Elisabeth Grov og Pål Roseth
09.12.09
Prøve-prøvemunnleg! Måndag
14. desember skal elevane på 10.trinnet øva seg i
munnleg eksamen. Sjølv om det er 5 månader til det
verkeleg skal gå føre, er det viktig å bli vand med
denne spesielle situasjonen. Elevane fekk utdelt
oppgåvene fredag 11.12 og har jobba ein dag på skulen
med rettleiing frå faglærarane sine. Så skal dei nytta
helga til å førebu framføringa og lesa seg opp på emnet
dei har trekt. Dei har vore motiverte og jobba målretta
på skulen. Då står det att å sjå om dei hoppar over
juleshopping i helga og grev seg ned i fagstoff om
stortinget eller den franske revolusjonen i staden!
Vil du sjå fleire bilete frå førebuinga?
Klikk her>>
Tekst
Pål Roseth, foto Anne Sissel Mugaas.
09.12.09
Miljølærdom gjennom dataspel og bedriftsbesøk! Måndag
7.desember vitja 10.klassane ved Nysæter ungdomsskule
Aker Stord og fekk læra om CO2-fangst. Klimasaka har
hatt ei sentral rolle i naturfag for elevane på
10.steget dette skuleåret. Dei har m.a. arbeidd med
Klimamysteriet, som er eit tverrfagleg, nettbasert
dramatisk læringsunivers. Det er ei interaktiv
forteljing som engasjerer elevane globalt i høve til
miljø og klimautfrodringane. Måndag morgon sat alle
elevane og fleire lærarar i "skulestova" hos Aker Stord
og fekk informasjon om co2 fangst og gjenvinning av
stål. Lærar Knut Arve Nordfonn ved NUS kan fortelja at
elevane har jobba mykje med dei globale
klimautfordringane i haust. Etter nyttår er planen å dra
til Wartsila på Bømlo og studera eit banebrytande
teknologiprosjekt om brenselcelleteknologi. Nysæter
ungdomsskule samarbeider med IKT-avd. ved HSH og ITU,
som er eit nasjonalt nettverk som skal bidra til å
omdanna utdanningssystemet. Målet deira er m.a. at
elevar, studentar og lærarar skal verta personleg
brukarar av IKT
Tekst
og foto frå Bladet Sunnhordland
26.11.09
Tentamenstid!
"Kva skal
elevane ha med seg på tentamen? Kan dei ha med snop og
brus? Kan
dei ta med Red Bull?" Har du høyrt spørsmåla før?
Ikkje? Her er nokre tips, formaningar og "forbod"!
Mat. Elevane må eta frukost og ha med vanleg
niste (Ikkje kantine desse dagane!). Kan ha med litt
"hjerneføde" som liten sjokolade, druer, rosiner el.l. Drikke. Helst vatn eller juice. Ein 1/2 l liter
vanleg brus er ok. Red Bull og
andre drikker med høgt koffeininnhald er ikkje tillate!
Utstyr. Ha alltid med skrivesaker og utstyr som
passar, gradskive og linjal når det er trong for dette!
Lukke til med tentamen alle samen!
Tekst : Pål Roseth
26.11.09
Ingen sprøyte-angst! Det
var ikkje mykje redsel og angst å spora hos elevane på
Nysæter ungdomsskule torsdag, sjølv om det var rimeleg
tett mellom sprøytestikka! Dei aller fleste sette seg
roleg i stolen og følgde ordrane til helsesystrene
Monica Brekke Fosse og Margunn Stautland. Vaksineringa
var særs godt organisert, og før dagen var omme var om
lag 90 elevar vaksinerte. Siste rest får stikket i
morgon! Då reknar me med at både juletentamen og andre
førebuingar skal gå greit både her på huset og i heimane
til elevane våre!
Her får
Sverre vaksine mot Svineinfluensa av helsesyster Monica,
medan Jonas vert vaksinert av Margunn. Er litt usikker
på kvifor desse gutane er så nøgde.. om det er fordi dei
no skal holda seg friske eller om det er dei kjekke
sjukesystrene...
Tekst og foto: Pål Roseth
23.11.09
Vaksine mot svineinfluensa! Alle
elevane ved Nysæter ungdomsskule får tilbod om vaksine
mot svineinfluensa!
Torsdag 26. og fredag 27.november vil
alle elevar ved Nysæter ungdomsskule få tilbod om
vaksine mot svineinfluensa. Dei får med seg eit
info-skriv og eit skjema heim i dag. Dette må føresette
lesa og fylla ut om dei ynskjer deira born skal
vaksinera seg. Gjer vel å fyll ut skjema og send attende
med eleven innan torsdag 27.november!
18.11.09
Utdanningsval på 10.trinn. Prosjekt
utdanningsval på 10.trinn
På 10.trinn har me i ein del veker hatt
fokus på yrke og utdanningsval.Dette er viktig for
elevane på 10.trinn då dei snart er ferdige med
grunnskuleutdanninga si og om eit halvt år skal over i
vidaregåande skule.Elevane har i denne perioden fått
informasjon via rådgjevar, hospitert på vidaregåande
skule og vore ute i arbeidslivet i ei veke. I tilegg til
dette har dei arbeidd /sett seg ekstra grundig inn i eit
utdanningsprogram. Dette har skulle munna ut i ei
munnleg framføring og ein "stand" der dei skulle
presentera utdanningsprogrammet sitt både for lærarar,
foreldre og medelevar. Mykje godt arbeid vart
presentert, og under kan du sjå nokre bilete frå den
kvelden der foreldra fekk koma på besøk og sjå kva dei
hadde fått til. Det var utsillingar i fleire rom og eit
lotteri til inntekt for 10.klasse tur.
Vil du sjå fleire bilete frå
framsyninga,
klikk her>>
Tekst: Anne Sissel Mugaas, foto: Inger Flatebø
18.11.09
Skuleruta!
Det har vore ei viss forvirring kring skuleruta ved NUS.
Dette skuldast eit vedtak i Samarbeidsutvalet 16.02.09
der ein vart samde om å endra på skuleruta noko i høve
den som gjeld for dei andre skulane i kommunen. På møte
i Samarbeidsutvalet onsdag 16.11.09 vart det vedteke at
NUS likevel skal følgja den same skuleruta som dei andre
skulane i kommunen. Juleferie frå 18.desember og siste
skuledag før sommarferien vert 22.juni 2010.
Skuleruta finn du under "Informasjon" eller
klikk her>>
Referat møte i Samarbeidsutvalet finn du
her>>
Tekst: Pål Roseth
30.10.09
Svineinfluensa og kikhoste påvist på NUS.
Me har no
fått påvist 3 - 4 tilfelle av svineinfluensa på Nysæter
ungdomsskule. (Føresette har teke kontakt med skulen og
meldt om positive testar.) Likeeins er det oppdaga
fleire tilfelle av kikhoste. Dette er også ein smittsam
sjukdom. Me vil oppmoda føresette om å følgja nøye med
om borna får symptom på desse sjukdomane. Hold sjuke
born heime frå skulen!
30.10.09
Vel attende etter flotte opplevingar! Då
var me attende etter ei fantastisk veke i Hjørring. Me
har besøkt våre dandke og franske Comenius-venner og
opplevd eit land som er litt ulikt vårt eige på mange
vis. Det var dramatisk å gå langs vestkysten og vera
vitne til korleis havet og vinden sakte men sikkert "åt
opp" deler av landet! Vidare var me i vakre og idylliske
Skagen og sto ytterst på spissen der Nordsjøen og
Skagerak møtes! Her fekk me ogsp stifta nærare kjennskap
til "Skagen-malarane". Me kjem attende med fyldigare
rapport frå "studieturen" etter me har sortert bilde og
inntrykk!
Her ser de gjengen ytst på
Grenen, den nordligste tuppen av Danmark!
Her ser me deler av utstillinga elevane hadde laga og
teke med til Danmark.
P.s.: sjå peikar på denne sida for å lesa meir om Comenius-prosjektet!
Tekst og foto: Pål Roseth
30.10.09
Klar for Comenius
til Danmark!
I
samband med at Nysæter ungdomsskule er med i
internasjonalt samarbeid, skal 12 elevar frå 9.trinnet
og 4 lærarar på studietur til Hjørring i Danmark veke
43. Skulen vår har eit prosjekt samen med ein skule
utanfor Paris i Frankrike og altså ein skule frå
Hjørring i Danmark. Prosjektet har fått namnet Aqua
Viva. Det handlar om korleis me gjer oss nytte av vatnet
i vårt område, både sjøen og ferskvatnet. Elevar frå
Nysæter var i fjor i Frankrike. No i haust skal me då
til Danmark. Prosjektet vert avslutta i 17.mai-veka
neste år. Då kjem elevar og lærarar frå Frankrike og
Danmark på besøk til oss på Nysæter! Me satsar på
god-ver så me kan visa dei nasjonaldagsfeiringa og vårt
flotte nærområde frå si beste side! Men først: Danmark
neste!!
P.s.: sjå peikar på denne sida for å lesa meir om
Comenius-prosjektet!
Oppdrag for "Arrangør-vertane"!
Elevar
ved skulen vår har nett vore på kurs for å læra korleis
dei tek imot artistar og kunstnarar som kjem til skulen
med ulike tilskipingar. Dei har mange oppgåver og mykje
ansvar. Torsdag 15.kjem det ei teaterframsyning til
skulen. "Mirad", ei forteljing om ein gut frå Bosnia. I
dag har desse "arrangør-vertane" vore i sving med å
blenda gym-salen. (Ikkje noko enkel sak, då det einaste
dei hadde å hjelpa seg med var boss-sekker! Nokon som
kan sponsa med blendingsgardiner??)
Her ser de Stine, Lars, Jan
Arne og Roy Gunnar i aksjon med blending av gym-salen!
Tekst og foto: Pål Roseth
01.10.09
Info-heftet klart! Info-heftet
09-10 til Nysæter ungdomsskule er no klart! Det kjem
heim i "ranselen" til alle elevane like etter
haustferien. Her finn du viktig informasjon med m.a.
kontaktinformasjon til alle tilsette, om skulen sine
satsingsområde, organisasjonskart og mykje meir!
22.10.09
Norgespremiere på NUS!10.trinnet
ved Nysæter ungdomsskule er i desse dagar med i
noregspremieren på det nettbaserte spelet "The Climate
Mystery".
Dette er ei ny internasjonalsatsing som kombinerer dataspel med
naturfag og klimakunnskap. Klimamysteriet er særs
aktuelt denne hausten og følgjer oppkøyringa til FNs
klimatoppmøte i København.
Les meir om "Klimamysteriet" og satsinga på NUS
her>>
Foto: Per Egil Larsen
08.10.09
Uteskule og fjelltur!
Tysdag
15.september drog Nysæter ungdomsskule til fjels! Det
var meldt fint ver, noko som etterkvart har vore ei
heller sjelden
oppleving siste halve året. Ei gruppe gjekk kring
Dalskarsvatnet, med start og mål på Nysæter. Ei anna
gruppe tok buss til Rimbareid. Dette vart start og mål
for to turar: ein til Botnavatnet og ein til Kidno
(571 m.o.h.) Diverre vart det ikkje det veret som var
meldt, men det var heilt ok turver! Som tidlegare
skrive, har Nysæter ungdomsskule valgt å ha fokus m.a.
på fysisk aktivitet i skuledagen. Faste turdagar gjennom
året er noko av denne satsinga. En del av elevane våre
har framleis noko å læra når det gjeld klede og utstyur
for turar i fjell, skog og mark. (Joggesko,
dongeribukse, T-skjorte og nista i plastpose er ikkje
nett tilrådd utrusting!! Kan henda føresette har noko å
bidra med her??)
Klasse
10 A har kome godt i gang med sistt "fysiske år"! Ikkje
mange dagane etter at lærarane på NUS hadde kurs med
friluftsrådet, tok lærarane på 10.trinnet med seg
elevane på ein "halvdags-ekskursjon"! Me henta kanoane
(som er ei gåve frå Friluftsrådet Vest til
ungdomsskulane i Stord) og hadde base ved Storavatnet.
Lærarane formidla kunnskap og teknikkar som trengs for å
ferdast på vatnet i kano m.m. Det vart også laga mat på
bålet. M.a. prøvde dei ut skulen sin nyerverva "popkornmaskin"!
Sjå fleire bilete her>>
Tekst: Pål Roseth. Foto: Margrethe Lauksund og Pål
Roseth
08.10.09
Kurs med Friluftsrådet Vest! Måndag
7.september hadde lærarane på NUS kurs med Friluftsrådet
Vest. Dette er ein del i skulen si satsing på Fysisk
aktivitet i skulekvardagen. Knut Sørensen frå
friluftsrådet var instruktør og me fekk opplæring i m.a.
handtering og bruk (+ transport..) av kano, oppsetting
av lavvu, mat på bål, bruk av stormkjøken m.m.m Stord og
Fitjar kommunar har fått ein "Friluftspakke" frå
Friluftsrådet. Denne inneheld m.a. ei tralle med 8
kanoar, årar og flytevestar, ein 12-mans lavvu, bålpanne
med "trefot" (i aluminium..), steikeplate for bål, m.m.Me har tildlegare erfart at elevane set stor pris på
læring i friluft, og det er mykje ein kan gjera like
godt ute i naturen som i klasserommet. Nysæter
ungdomsskule ligg også særs godt til med tanke på å
nytta naturen i nærområdet. Me har kort avstand til både
fjell, vatn og elv! Her er det berre å koma i gang.
Skulen har også skaffa seg to permar med tilrettelagde
oppgåver for ute-undervisning der det er forslag til
opplegg i dei fleste faga!
Felles Fysisk Fostring!
Onsdag 09.09.09 kl.09.09 har Landslaget Fysisk Fostring
i skulen utfordra alle elevar i norsk skule til ei
felles økt med fysisk aktivitet! Alle elevane ved NUS
skal då gå ein rask tur til og frå Gruvetårnet på
Litlabø. Turen vert kombinert med ein
soslidaritetsaksjon til støtte for Redd Barna sitt
arbeid for barn i Søraust-Europa. Dei som vil støtta
Redd Barna sin aksjon, tek med kr.10 og gjev til
kontaktlæraren sin. 9. og 10.trinnet går kl.09.09,
8.trinnet går etter lunsj. Tekst
og foto: Pål Roseth
02.10.09
Felles foreldremøte 8.trinn I kveld er det
felles foreldremøte for føresette til elevar på
8.trinnet ved Nysæter ungdomsskule. Det vert samling på
musikkrommet der ein vil få helsa på alle lærarane på
8.trinnet, sosiallærar, rådgjevar, representant frå PPT
og rektor. Det vert noko generell informasjon i plenum
før ein følgjer kontaktlærarane til klassane sine rom.
Rolf Somonsen frå Frivilligsentralen vil vera til stades
og fortelja om arbeidet deira.
Vel møtt på Nysæter ungdomsskule,
musikkrommet,
onsdag 2.september kl.18.00
Tekst : Pål Roseth
12.08.09
Litt informasjon!
Svineinfluensa. Nysæter
ungdomsskule har informert alle elevane om sjukdomen som
er på veg og korleis me best kan besytta oss mot smitte.
Informasjon frå kommunelegen vert sendt heim til alle
føresette gjennom faldaren som kjem om litt. Det er
hengt opp informasjonsfaldar "Vanar som førebygger
influensa" i alle klasserom. Vidare er det tilgjenge for
håndvask i alle klasserom på skulen.
For meir info om Svineinfluensa, les
her>>
Nasjonale prøvar. 8.trinnet skal gjennomføra dei
nasjonale prøvane i rekning, engelsk lesing og norsk
lesing. Prøvane skal gjennomførast mellom 9.septemberog 16.oktober.
For at dei skal vera best mogeleg budde til desse, ligg
det no ute eksempeloppgåver på Udir sine sider. For å
sjå desse eksempeloppgåvene,
klikka her>>
Tekst : Pål Roseth
12.08.09 Då
var me igang! Endeleg
var elevane på plass på Nysæter ungdomsskule! Kl.08.30
samla me alle elevane i gym-salen. Her fekk dei møta
alle lærarane, både "gamle" og nytilsette. Etter
presentasjon og velkomstord, var det tid for Nysæter
Singers (lærarkoret). Det vart avsynging av "Forelska i
lærern´" med tilhøyrande dramatisering! I løpet av
første skuledagen hadde lærarane lagt opp til ulike
praktiske gjeremål. På 10.steget bygde dei rakettar
(Teknologi og design).
I
siste timen var det klart for utskyting og testing av
rakettane. Dei vart vurderte ut frå utsjånad og
"virkegrad"! Ein lærar vart plassert på taket av
gymsalen for å måla stigningshøgd (og plukka ned dei som
landa på taket), medan alle elevane på trinnet samla seg
kring utskytingsrampane på grusbanen. Dei beste
rakettane nådde over 20 metetr opp i lufta!
Kor vart det av denne??
Fleire
bilete frå første skuledagen finn du
her >>
Tekst og foto: Pål
Roseth
12.08.09
Klart for nytt skuleår!!
Her ser det gjengen som skal syta for godt fagleg og
sosialt miljø på NUS komande skuleår!!
Då var me klare for skuleåret 2009_10! Det vil seia, i
alle fall godt i gang med planlegginga. Onsdag 12.
august hadde me den første samlinga med "gamle" og nye
lærarar på Nysæter ungdomsskule. I samband med
overflytting til den nye ungdomsskulen i Nordbygda, vert
det store endringar i høve personalsamansetjinga frå i
vår. 8 nye lærarar er på plass + 3 nye assistentar! Det
har vore eit særs positivt møte med dei nye tilsette, og
me gler oss alle til å ta fatt på haustsemesteret!
Då var det å håpa at elevane er like motiverte!
Til alle elevar som skal ta til på Nysæter ungdomsskule
i haust:
Vel møtt på skulen måndag 17.august kl.08.30
Tekst og foto: Pål
Roseth
17.06.09
Avslutning 10.trinnet! Torsdag
18.juni kl.18.00 var det klart for avslutning for
elevane på 10.trinnet ved Nysæter ungdomsskule.
Føresette, elevar og lærarar på trinnet hadde laga til
ein fantastisk fest med det flottaste koldt-bord og eit
lokale pynta som til brudlaup! Då passa det fint at
elevane kom i fin-stasen! Det var fine
kulturinnslag både frå elevar og lærarar. Elevar
fortalde frå Berlin-turen dei hadde tidlegare i vår og
me fekk sjå bilete frå turen. Ein av fedrene som var med
som reiseleiar, kunne berre fortelja om fine opplevingar
og fantastisk flotte ungdomar å vera på tur med.
Tilstellinga vart avrunda med utdeling av vitnemål med
der til høyrande fotografering!
Takk til alle som har vore med å laga til og til elevane for ei fin
tid på NUS!
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst og foto: Pål
Roseth
19.06.09 Comenius Desse
elevane vart trekt ut til å få reisa til Danmark på
Comenius-besøk til hausten. I tillegg kjem det elevar frå
Frankrike og alle skal bu hjå vertsfamiliar. Prosjektet
heiter Aqua Viva og handlar om kystkulturen i desse tre
landa. I løpet av dette skuleåret har me samla inn lokale
historiar og legender frå eigen kultur, som me har sendt
frå oss. Me har motteke historiar og legender frå Danmark
og Frankrike òg, og desse har me illustrert. Målet er å få
samla desse i ei bok som skal verta ferdig til neste år.
19.06.09 Heldige
vinnarar av Mp4-spelar NUS
er med i FRI-programmet, som går ut på å skapa
haldningsskapande arbeid mot tobakksbruk hjå elevane. På
8.trinnet er det mange som har skrive kontrakt på at dei
skal halda seg røyk-og snusfrie. Og blant desse vart det
trekt ut ein vinnar frå kvar av 8.klassane.
tekst&foto: Kristine Vikanes
18.06.09
Fotballturnering Aktivitetsdagen
vart avslutta med fotballturnering. Innsatsen var stor, og
det var spennande kampar å følge med på. Og både jente- og
gutefinalen vart avgjort med straffekonkurranse, drama til
siste slutt!
18.06.09
Aktivitetsdag Tradisjonen
tru hadde me aktivitetsdag siste veka av skuleåret.
Torsdag var det stor aktivitet i Hustredalen. Vêret var
stort sett bra, bortsett frå nokre kraftige byger
innimellom.
17.06.09
Bocciaturnering På
slutten av dagen onsdag hadde 8.trinnet bocciaturnering.
Finalekampane gjekk i den nye banen som elevane har vore
med og snikra.
17.06.09
Skulefrukost Onsdag
starta me dagen med felles frukost for 8.trinnet. Maten
smakte godt og praten gjekk livleg rundt bordet. Resten av
dagen gjekk med til rydding, innlevering av bøker og
bocciaturnering.
12.06.09
Dugnad Elevane
på 8.trinnet var flinke og jobba dugnad fredag 12.juni.
Oppgåvene besto i alt frå å plukka boss, snekring, maling,
rydding og kosting.
05.06.09
Tøft band med elevar frå NUS! SCARY
FAIRY er eit nytt band sett samen av elevar frå
8.trinnet på Nysæter ungdomsskule. Dei har øvd samen på
Fritidsklubben og hadde offentleg opptreden på Arena
laurdag 30.mai! Me gler oss til å høyra meir av desse
flinke ungdomane i åra som kjem! Skulekonsert neste? Frå
venstre ser me: Erik J. Harkestad, Alexander V.
Svensen, Eirik Sætrevik og Elida Valvatna.
Dei
har allereie vore på sitt neste oppdrag, nemleg å spela
for dei nye 8.klassane som skal byrje på Stord
ungdomsskule. Dei brukte litt av skuledagen sin torsdag
morgon 4.juni, og spelte eit flott publikum i Vikahaugen
sportssenter
Fleire bilete frå arrangementet>>
01.06.09
Kakefest!
Den siste tida har
9.trinnet arbeida med eigenmeny og kakebaking i "Mat og
helse". I eigenmeny set elevane sjølv opp det dei skal
lage og finn oppskrifter. Resultatet serverte me som
koltbord. Alt smaka fortreffeleg!
Seinare pynta me
marsipankaker som me hadde laga sukkerbotn til. Alle
jobba kjempegodt og 9B fekk lærarar og rektor som
gjester på besøk.
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst og foto: Turid Tvedt Gjellestad
26.05.09
"Bli
kjent dag"
for gamle og nye 8.klassar
I dag fekk dei som skal ta
til i 8.klasse til hausten bli kjent med klassekameratar
og nokre av lærarane dei skal ha til hausten. Stemninga
plar vera ganske spent i byrjinga, samstundes som
skuldrene senker seg i løpet av dagen.
Det heile starta med felles
frukost i Samfunshuset, der
elevane frå dei tre barneskulane
Sagvåg, Tjødnalio og Litlabø, vart
delte i tre nye 8.klassar. Kvar
klasse fekk T-skjorte i same farge
slik at det var lett å finna dei
nye klassekameratane. Etter felles frukost var det
aktivitetar på grøntanlegget ved Storavatnet. Det heile
er sett i stand av SLT-koordinator Terje Eriksen og
VOKT-arbeidarane i Stord kommune. Me takkar for ei flott
tilskiping og eit viktig initiativ i samband med
overgang barneskule - ungdomsskule.
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst og foto: Kristine Vikanes og Pål Roseth
19.05.09
Undersøking "Unge og rus"
Ungdom sitt forhold
til rusmiddel. Stord kommune
har vedteke å gjennomføra ei undersøking om ungdom sitt
forholød til rusmiddel. Undersøkinga skjer i nært
samarbeid med
Stiftelsen Bergensklinikkene, som er ansvarlege for
handsaminga av innsamla data.
Denne undersøkinga vil gje eit godt grunnlag for det
rusførebyggjande arbeidet blant unge. Dei utvalde
ungdomsgruppene er elevar ved ungdomsskulane og den
vidaregåande skulen i Stord. Undersøkinga går føre
onsdag 20.mai 2009, i første time.
Elevane skal svara på eit anonymt spørjeskjema under ein
skuletime. Ingen av lærarane eller skuleadministrasjonen
vil få tilgang til svara. Det er heller ikkje mogeleg å
tilbakeføra opplysningar til enkeltelevar eller
enkeltklassar. Føresette er informert om undersøkinga
gjennom melding heim med elevane. Deltakinga i
undersøkinga er frivillig og ein vonar på størst mogeleg
oppslutnad. Resultata vil vera klare hausten 2009.
Info: Pål Roseth
06.05.09
Eksamen 2009! Då
var eksamen i gang ved ungdomsskulane i kommunen! Måndag
kl.09.00 fekk elevane fekk vita kva fag dei skulle opp
i. Som vanleg vart nokre hoppande glade medan andre såg
mindre lyst på utfallet... Men no er førebuingane i gang
for alvor. Nors er første faget ut. I dag er det
førebuing. Elevane har fått tilgang til
førebuingsmateriellet på nettet. Faglærarane går gjennom
stoffet og rettleiar kandidatane i arbeidet med stoffet.
Fredag 8.mai er det eksamen i norsk hovudmål, måndag
11.mai i norsk sidemål. Så følgjer matematikk onsdag 13.
og engelsk fredag 15.mai.
Du finn meir info om eksamen
her>>
Bilete frå førebuing norsk 10C
her>>
Tekst og foto: Pål Roseth
Info om eksamen frå
Udir finn du her>>
06.05.09
Opptur
2009 Den
Norske Turistforening arrangerte også i år Opptur for
8.klassane mange stader i landet. Nysæter ungdomsskule var
på tur med Stord og Fitjar turlag til Steingjelsheddo. På
grunn av vêret vart turen til Stovegolvet kutta ut i år.
Me vart henta med buss frå skulen og køyrt til
parkeringsplassen ved Fjellstova. I løpet av bussturen
både regna og hagla det, så me kledde godt på oss før me
gjekk ut. Men på sjølve turen var det opplett mest heile
tida, og det var vinden som gjorde temperaturen litt sur
då me nådde toppen. Elles var det mange blide, flinke og
spreke elevar me hadde med oss. Arrangørane gjorde ein
kjempegod jobb med organisering og gjennomføring, så me må
absolutt få skryta over arrangementet. Her
finn du meir informasjon om
Opptur Sjå
kva
lokalavisa
skriv om turen
Våre eigne bilete frå turen finn du
her>>
tekst&foto: Kristine
Vikanes
27.04.09
Fredag 24 april var
9.trinnet på tur til Dyviksåto via Hustredalen. Det var
perfekt turver og ungdomane var eksemplariske! Litt
fysisk aktivitet er berre positivt og gjev
(forhåpentlig) energi til flittig innsats på skulebenken
fram mot sommaren!
Torsdag 26.
mars fekk 8.trinnet visa fram kva dei har jobba med i
musikkprosjektet siste veka! Føresette og søsken fekk sjå
varierte innslag med sketsjar, dansar, opplesing,
gitarsolo, band som spela og
mange flinke elevar som song. Mange var nervøse før dei
skulle på scena, men kan vera nøgde no etterpå,
førestillinga var verkeleg noko å vera stolt av!
I pausen var det kafé, med sal av kaker og kaffi. Mange
nytta høve til å kjøpa seg ein matbit og å slå av ein
prat med dei andre som var til stades.
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst: Kristine Vikanes
Foto: Elisabeth Brandsdal Barane og Kristine Vikanes
23.03.09
Ein
stjerneklar konsert!
Måndag 23.mars fekk me besøk av musikarar i regi av
Rikskonsertane/Den kulturelle skulesekken. Programmet me
fekk høyra hadde tittelen "Ein stjerneklar konsert!".
Musikarane bak konserten har sjangerbakgrunn frå
folkemusikk og jazz. Dei fire musikarane var Kim Andre´
Rysstad på vokal, John Ole Morken; gitar og fiolin,
Siggurd Ulveseth; bass og "vår eigen" Ole Jacob Hystad
på saxofonar. Me fekk høyra gamle norske balladar og
folkesongar i spreke arrangement. Tema for musikken var
kjærleik! (ikkje så ulikt dagens balladar...).
Musikarane hadde ein framifrå måte å kommunisera med
publikummet sitt på, og elevane ved Nysæter let seg
ikkje be to gonger før dei heiv seg med i allsong og
"drama"! Det var tydeleg at denne konserten fall i smak
hos både elevar og lærarar, noko som enda med taktfast "dacapo"
då det heile var over. Takk for fin oppleving!
Onsdag 18.03 var
9.trinnet på skitur til Svandalen i Sauda. Som ein kan
sjå av bileta, var det ein svært fin dag med flott ver
og blide elevar som kosa seg i bakken. Nokre hadde
trening på ski og snøbrett frå før, medan andre hadde
bratt læringskurve! Me var glade for å reisa heim att
med alle i god behald etter aktive timar i bakkane!
05.03.09
Kommunal
rutineplakat ang fråvere i skulen. Det er utarbeidd
ein kommunal rutineplakat som omtalar korleis ein skal
handtera fråvere i skulen. Bakgrunn for arbeidet er at
Stord ungdomsskule opplevde auke i talet elevar som av
ulike årsaker hadde eit stort udokumentert fråvere. På
bakgrunn av dette vart det sendt ei oppmoding til eining
for Sosial og førebyggande tenester om å setje fokus på
dette, og klargjere korleis ein betre kan arbeide
tverrfagleg og samordna for denne elevgruppa.
Rutinar
som gjeld i alle skular:
- Foreldre bør gje skulen melding (telefon, mail, SMS)
om at eleven ikkje kjem på skulen i dag, og
skissere kor lenge eleven truleg vert borte .
- Det skal gjevast skriftleg melding når eleven er
attende.
- Alt fråvere (dagar, timar og deler av timar) skal
registrerast, og reagerast i høve til.
26.02.09
Suksess på
Open Dag! For
tredje året på rad skipa FAU ved Nysæter ungdomsskule
til Open Dag onsdag kveld. Ein hadde på førehand drive
aktiv marknadsføring og informert godt om tilbodet til
elevane på skulen. Det var difor veldig tilfresstillande
for alle som var med og skipa til denne kvelden, at det
kom så mykje folk! Her var stor aktivitet og mange blide
elevar, føresette og lærarar! Me var alle imponert over
mangfaldet i aktivitetar dei føresette hadde fått i
stand denne! Me er også sikre på at ei slik tilskiping
er særs verdifull med tanke på å skapa trivsel og
tilhøyr hjå elevar ved skulen vår! Tilskipinga kan no
kallast ein tradisjon, og me skal gjera vårt beste for å
utvikla tilbodet vidare!
Her gjeld det å vera stø på handa! Her får Svanhild ei
hjelpande hand frå Lisbeth..
Det var kø framom døra til
fysioterapeut Katrin Aase. Det var både elevar,
føresette og lærarar som fekk løyst opp stive nakkar og
ømme ryggar denne kvelden. Og Katrin sto på til siste
slutt! Me takkar for flott innsats!
Øystein gir Hans Inge ei hjelpande hand med saga. Her
skal me laga bordtennis-bord som skal stå ute! Monica og
Gisle følgjer med og ser til at arbeidet føre seg i
samsvar med arbeidsteikningane (..som var ei skisse inne
i loket av ei pappøskje ....)
Studio på musikkrommet
Musikkrommet vart gjort om til studio.
Her er eit opptak som vart laga av
Alexander: Gitarar
Odd Tore: Vox humana
Eirik: Trommer
(Bass: Ukjend håling frå Vikjo)
25.02.09
"Kva skal eg bli når eg vert stor?" Det
er tida for å søka vidaregåande skule for elevane på
10.trinn. I desse dagar har skulen vitjing frå ulike
opplærings og utdanningsinstitusjonar. Me har også
yrkesutøvarar frå ulike bransjar på besøk. Det er ikkje
lett å velja blant alle tilboda, og rådgjevar Merete har
"eit svare strev" med å rettleia og gje råd etter beste
evne.. (Minner om at det er ELEVANE som skal søka..)
I dag har journalist Lars Meland vore her og
fortald om media og kommunikasjon, om kva utdanning og
skuletilbod som finnes for dei som ynskjer å ta ei
utdanning innan dette faget. Lars har brei erfaring frå
ulike media som avis og radio m.m.
Vesle speil på
veggen der ............
På "vandring" gjennom mediateket, finn me no ei
utstilling frå kunst & handverk på 10.trinnet. Oppgåva
var "Lille spegel på veggen der!" Her er mange kreative
løysingar!
Elevundersøkinga er ein del
av Utdanningsdirektoratet sine Brukarundersøkingar. I
løpet av våren 2009 skal alle elevane ved NUS
gjennomføra Elevundersøkinga. Dette er ei nettbasert
undeersøking med fokus på å kartleggja trivsel,
motivasjon, læringsutbyte, arbeidsmiljø og
elevmedverknad.
Vil du vita meir om Brukarundersøkingane, kan du lesa
her
>>
Info: Pål Roseth
23.02.09
Hugs "Open Dag" komande onsdag!
Komande
onsdag inviterer FAU i samarbeid med NUS til Open Dag på
skulen frå kl.1800 til 21.00. Dette er ein
aktivitetskveld der elevane våre kan
velja mellom ei rad ulike aktivitetar. Det vert ope
basseng, ballaktivitetar i gym-salen, scrapbooking,
gitarkurs, førstehjelpskurs, sløyd, musikkverkstad med
ikt, norske baketradisjonar, hudpleie og kosmetikk, rygg
og nakkemassasje m.m. Me vonar elevane set av denne
kvelden og gjer seg nytte av tilbodet. For berre kr.20.-
får ein fritt tilgjenge til alle aktivitetane. Så kan
ein gå i kafeen og slappa av inni mellom!
12.02.09
NUS til
fjells! Torsdag
12 februar drog heile Nysæter ungdomsskule til fjells!
Me tok buss til Fjellstova og derifrå kunnen ein velja
mellom fleire turar og aktivitetar. Det vart tur til
Steinen, Heio og nokre rundar
i Lysløypa. Me held "base" ved Lundarstølen, der det
vart aka, spidda pølser og nokre rundar i lysløypa.
Nokre drog akebrettet heilt til Kattnakken for å få
skikkeleg aketur ned att! Kring Lundarstøl var det stor
aktivitet og mykje folk. (Om lag 100 elevar frå
Tjødnalio var der samstundes med oss!) Det var kjekt å
oppleva ungdomane våre i fri dressur og med framifrå
innsats og høg intensistet! Her vart "Fysisk aktivitet"
verkeleg gjennomført i praksis!!
Kjekt med blide og nøgde ungdomar og vaksne! Me ser fram
til neste gong!
Nøgde
elevar og lærarar nyt "sjevo" og appelsin ved Steinen. Sjølv
om ikkje sola skein frå blå himmel, var det fint føre og
flotte tilhøve i fjellet. Elles var det nok fleire som
nytta akebrettet enn ski denne dagen! Oppgåve for alle
føresette: det var dette med "Nordmenn og ski på
beina..."
Fleire bilete >>
Tekst: Pål Roseth, foto: Gisle Hjelmen og Pål Roseth
10.02.09
Ski-dag
for alle! Torsdag
12 februar dreg heile Nysæter ungdomsskule til fjells!
Me tek buss til Fjellstova og derifrå kan ein velja
mellom fleire turar og aktivitetar. Det vert tur til
Steinen, Heio eller nokre rundar
i Lysløypa. Me held "base" ved Lundarstølen, der det
vert høve til å aka, spidda pølser og nyta vinteren i
Storafjellet! Så finn fram ski, akebrett, termos og
varme klede!
For dei elevane som av ulike årsaker ikkje ynskjer å dra
til fjells, vert det tilbod om vanleg skule på Nysæter.
Elevane møter på skulen til vanleg tid. Det vert "vanleg
skule" dei to første timane.
Turen kostar kr.50.- Betal til kontaktlæraren din.
Info: Pål
Roseth
11.02.09
Aktivitetar i snøen 8.trinnet
nytta det fine vintervêret til å vera ute dei tre siste
timane onsdag. Turen gjekk til Sætrabakken, her var stor aktivitet med mykje latter og
frydefulle hyl. Både ski, kjelke, akebrett og snowboard
vart nytta.
Sola varma, men me var nøydt til
å bevega oss for å halda varmen. Nokre kasta jakka for dei
var for varme, andre sat framfor peisen og varma seg for
dei fraus.
Fleire
bilete>>
Tekst og foto:
Kristine Vikanes
03.02.09
Open Dag!
Onsdag 25.februar, frå
kl.18.00 - 21.00, skal FAU i samarbeid med NUS skipa til
Open Dag for alle elevane ved skulen. Dette er tredje
gongen FAU skipar til dette arrangementet. Målsettinga
er å skapa felles positive opplevingar for elevane på
tvers av klassestega og auka elevane si kjensle av "å
høyra til" på Nysæter. Føresette gjer eit framifrå
arbeid med denne tilskipinga. I år vil me freista å få
til eit samarbeid med lag og organisasjonar i bygda,
slik at elevane får "fri" til å ta del denne kvelden.
Blant tilboda kan me nemna trampett og ballturneringar i
gym.salen, bassengaktivitetar, scrapbooking, massasje,
hud- og hårpleie, førstehjelp, nybyrjaropplæring gitar,
Musikk og IKT, kafe´med meir..
Hugs å setja av kvelden! Dette vert garantert kjekke
opplevingar for alle!
Her kan du sjå bilete frå sist me hadde Open Dag!
>>>
Info: Pål
Roseth
30.01.2009
Flott skeisedag! Skeisedag
ligg som fast aktivitet på 8.trinn, og dette året var me
svært heldige med den. Nydeleg vær med sol og kaldt vêr
gjorde dagen perfekt. Dei fleste var aktive mest heile
tida medan me var der, og det var mange smil og raude kinn
å sjå. Nokre av elevane var imponerande flinke på isen,
medan andre var litt skjelven i knea til å byrje med, men
så vart dei trygge etterkvart. Litt hockey, kappløp, og
leikar var blant aktivitetane.
Tusen
takk til alle føresette som var med å frakta elevane inn
denne dagen!
Helsing lærarane på 8.trinn!
27.01.2009
Fotballturnering! I
midttimen kan elevane på NUS velja mellom ulike
aktivitetar; bordtennis, volleyball, Gitarhero, Singstar,
utlike brettspel m.m.m I den siste tida har
VOKT-arbeidarane i samarbeid med den engasjerte lærar og
Bran-patriot Gisle Hjelmen, skipa til turnering i
fotballspel! (Som Gisle fekk kjøpt på salg!!..spelet,
altså..) Det syner seg at ein treng litt andre dugleikar
i dette spelet enn ute på fotballbanen! Det er difor
ikkje reint få "staute karar" som har måtta sjå seg
slått av meir finslepen teknikk og taktikk frå jentene
på skulen! Uansett er det tydeleg at aktiviteten er
populær og fengjer elevar og lærarar!
Godt
lagspel er vegen til siger! God koordinasjon og utstrakt
multitasking-kompetanse gjev jentene eit forsprang! (Som
i Audi-reklamen: "forspranget ligger i teknikken!")
Elevane set
pris på tilbodet i midttimen, og ynskjer fleire
turneringar fram etter våren!
Me lovar å
gjera vårt beste!
Tekst og
foto: Pål Roseth
16.01.2009
Skuleruta
2009/10
Skuleruta
for komande skuleår er no ute på høyring. I
høyringsutkastet er det skulestart for elevane måndag
17.august og siste dag før ferien i 2010 er føreslått
til tysdag 22.juni.
Sjå utkast til skuleruta 09/10
her>>
Info:
Pål Roseth
14.01.2009
Utstilling
om Per Spook Denne
veka får alle elevane høve til å sjå utstillinga "Per
Spook- Norsk motedesignar i Paris".
"Etter den populære
utstillinga "Per Spook. Norsk motedesigner i Paris" som
vart vist i Nasjonalmuseet i 2006, er det utvikla ei
vandreutstilling til skular. klasserommet blir omgjort og
gjenskapt til eit motestudio i Per Spooks ånd. Elevane
jobbar i workshop med klede på modellar. Motestudioet får
også plass til ein liten catwalk". Kjelde:
Nasjonalmuseet sine sider
Me fekk fyrst presentert eit utdrag frå arbeida til Per
Spook, for deretter å få prøva oss som designarar sjølve.
Til slutt vart resultatet presentert og det var mange
spennande forslag. Nokre av dei finn du
her>>
Tekst og foto: Kristine Vikanes
08.01.2009
Post frå
Frankrike! Då
me kom attende frå ferie låg det brev og venta på oss.
Mange elevar på 8.trinnet har no fått brev frå elevar i
Frankrike. Og fleire skal få ganske snart. Både
vennskapsskulen vår i Douvres-la-Delivrande, Frankrike og
Hjørring, Danmark har sagt at det er fleire brev
undervegs. Men dette forpliktar òg, no er det vår tur å
skriva brev.
Dette er ein del av Comeniusprosjektet vårt
"Aqua Viva"
Tekst og foto: Kristine Vikanes
18.12.2008
Endeleg JULEFERIE! Så
var endeleg siste skuledagen før ein etterlengta
skuleferie her! Elevar og lærarar skal no ta seg ein vel
fortent pust i bakken. Tradisjonen tru er siste skuledag
ein litt "annleis" dag for elevar og lærarar. Då brukar
me å ha samling i klassane frå morgonen, gjerne med
felles frukost, litt gotteri og lett underhaldning.
Etter det er det avslutning i kyrkja. I år ville me
freista noko nytt, noko som kunne gje oss anna "føde"
enn julabrus og snop! Me samla heile skulen i Gymsalen
og sydde samen eit program der elevane fekk vist for
kvar andre kva dei hadde jobba med dette halvåret +
"løynde talent"!
Sjølvsagt finnes det løynde talent blant lærarane og!
Denne nette dansetruppen; "Super Trooper", framførte eit
nummer der ein fekk sjå røyrsle etter musikk frå den
kjende populærmusikkgruppa ABBA frå Sverige.
18.12.2008
Juleverkstad! Onsdag og
torsdag har me hatt juleverkstad for heile skulen på nus.
Elevane har mange aktivitetar å velja mellom, alt frå
tradisjonell julepynt til skeising og bading. Eit val
har vore å laga film, og resultatet frå dette er mange
gode kortfilmar.
Rockeverkstad! Desse karane
hadde teke med seg gitarar og forsterkarar. Det var høgt
og tøft! Nokre av dei spelar samen i kjellaren heime,
men på Julerockeverkstaden samla dei seg og jamma
heftig! STILIG!! F.v: Ander, Morten, Mats, Morten og
Christian.
Fleire
bilete frå denne og andre aktivitetar finn du
her >>
Tekst og foto: Pål
Roseth
16.12.2008
Julefrukost No
er det siste veka før jul, og det er tid for å gjera
kjekke ting i lag. Tysdag starta 8.trinnet med å eta
frukost i lag. Alle tre klassane samla seg på to klasserom
med open dør i mellom. Med julemusikk i bakgrunnen, gode
venner og god mat var dette ein koseleg start på dagen.
12.12.2008
Stor
aktivitet på kjøkenet! I
veke 50 har 9.trinnet gjort ein kjempejobb med å vaska
skap og skuffer på kjøkkenet til Mat og Helse. Her har
vore god, gamaldags julevask der både komfyrar og
kjøleskåp har fått ein runde med såpe og klut. Flittige
og positive elevar har fått det tilårskomne kjøkenet til
å skina! Nokre elevar fekk ansvar for å koka julagraut.
Det smaka ekstra godt etter ei travel vaskeøkt!
Tekst & foto: Turid T. Gjellestad og Marit H
Pedersen
5.12.2008
Vert det
ferdig til jul? Det
er intens strikking i 8a og c for tida, dei strikker for
det meste pannebånd, men ei og anna lue eller pulsvarmar
vert det òg. Me prøver å bli ferdig før jul. Kanskje finn
me nokre av dei ferdige produkta under juletreet òg?
Det er koseleg stemning med småprating, strikking og
julemusikk i bakgrunnen.
1.12.2008
Me lager
julekort! 8.trinnet
lager julekort til sine venner i Frankrike og Danmark.
Kreativiteten og pågangsmotet var stort då elevane gjekk i
gong med kortlaginga. Og sjølv om oppskrifta var på
engelsk, skjøna dei korleis dei skulle gjera det. Me fekk
inn mange fine kort, men skal fortsetje litt til denne
veka for å bli ferdige med alle. Det vert spanande å sjå
kor mange kort me får i retur. Og om franskmenn og danskar
har andre tradisjonar på utforminga enn oss. Språket er
sjølvsagt engelsk og går inn som del av Comeniusprosjektet
vårt.
10.11.2008
8.trinnet
presenterer prosjektet "Kommunen vår" + Frankrike-turen! 8.trinnet
har nett hatt prosjekt om Stord kommune. Dei valte å
setja fokus på lokalmiljøet sitt. Onsdag kveld
presenterte dei resultatet av prosjektet på mediateket
her på NUS. Familie og vener var inviterte til omvising
og presentasjonar. I musikkrommet vart det vist film
m.a. frå Comenius-prosjektet som nett har vore på tur
til Frankrike. Dette prosjektet hadde også eigen stand i
mediateket. Det var imponerande å sjå kva elevane hadde
fått til! Det var både føresette lærarar og rektor heilt
samde om! Me vil dei næraste dagane leggja ut lenke til
fleire bilete frå denne fine kvelden! Eg vil takka alle elevar
og lærarar for framifrå arbeid og presentasjon!
Vil du sjå fleire bilete frå denne kvelden,
klikk her>>
Tekst &
foto: Pål Roseth
10.11.2008
Prosjekt "Utdanningsval"
på 10.trinnet. Dei
siste veken har elevane på 10.trinnet jobba med
Utdanningsval. Dei har hospitert på vidaregåande skular
i distriktet og hatt yrkespraksis i bedrifter i kommunen
og i nabokommunar. Dette faget er særs viktig for
elevane og skal hjelpa dei til å velja ei
utdanning som passar for den einskilde. Samstundes
ynskjer ein å redusera fråfallet i vidaregåande skule
grunna feil val! Dei er no i ferd med å avslutta
prosjektet og skal ha utstilling og presentasjon for
føresette onsdag 12.11. kl.17.30 til 20.00 på mediateket
her på NUS
31.10.2008
Flott hausttur til Dalskarsvatnet 8.trinnet
hadde ei flott avslutning på veka med tur i det fine
haustvêret. Fyrste time gjekk til RLE-prøve, etterpå gjekk
me på tur. Me starta frå skulen halv ti, gjekk over
Hustredalen og Rødkleiv, over til Dalskarsvatnet og kom
ned i Rutle. Der delte me oss i grupper. Nokre gjekk over
Hustredalen på veg til skulen, nokre gjekk langs
hovedvegen og heim.
Me ynskjer alle ei strålande
helg i dette flotte vêret!
27.10.2008
Tilbake frå Frankriketuren Me
har hatt ein flott tur til Frankrike. På bilete ser me
rektor som ynskjer oss velkomen den fyrste dagen.
Vertsfamiliar og elevar sit og ventar spent i hallen.
Fleire bilete og litt om
programmet for veka finn
du
her>>
15.10.2008
Aqua viva! Desse
glade elevane reiser til Frankrike på måndag 20.oktober og
kjem heim att fredag 24.oktober. Dei reiser i lag med fire
lærarar.
8.trinnet er med i eit Comenius-prosjekt som går over to
år. Landa som er med er Danmark, Frankrike og Norge.
I løpet av hausten har 8.trinnet arbeida med å skriva brev
om seg sjølv på engelsk, desse tek me med oss til
Frankrike og utvekslar brevvenner med Danmark og
Frankrike. Vidare brevveksling vert nok mest på e-post.
Vidare har me hatt prosjekt om kommunen vår dei siste
vekene, resultatet av dette arbeidet skal me visa for
kvarandre på fredag, og ein del av dette arbeidet viser me
på turen òg. Mange av elevane har på eige initiativ omsett
arbeidet sitt til engelsk.
For å vera med på turen har elevane skrive søknad, og
blant innkomne søkjarar vart
desse trekt ut. Dei skal bu hjå vertsfamiliar i Frankrike,
så dei får gode høve til å bli kjent med dei franske ungdomane. Både elevar og
lærarar gleder seg mykje og er svært spente på turen.
Det kjem meir informasjon om turen når me kjem att!
Hausten
for eitthundre år sidan vart to av landets fremste
kunstnarar fødde. Begge var hardingar og utvikla ei sterk
tilknytning til kulturen og naturen i heimdistriktet. På
same tid var begge opptekne av internasjonale tankar,
haldningar og uttrykk. Det er to heilt spesielle
kunstnarkarrierar og livssoger vi her har med å gjera.
Me fekk ta del i jubileumsprogrammet som hyllar desse
store kunstnararane.
Geir Botnen - piano
Reidun Horvei - song
Einar Mjølsnes - hardingfele og gambe
Tekst & Foto: Kristine
Vikanes
08.10.2008
Kommunen vår
er tittelen
på prosjektet som 8.trinnet jobbar med for tida. Elevane
er delt inn i ulike grupper og jobbar med ulike emner
innanfor kva me finn i vår kommune. Både historie og nyare
tid er med. På bilete ser me elevar som finn ut litt om
kva som skjer på Aker Sollution Stord i dag.
Fleire bilete finn du
her>>
Ein liten film frå turen
finn du
her>>
29.09. 2008
8.trinnet på
museumsbesøk Me
vart invitert til Sunnhordland Museum for å få oppleva eit
undervisningsopplegg om Ole Olvik og Furuly helseheim. Bjørn Arve Lunde og dramapedagog Astrid
Elin Lønning stod for eit fantastisk opplegg og ein dag
med aktivitet og ettertanke!
På programmet var både skodespel og ped. drama,
forteljing, aktivitet og utprøving.
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst & Foto: Kristine Vikanes.
12.09. 2008
Uteskule for 8.trinn Fredag
12. september hadde me skuledagen ute dei 4 siste timane.
Elevane kunne velje blant ulike aktivitetar, alt frå
luftgeværskyting, fiske frå land og båt, og ulike
ballespel og konkurransar.
Fleire bilete finn du
her>>
Tekst: Kristine
Vikanes
Foto:Kristine Vikanes, Erling Abrahamsen, Marit H.
Pedersen
18.09. 2008
Elevrådet 2008-09 Nysæter
ungdomsskule har hatt det første møtet i elevrådet for
skuleåret 2008 - 09. Kari Anette Damås vart valt til
leiar, og Marthe Solberg Dahl vart nestleiar. På første
møtet drøfta dei m.a. opningstider og vareutvalet i
kantina, skulefruktordninga, tilrettelegging av
uteområdet for auka aktivitet, tilbod i midttimen,
årboka og utføring av indretenesta. rektor ynskjer eit
aktivt elevråd og inviterer til medråd og medansvar for
betre skulekvardag på Nysæter!
10.09. 2008
Full fart på ny skule! Dei
nye 8.klassingane ser ut til å ha funne seg vel til
rette på Nysæter ungdomsskule. Det er kjekt å sjå
korleis dei tilpassar seg nye klassesamansetjingar, nye
medelevar, nye lærarar, nye arbeidsformer, reglar og
retningslinjer. Steget frå barneskulen til ungdomsskulen
er alltid ei utfordring. Me prøver heile tida å gjera
overgangen betre og best mogeleg tilpassa elevane.
Elevane våre kjem frå tre ulike barneskular som ligg i
nærområdet. Om ikkje innhaldet i dei tre skulane er så
forskjellig, så er bygningar og fysiske rammer rimeleg
ulike. Dette ser ikkje ut til å påverka elevane
nemneverdig! Når ein spør dei seier dei alle at dei
trives! (Det må me gjera vårt beste for at skal vara
ved!) I oppstarten av skuleåret har me alltid felles
aktivitetar for heile trinnet, slik at alle skal bli
kjende med kvarandre. (Sjå lenkje til bilete frå turar!)
Forutan "Leseprosjektet" (biletet), har elevane starta
med gitaropplæring i musikkundervisninga.
Halve klassen har gitaropplæring medan den andre
halvparten jobbar med IKT-støtta musikkopplæring.
Elevane er positive og motiverte, noko som smittar på
oss lærarane! (Jfr gitarlæraren...)
Det vert ein del nye utfordringar for 8.klassingane,
m.a. skal dei no ha karakterar i alle fag. Nysæter skal
dette året ha fokus på elevvurdering, og vil m.a. jobba
med å involvera elevane i prosessen kring eiga
måloppnåing.
Me er veldig glade og nøgde med å ha dei nye elevane på
plass og ser fram til kjekke opplevingar samen i dei tre
åra dei skal vera her!
02.09. 2008 Ny "helsesøster" på NUS. Det
er tilsett ny "helsesøster" på Nysæter ungdomsskule frå
01.08.08. Ho heiter Margunn Stautland og tek over etter
Ingebjørg Grønsdal, som snart vert pensjonist! Ingebjørg
skal gå litt parallelt med Margunn den første tida. Den
nye helsesøstra har sin faste arbeidsstad på
helsestasjonen i Myro på Leirvik. Her jobbar ho m.a. med
born frå 0-6 år og "reisevaksine". (Om du skal ut i
verda og vil verna deg mot lumske sjukdomar!). Margunn
har fasttid på Nysæter ungdomsskule måndagar,
heile skuledagen. Om elevar ynskjer kontakt med
helsesøster utanom fasttida, kan dei nå ho på mobiltlf.:
957 26 644
Me nyttar samstundes høve til å takka Ingebjørg for lang
og trufast teneste som den høge beskyttar av helse og
velvære på Nysæter ungdomsskule!!
Tekst & foto: Pål Roseth
08.08. 2008
Endeleg skulestart!
Måndag 11.august startar
lærarane planlegginga av skuleåret 2008 -09! Det vil
seie, mykje vart gjort allereie før sommarferien, men no
skal dei siste detaljane på plass. Elevane vil stort
sett møta dei same lærarane og assistentane dei hadde i
vår. Nokre endringar er det: Merete Fjellheim tek til
som rådgjevar etter Vigdis Dahl. Anita Eriksen vert
sosiallærar. Trude Aamot har teke til som rektor på
Litlabø skule, og Anita Ulgenes har studiepermisjon.
Nokre nye vert også å treffa: Turid Tvedt Gjellestad
vert lærar på 8.steget og Ailinn Spissøy, Eli Rimmereide
Rørvik og Magnus Kongestøl tek til som assistentar.
Skuleruta.
Elevane møter på skulen onsdag 13.august kl.08.30 i
gym-salen. Det vert elles nokre endringar i skuleruta
for komande skuleår. Det vert planleggingsdagar med
elevfri torsdag 25. og fredag 26.september. Fredag
13.november vert det vanleg skule.
Me
ynskjer elevar og lærarar vel møtt til nytt skuleår på
Nysæter!
24.06. 2008
Avslutning 10.trinn! Torsdag
19.juni var det avslutning for 10.trinnet i
Samfunnshuset. Føresette hadde pynta til fest og laga
til eit fantastisk kaldtbord. Elevane hadde samen med
lærarane laga til eit kjekt program med musikk, film og
bilete som gav eit attersyn på dei tre åra elevane har
hatt på Nysæter ungdomsskule. Samen med vitnemålet fekk
alle elevane ein cd med film frå prosjektet "1994" og
bilete frå alle tre åra dei har vore på NUS. Det vart ei
høgtideleg og fin avslutning med fine talar og gåver,
god underhaldning og framifrå god mat! Takk til alle som
var med og gjorde denne kvelden til ei feststund for oss
alle!
Då står
det berre att å ynskja alle elevane på 10.trinnet ved
NUS våren 08 det aller beste for tida som kjem!
08.05. 2008
8A på
klassetur til Dåfjorden
Klasse
8A ved NUS er heldige! Foreldra i klassen har spandert
på dei hyttetur. Frå torsdag til fredag denne veka har
dei halde til på ein fantastisk fin hytteeigedom i
Dåfjord. Her har dei boltra seg i sommarvarmen. Torsdag
fekk dei også ei kunnskapstevling med oppgåver frå årets
pensum i alle skulefaga! Me vil senda ei stor takk til
Henry Damman og familien hans for at klassen fekk lov å
koma på hytta deira. Takk og til han og andre foreldre
som stilte opp med store og små bidrag for å realisera
turen!
08.05. 2008
10.snart
ferdige på NUS! Det
er no berre dagar att for 10.trinnet på NUS! Onsdag
4.juni kl.09.00 får dei vita kva dei kjem opp i til
munnleg eksamen. Og medan dei ventar, tek dei eit tak
for å holda idrettsanlegg og nærmiljø i ryddig og fin
stand! I lettskya ver med god arbeidstemperatur, tok dei
kost og rive fatt! Elevane på 10.trinnet har fått
standpunkt karakterane sine, så då må me fylla dagane
med nyttige og gagnlege gjeremål fram til siste eksamen.
Innimellom økter med repetisjon og teoretiske djupdykk,
kan det høva godt med litt praktisk arbeid!
08.05. 2008
Opptur 2008! Onsdag
7.mai arrangerte Stord/Fitjar turlag fjelltur for alle
8.klassingane på Stord. Dei vart henta på skulane kl.
08.30 og frakta til Fjellstova med buss. Derifrå bar det
til tops!
Det var lagt opp til to turar: ein til Steingjesheddo,
og ein til Stovegolvet. I eit praktfullt vårvêr opplevde
alle samen ein fantastisk dag i fjellet. Turlaget får
dei beste skussmål for eit flott tiltak og særs godt
gjennomført opplegg!
La oss
håpa dette vert tradisjon, slik det er vorte i Bergen..
17.04. 2008 Suksess for "1994!" Vel
blåst for 8.trinnet! Det vart ei storvegs framsyning i
Samfunnshuset torsdag kveld! Ein fullsett sal fekk eit
variert og godt regissert tilbakeblikk på året 1994! Her
var motar, glade og triste nyhende, musikk og ikkje
minst OL på Lillehammer! Elevane imponerte oss alle med
fin og naturleg framferd på scenen og flotte
musikkinnslag! Me må også få retta ei stor takk til
lærarane som har stått på "natt og dag" den siste tida!
Takk til dykk alle!
Då ser me fram til oppfølgjaren frå desse makalaust
flinke elevane og lærarane!
Vil du sjå fleire bilete frå framsyninga,
klikk her>>
Vil du sjå video frå framsyninga,
klikk
her>>
Vil du kjøpa heile videoen frå framsyninga,
kan du kjøpa han for kr 100.
Pengane går til klassekassane i 8. klasse.
Elevane kan tinga han på skulen.
Tekst og foto: Pål Roseth
16.04. 2008 1994! Prosjekt på 8.steget.
No
er øvingane til 8.trinnet sitt prosjekt inne i siste og
avgjerande fase! Det er stor aktivitet på heile huset
med førebuingar til framsyninga i morgon kveld.
8.trinnet ynskjer å fortelja om året dei vart fødde,
1994. Dette vil dei gjera gjennom musikk, forteljing,
bilete, dans og drama. Både elevane, lærarane og
føresette har jobba hardt for at framsyninga skal verta
ei minnerik oppleving! Hugs å setja av torsdag 17.april
(i morgon!!). Det heile startar kl.18.00 i Samfunnshuset
på Litlabø!
Vil du sjå fleire bilete frå
førebuingane,
Klikk
her>> Tekst og foto: Pål Roseth
11.04. 2008 Vår på NUS! No
er våren komen til Nysæter ungdomsskule! Vinterbleike
fjes myser mot vårsola og alle trekk ut av krokane for å
kjenna sola varmar. Det er også tid for andre
aktivitetar. (. steget held på med eit prosjekt dei har
kalla "1994". Det var det året dei vart fødd. Når dei no
grev og leitar i historia, finn ein mange interessante
hendingar dette året! M.a. vart OL på Lillehammer skipa
dette året!
Her
ser de Svanhild i eit kjend kostyme frå
opningsseremonien i Lysgårdsbakken på Lillehammer. Me
har fått låna denne hjå ei jente frå Kattatveit. Ho var
ein av vinnarane i ein teiknekonkurranse om kostymer til
Vettene som tok del i opningsseremonien! Det vert
spanande å sjå kva 8.trinnet presenterer når dei
inviterer til framsyning i Samfunnshuset torsdag
17.april kl.18.00 ! (Merk tida!
Me
har også hatt vitjing av Rikskonsertane. Heidi Marie Westerheim frå Øystese var på NUS onsdag 9.april. Ho
hadde m.a. med seg Roy Ole Førland frå Stord. Heidi
Marie er ein såkalle "Singer songwriter". Ho skriv
tekstar og melodiar sjølv, i ein moderne visetradisjon.
Ho har m.a. vunne ein prestisjetung konkurranse i
Tyskland for musikken sin. På NUS møtte dei eit særs
lydhørt publikum. Det er veldig kjekt å kunna skryta av
elevar som har så god konsertdisiplin! Det var også
tydeleg at elevane sette pris på det dei fekk høyra.
Vil du sjå fleire bilete,
klikk her>>
Tekst og foto: Pål Roseth
06.03. 2008 Open
skule på NUS! Tysdag
4.mars inviterte FAU til Open dag på NUS. Foreldra hadde
mønstra ei imponerande samling dyktige fagfolk til å gje
elevane eit stort mangfald av opplevingar. Dette var
like mykje ei "yrkesorientering" som rein underhaldning
for elevane! Her var fysioterapeut, frisør, mekanikarar,
fyrstehjelp, husflid og mat og helse for å nemna nokre.
I tillegg var det tilbod om idretsaktivitetar som
symjing og sumobryting samt ulike musikkaktivitetar. Ei
stor takk til FAU med leiar Ragnhild Fagerland og alle
føresette som var med og gjorde dette til ein flott
kveld!
Vil du sjå fleire bilete,
klikk her>>
Tekst og foto: Pål Roseth
28.februar 2008
FAU gjentek suksessen frå i fjor! Open
skule på NUS!
Tysdag
4.mars vil FAU ved Nysæter ungdomsskule skipa Open Skule
for andre gong. Då kan me sei det er vorte ein
tradisjon! Dei har sett samen eit variert og omfattande
tilbod der elevane kan velja mellom m.a. baking,
mekking, massasje, bassengaktiviteter, singstar, musikk
og ikt, gitarspeling, sumobryting, dansematte m.m.m
Aktivitetane vil gå føre på skulen mellom kl.18.00 og
21.00 denne tysdags kvelden. Dette vart særs godt
motteke då FAU skipa til den fyrste opne dagen i mars
2007. Me vonar det kjem enno fleire elevar denne gongen.
Det kostar berre 20 kroner å ta del i alle desse kjekke
aktivitetane. Takk til FAU for glimrande tiltak for å
skapa eit godt miljø på skulen!
Satsing på
fysisk fostring!
10.februar
2008
Fredag 8.februar var det planleggingsdag i skulane i
Stord kommune. Stord og Nysæter ungdomsskular har eit
samarbeid med HSH og kommunen om auka fysisk aktivitet i
skulekvardagen. Dette er også ei nasjonal og kommunal
satsing tufta på kunnskap om samanhengen mellom fysisk
aktivitet og læring. I samband med dette prosjektet
hadde ein invitert sjølvaste "landsfaderen" innan
tilrettelegging av uteområde for variert fysisk
utfalding: Asbjørn Flemmen. Han er no pensjonert
amanuensis frå Høgskulen i Volda der han i hovudsak har
jobba med idrettsfag. Flemmen heldt eit engasjerande
føredrag om emnet før alle lærarane tok del i ulike
fysiske aktivitetar. Dette skulle vera ei "inspirasjonsøkt"
som vonleg vil føra til høgare fysisk aktivitet også for
elevane i skulekvardagen! Klikk her >>for
fleire bilete! Tekst og foto:
Pål Roseth
10.trinnet
på vitjing til Aker Kvaerner!
05.februar
2008
Ein
kald tysdagsmorgon sto me og venta på bussen for å gå på
besøk til Aker Kværner Stord. Vel framme vart me teken
godt i mot, og fekk eigen guide som viste oss rundt. På
grunn av stor aktivitet på området for tida, vart me
frakta rundt i buss medan omvisaren fortalte og svara på
spørsmål undervegs. I kantina fekk me eit føredrag om
bedrifta medan me vart servert bollar og brus. Elevane
høyrte interessert på kva som vart fortalt, og det er
nok mange av dei som kan tenka seg å koma tilbake som
lærlingar. Takk til Aker Kværner Stord for eit fint
opplegg, dette var god reklame for bedrifta. Klikk her >>for
fleire bilete! Tekst og foto: Kristine Vikanes
Ordføraren
vitjar skulane!
01.februar
2008
Torsdag
31.januar hadde me vitjing av vår nye ordførar, Liv Kari
Eskeland og "avtroppande" kommunalsjef med ansvar for
oppvekst, Atle Bjørn Mæhle. Ordføraren har siste tida
vore rundt og helst på dei ulike einingane i kommunen,
og no var turen komen til skulane. Rektor og inspektør
informerte om skulen, frå elevtal og tilsette, til
satsingsområde og samarbeidspartar. Ordføraren synte
stor interesse for det som vart drøfta og var særskild
opptatt av skulane sitt samarbeid med næringslivet.
Dette er også eit nasjonalt satsingsområde, og skulen
kunne fortelja om det arbeidet som vart gjort og kva
kontaktnett ein har i vårt område. Det var eit hektisk
program for dei to gjestene våre, og me inviterte
attende til skulen ved eit seinare høve. Kan henda me
får ordføraren på vitjing att ved neste elevframsyning
eller FAU sin "Open skule" 5.mars? Invitasjon skal i
alle høve sendast!
Her ser de Liv Kari og
Atle Bjørn.
Miles Davis i midten..
Me
takkar for vitjinga!
Tekst og foto: Pål Roseth
10.trinnet til Bergen!
18.januar
2008
17.januar
var 10.trinnet på teatertur til Bergen. For å nytte tida
reiste me tidleg frå skulen, slik at me fekk tid til ein
tur på Vitensenteret og litt byvandring på eiga hand.
Det vart tid til mat, shopping, ein tur med fløybanen og
kinobesøk for enkelte. Vitensenteret stimulerte til
mykje prøving av ulike aktivitetar, alt frå sykling,
dans, klimaforskning, værmelding m.m.
Teateret byrja kl.20 og varte til 23.30. Det svarte til
forventningane og me lærarar kunne konstatera at me
hadde ein fantastisk kjekk gjeng med på tur.
Musikklina på besøk!
14.januar
2008
Det nærmar seg tida
for å gjera val for framtida for elevane på 10.trinnet!
Ulike studieretningar kjem på besøk for å presentera
sine tilbod for våre elevar. Sist ut var musikklina ved
Stord Vidaregåande skule.
3.klasse på musikklina ved
Stord vgs. hadde minikonsert for 10.trinnet ved nus
fredag 11.januar. Dei presenterte eit variert utval
musikk. Ei gruppe presenterte musikk frå pophistoria
dei siste 50 åra, ei gruppe hadde regn som tema og ei
gruppe fabulerte kring tema "krig og fred og sånt..". Det
heile vart avslutta med ein eigenprodusert låt med mykje trøkk. Stemninga var god under heile konserten.
Musikkstudentane klarte å engasjera elevane ved NUS.
Dette var god reklame for musikklina!!
Klikk her for å sjå
fleire bilete>>
Foto: Øyvind Skogseide og Kristine Vikanes,
Tekst: Kristine Vikanes
Godt Nytt År!
03.januar
2008
Vel møtt til
vårsemesteret på Nysæter ungdomsskule! Det var opplagde
og glade elevar og lærarar som møttes på første
skuledagen i det nye året! Sola har snudd, og me gler
oss over å gå lysare tider i møte. Samstundes ligg det
store oppgåver og utfordringar og ventar. Ikkje minst
for 10.trinnet som har innspurten etter
grunnskuleopplæringa framføre seg! Sjølv om me saknar
snø og skikkeleg vinter, vil me visa litt vårleg
stemning som 8.
trinn opplevde på ein koseleg tur til Fiskarelvo ein dag
i siste skuleveka før jul. Veret var høvande, og elevane
kosa seg med grilling og leik. Dei hadde det skikkeleg
kjekt. Då dei skulle heim, var det lærarane som måtte ta
initiativet til det. Elevane kunne godt tenkja seg å
vera lengre. Inge sure miner!
Foto: John Oddvar Løkling,
Tekst: John Oddvar Løkling og Pål Roseth
Juleverkstad 07!
20.desember 2007
Tradisjonen tru skipar
Nysæter ungdomsskule til Juleverkstad to av dei siste
skuledagane før jul. I år har elevane kunna velja mellom
aktivitetar som julepynt, akvarell, spel/hobby, sløyd,
turn, skeiser, klatring, bordtennis, symjing, kafe´m.m.
Aktiviteten og innsatsen til elevar og lærarar har vore
fantastisk! (Må også nytta høve til å takka Lars Mugaas
for innsats i Turnkassen!) Det er kjekt å sjå kva desse
ungdomane kan og meistrar også utanfor "klasserommet"!
Her på NUS har me mange talentfulle elevar innan dei
aller fleste aktivitetane! Ta deg tid til å sjå på
bileta! Dette får vera Julehelsinga frå alle oss på
Nysæter ungdomsskule!
God
jul til alle frå oss!!
Klikk her for å sjå
fleire bilete>>
På
Nysæter ungdomsskule er me no i gang med å laga ÅRBOKA
for skuleåret 2007-08! Dette var ei stor-hending sist
skuleår, og alle ser fram til at årets ÅRBOK kjem ut.
For dei som hugsar det, var det ein fotokonkurranse om
beste bilete til framsida av årboka.
Du vert med dette invitert til konkurranse om stiligaste
bilete som skal pryda framsida av ÅRBOKA 2007-08! Send
biletet til:
Oppdatert dieselrock på NUS!!
22.november 2007
Onsdag 21.november
hadde NUS vitjing av trioen Hayseed. Konserten var i
regi av Rikskonsertane. Elevane fekk høyra ei blanding
av drivande funk og riff-basert rock. Musikarane Morten
Fredheim-vokal, Terje Kjørlaug - gitar, Endre Hallre -
bass serverte musikk inspirert frå legendariske band og
artistar som Jimi Hendrix, Deep Purple, The Who, Van
Halen, Red Hot Chilli Peppers for å nemna nokre.
Stemninga var upåklageleg!!
Foto:Jonas Skaarhaug/Kristine Vikanes.
Tekst : Pål Roseth
Levande
musikk!
22.november 2007
På Nysæter har me starta opp med opplæring i gitarspel.
Det er John Oddvar Løkling som er primus motor og
"fagperson" i prosjektet. Han har von om å læra opp
nokre av oss andre vaksne på huset, slik at alle elevane
skal læra nokre grunnleggjande dugleikar innan gitarspel
i løpet av tida på Nysæter. Elevane er særs godt nøgde
med tilbodet og innsatsen i timane er framifrå!
Spreke jenter på Os-cup!
22.november 2007
Det
er ikkje alltid det å vinna som er det viktigaste! Det å
ta del og gjera sitt beste er like viktig! Desse friske
jentene tok turen til Os for å måla krefter på
handballbanen mot andre ungdomsskuleelevar frå
Hordaland. Det vart ikkje siger, men ei flott oppleving
og ein kjekk tur! Godt å ha med ein røynd
handballspelar! (..om nokon kjenner att den skjegg-pryda
kjekkasen på biletet??)
Programfag til val!
07.november 2007
Onsdag
7,november inviterte 10.trinnet til utstilling og
framsyning av det dei har jobba med innan Programfag til
val i haust. Elevane har vitja ulike vidaregåande
skular, for å få eit innblikk i kva dei ulike
studieretningane har å by på. Dei har også vore på ulike
arbeidsplassar og fått informasjon om kva som ventar dei
"der ute" om dei satsar på ei særskild utdanning. Eit av
måla med PTV er å redusera talet elevar som vel "feil"
studieretning på vidaregåande. Tala frå dei siste åra
syner at vel 20% av elevane på vidaregåande sluttar
eller skiftar studieretning det første året. Mykje på
grunn av at det dei byrja på synte seg å ikkje stemma
med dei forventningane dei hadde til studiet.
Utstillinga på skulen syner at dei no har gjort eit
grundig forarbeide som dei kan tufta vala sine på når
dei skal søka vidaregåande til våren ein gong...
For fleire bilete,
klikk her>>
Tekst & bilete: Pål Roseth
Halloweenparty! 01.november 2007
Onsdag 31.oktober
arrangerte klasse 10A Halloweenparty for alle elevane
ved NUS . Mange møtte fram og det var god stemning i
gymsalen denne kvelden. Det var frivilleg å kle seg ut,
men det var mange flotte kostymer å sjå, varulven vann
prisen for beste kostyme. Elevane hadde jobba intenst i
forkant for å få arrangementet i havn, og det er kjekt
når alt går bra. Dansegolvet var stort sett fullt,
diskolys og røykmaskin gjorde sitt for stemninga der. I
kafeen kunne ein få kjøpt både pizza, kakker, snop og
brus. Inntekta frå
kafèsal og inngangspengar skal gå til 10.klassetur.
Me vil retta ei stor takk til alle forledra som har vore
med og bidratt med innkjøp, baking og vakthold! Helsing
klasse 10A
Tekst & bilete: Pål Roseth
Kjekke dagar på NUS!
24.oktober 2007
"Vinden bles..
"Det er surt og vått..
"Peisen treng me no..
-
"Hausten er kald..
"Blada svever av garde..
"Mosen er sur når haren grev..
Jan Martin, 9A.
Tysdag og onsdag denne veka har NUS hatt vitjing av
forfattar Truls Horvei og musikar Roy Ole Førland. Dei
har hatt framsyning av konserten "Haikutronics" og sidan
verkstad med elevane på 9.steget. Her fekk elevane læra
om den japanske diktforma Haiku og laga eigne dikt samt
komponera musikk med elektroniske hjelpemidlar. Dei
avslutta det heile med mini-konsert for kvarandre på
musikkrommet. Det heile var eit tilbod frå "Den
kulturelle skulesekken" og var ei fin og positiv
oppleving for alle som tok del. Du kan sjå fleire bilete
frå elevane sin Workshop
her>>
Lino-trykk med 10A
Sjølv om me diverre har for lite timar til praktiske
oppgåver i skulekvardagen, er formingslærarane flinke
til å nytta dei høvene som finnes. 10.trinnet har siste
tida jobba med lino-trykk. Dei har først jobba med
perspektiv og landskapsbilete. Vidare må dei laga ein
"negativ", det vil seia eit utskore bilete i lenolium
som så skal nyttast som "trykk-plate". Som de ser her,
har dei fått godt tak på teknikken. Kanskje nokre
komande kunstnarar blant elevane våre?
Nytt FAU
og Elevråd ved NUS!
10.oktober 2007
Det nye FAU (foreldrene
sitt arbeidsutval) er no på plass på NUS. Likeeins har
elevrådet kome i gang med sitt arbeid. FAU skal møtast
og konstituera seg onsdag 17 oktober. Ein vil då gå
gjennom saker som ein har jobba med siste året, m.a.
tilstandsrapport skulebygget og arbeidet med å skapa
tilhøyr, positivt omdøme og godt læringsmiljø ved
skulen. Elevrådet har allereie kome i gang med sitt
arbeide og er m.a. i gang med ny
Årbok! Bilete av FAU og Elevrådet kjem så snart me får
knipsa dei!
Det nye FAU finn du
her >>>
Det nye Elevrådet finn du
her
>>
Tekst: Pål Roseth
Nytt barne
og ungdomsråd!
21.september 2007
Torsdag 20
september var elevråda frå Stord vidaregåande skule,
Stord ungdomsskule og Nysæter
ungdomsskule samla på Stord hotell til konferanse. Målet
var å stabla på beina eit aktivt og engasjert
Ungdomsråd. Sist ein freista å få etablert ungdomsråd i
kommunen, lukkast ein ikkje heilt med arbeidet. Her kan
du lesa frå eit engasjert møte der dei unge sto fram og
tok ansvar!
Kursdag
for lærarane!
17.september 2007 Måndag
17.september var det kursdag for alle lærarane ved
Nysæter og Stord ungdomsskular. Lærarane som underviser
i engelsk og matematikk var samla på Stord ungdomsskule,
medan norsk var samla på NUS. Tema for kursdagen var
"Bruk av IKT i basisfaga". Lærarane skal gjera seg kjend
med presentasjonsverkty og nettstader og øva seg i bruk
av desse. Elevar og lærarar nyttar læringsplattforma "fronter".
Her kan læraren leggja ut oppgåver og informasjon som
elevane kan nå også heimanfrå. Vidare kan elevane levera
inn oppgåver og heimearbeid på same nettstaden. Læraren
kan soleis retta og gje kommentar "på nettet" og med det
skapa ein god prosess i arbeidet. Eit anna
viktig
mål med dagen var å samla lærarane frå begge
ungdomsskulane i kommunen slik at dei kunne få "dela
kunnskap" med kvarandre! Dette var eit etterlengta
tiltak som vart verdsett høgt hjå alle deltakarane. No
skal ein jobba med oppgåver på dei to skulane utetter
hausten, før ein møtes til felles samling att i slutten
av oktober. Sjølve prosjektet held fram til februar 08.
Tekst og foto: Pål Roseth
Ny eksamen
i norsk.
13.september 2007
Eksamensordninga i norsk i
grunnskulen vert endra ved innføringa av Kunnskapsløftet
frå våren 2008.
Til no har elevane som har blitt trekte ut til eksamen i
norsk hatt to eksamensdagar. Den eine dagen har dei
skrive på hovudmålet sitt, medan den andre dagen har dei
skrive sidemål. Dette vert no endra til ein felles
eksamensdag der elevane skal prøvas i begge målformene
same dag!
Info-hefte
07 - 08!
13.september 2007
Skulen sitt Info-hefte er
no sendt heim med alle elevane. Her
vil de finna informasjon
om skulen og tilsette,
e-postadresser, reglar
og retningsliner, informasjon om eksamen, søknadsskjema
for permisjon m.m. Info-heftet finn du og på denne heimesida.
(No i eit format det skal vera råd å opna!!)
Nasjonale prøvar. I haust skal me til med Nasjonale prøvar att.
8.trinnet skal ha prøvar i norsk lesing 29.09,
matematikk 25.09 og engelsk lesing i veke 38 - 39. Du kan lesa
alt om dei nasjonale prøvane her >>
Nasjonale prøvar
Bilete: Magne Kjellesvik,
(Red. Lars Bakka), Tekst: Pål Roseth,
Då var me
endeleg i gang!!
31.august 2007
Då var endeleg elevane på plass her på Nysæter
ungdomsskule! Det er alltid kjekt å treffa elevane att
etter sommarferien, og spesielt dei nye 8.klassane! Det
ser ut som dei finn seg vel til rette her, og 9. og
10.klassane har teke vel imot dei. Dei første vekene har
dei fleste elevane vor med på ulike aktivitetar for å
styrka samhaldet mellom elevane. Fleire klassar har vore
på tur til fjells, noko som ser ut til å ha vore ei særs
positiv oppleving!
Info
heim.
Skulen sitt Info-hefte er
straks klart til å sendast heim med alle elevane. Her
vil de finna informasjon om skulen og tilsette, reglar
og rettningsliner m.m.m de vil også finna
Info-heftet på denne heimesida. Her vil me leggja ut
informasjon om aktivitetar i klassane, nyhende, viktig
info om utviklingsarbeid og mykje meir. (Legg skulen si
heimeside inn under "Favorittar" på startsida di!!) Her er 3 gode
representantar for 10.trinnet vårt!!
Nasjonale prøvar. I haust skal me til med Nasjonale prøvar att.
8.trinnet skal ha prøvar i norsk og engelsk. Du kan lesa
alt om dei nasjonale prøvane her >>
Nasjonale prøvar
Vil
du sjå fleire bilete frå elevane sine turar, klikk
Her>>
Tekst Pål Roseth, foto:
Kristine Vikanes og Gisle Hjelmen
Snart
skulestart!!
13.august 2007Du som er elev skal møta måndag
20.august kl.08.30
Lærarar og assistentar møter torsdag 16.august kl.08.00
Det
nærmar seg skulestart og mykje skal vera på plass til
elevar og lærarar kjem attende etter sommarferien. I
sommar har to tidlegare elevar, Anders og Kristoffer,
malt nokre klasserom på skulen. Dei har gjort framifrå
arbeid! Drift og vedlikehaldsavdelinga har også gjort
førefallande arbeid med bygningane slik at elevar og
tilsette vil møta trivelege omgivnader når dei kjem
attende etter ferien. Me ser fram til at alle er på
plass og håpar på ein fin og triveleg haust på Nysæter
ungdomsskule. Dette vert første skuleåret der alle skal
følgja ny læreplan! Me ynskjer nye og "gamle" elevar og
lærarar vel møtt til nytt skuleår!!
Tekst og foto. Pål Roseth
Endeleg
sommarferie!!
22.juni 2007
Dei
siste skuledagane i året er ikkje alltid lett å fylla
med vettig innhald. I år har me nytta det fine veret og
skipa til ulike aktivitetar ute. 19. og 20. juni var 8.
og 9.steget mellom anna på ein flott tur til fjells. Dei
gjekk opp Stordalen og til Mennene. Herfrå kan ein nyta
den fine utsikta over Sunnhordland og den vakre Sagvågen
- "heimabasen" vår.Noko
av det som imponerte aller mest, var at nokre elevar
gjekk turen i "SLIPPERS"!! Det er nærast for
ekstremsport å rekna!
Siste skuledagen er det tradisjon for "kose-time",
der elevane har med snop og brus. Elevar og lærarar på
Nysæter fann ut at ein god felles-frukost var eit betre
alternativ! Dei dekka til flott frukost i mediateket og
hadde ei flott og "sunn" avslutningsstund samen!
No er det stille på
skulen, opprydding og planar for komande skuleår skal på
plass. Me vil prøva å få malt og stelt litt i løpet av
sommaren, slik at elevane møter trivelege klasserom når
dei er attende 20.august. Men det er leeeenge til!
God sommar!
Foto: Kristine
Vikanes. Tekst: Pål Roseth
Aktivitetsdagen for 8. og
9.trinn vart gjennomført 19.juni i Hustredalen. Været var
strålande og gjorde at dagen vart særs vellukka. Klassane
vart losa gjennom 6 ulike friidrettsaktivitetar, og
innsatsen var stor etter å setja nye rekordar. Rekordane
vil verta opplyst om seinare. I matpausen var det høve til
å grilla. Siste del av dagen var sett av til
fotballturnering. Her vart det 9A som gjekk av med sigeren
både i jente- og guteturneringa.
Fredag
15.juni hadde 10.trinnet aktivitetsdag. Nokre var på
sykkeltur til Skogbu på Bømlo, medan andre nytta det
fine veret til å utforska Storavatnet frå kano. Kommunen
har kjøpt inn ei tralle med 8 - 10 kanoar. Desse gjev
elevane høve til fantastiske naturopplevingar i
nærmiljøet. Og me er jo så heldige å ha naturperler på
rekke å rad rett utom klasserommet! Det var ein særs
nøgd gjeng som kom attende etter ein dag med utforsking
og opplevingsreis kring øyane i Storavatnet.
Onsdag
13.juni var alle elevane på 10.steget oppe til munnleg
eksamen. Dei fekk oppgåvene utdelt måndag morgon
kl.09.00 og hadde då 48 timar til førebuing. Elevane vel
om dei vil gå opp par-vis eller åleine. Dei kan nytta
ulike hjelpemedel og framføringsteknikkar. Det var kjekt
å sjå kor godt budde elevane var. Det var heller ikkje
noko å seie på kreativiteten....
Tradisjonen tru vart
det skipa til aktivitetsdag for ny 8.klassingar på
Nysæter. Årets 7.klassingar frå Tjødnalio, Sagvåg og
Litlabø skular møttes til frukost i Samfunnshuset. Der
fekk dei helsa på lærarane sine. Etter frukost var det
natursti og aktivitetar kring treningssenteret og
Storavatnet. SLT-Terje og voktarbeidarane sto for
tilskipinga. Dei retter stor takk til Aker Stord og
Leirvik MT for sponsing av tilskipinga!
Fleire bilete>>
Tekst &
foto: Pål Roseth
Utekonsert
6.juni 2007
Historisk
hending på Nysæter ungdomsskule i dag! Elevrådet tok
initiativet til konserten, der elevar frå fleire trinn tok
del. For å markera hendinga, var det gratis is til alle
frammøtte! Det høvde godt i det fine veret. Den lune
plassen bak mediateket var ei flott ramme for
arrangementet. Me vonar dette kan bli eit fast tiltak på
skulen vår.
Etter hektiske veker med stillesitting, tentamenar og
prøvar, var 9.trinnet klare for litt fysisk aktivitet. Dei
tre siste timane på fredag 25.mai gjekk turen via
Fiskarelva til Isdal. Vêret var med oss denne gongen og
sola kjendes varm, turen vart avslutta på Isdal. Fleire bilete>>
Tekst &
foto: Åshild Hinderaker
Eksamen på PC
Mai 2007
I år er første året eksamen
vert gjennomført digitalt. Det har vore ei stor utfordring
at alle elevane i 10. klasse kom opp i samme fag, norsk.
Det har gjort at rundt 70 PC-ar skulle brukast samtidig.
Men det har gått fint. Og elevane har vore svært nøgde med
opplegget.
Fleire bilete
frå eksamen>>