Arkivet:   2003/04  2004/05  2005/06  2006/07

Årsstega 10/11

 

Planverk

Handlingsplan
Tenesteomtale
Årsmeldingar
Årsplan
Sosial årsplan
ZERO
Handlingsplan rus
Læringsstilar
Brannvern-evakuering
 

Informasjon

Tilsette
Skuleruta
Ny timeplan 1-4kl
Skulestart
Klassekontakt
Trivselsreglar
Oppgåver for årsstega
Bilete frå skulen
Comenius

Hendingar

Samlingsstunder
Teater & konsertar
Grand Prix
Hafo-cup
Temaveker
17.mai
Studietur
Helsesøster

Referat

SU
FAU

Kontakt

Rommetveit skule
5414 Stord
Tlf   53 40 96 90
Fax 53 40 96 91

mail skulen:
rommetveit.skule@stord.kommune.no
mail til rektor:
marit.kjelby@stord.kommune.no

Web-ansvarleg:
Helge Hammersland
helge.hammersland@stord.kommune.no

 
17.mai komiteen

 

Ole Bull
Tysdag 4.mai hadde vi besøk av Rikskonsertane
>>Bilete



Tekst og foto: Helge Hammersland

Band on the run
Torsdag og fredag i veke 17 fekk 7.klasse vera med på "Bandrotasjon".
>>Bilete



Tekst og foto: Helge Hammersland

Mattedag
Torsdag 29.april hadde 1. og 2.klasse matematikkdag
Les meir>>



*Tekst og foto: Helge Hammersland

Tekniske problem
Webredaksjonen slit>>

Tekst  Helge Hammersland

Etterlysing
Har nokon sett lavvoen vår?>>

Tekst  Helge Hammersland

Hei, Balle Frost var her...
Rommetveit skule sin første, men truleg ikkje siste, musikal er avvikla.
Les meir>>

Tekst  Helge Hammersland

Kunst 7.klasse
Mykje fint og eksotisk på kunst og handverk i 7.klasse
Les meir>>

 

Tekst og bilete: Helge Hammersland

Grand Prix
Fredag 19.februar var det Grand Prix på Rommetveit.
Les meir>>

 

Tekst og bilete: Helge Hammersland

Mattedag
Onsdag 10.februar var det matematikk som stod i sentrum på Rommetveit.
meir>>

 

Tekst og bilete: Helge Hammersland

Skitur
5b nytta gymtimane godt i finveret. Sjå bilete>>

 

Tekst og bilete: Gerd Jensen

Nytt frå FAU
FAU har hatt møte og referat finn du her>>

Adventstund
Tirsdag 1.desember hadde 2.klasse advent
sstund. Det var stemningsfullt og vakkert. Les meir>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

Vil Vite på Hjul
Onsdag 11. november hadde Rommetveit skule besøk frå Vitensenteret i Bergen. Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

Samlingsstund
Fredag 23.oktober var det samlingsstund med 3.klasse Les meir her>>

Foto:Marit Kjelby/Tekst:Helge Hammersland

Englefjell

Onsdag 30.september hadde 1.-4.klasse besøk av forfattaren Roald Kallestad. Les meir her>>

Tekst/foto:Helge Hammersland

Nytt og nyttig for klassekontaktar
Her kan du lesa kva det vil seia å vera klassekontakt

Nytt elevråd
Tysdag 29. september vart det nye elevrådet ved Rommetveit presentert under samlingsstund i gymsalen. Alltid stor stas. Les meir her>>

Sykkeldag
5.klassane har lært om bruk av sykkel.Sjå fleire bilete og les meir her>>
 

Tekst og foto: Gerd Jensen

Og så var det på 'an igjen
Mandag 17.august var det oppstart med mange spente både vaksne og barn. Sjå fleire bilete og les meir her>>
 

Tekst og foto: Helge Hammersland

Velkomen til nytt
skuleår
Mandag er det oppstart etter sommarferien. Lærarar og administrasjon ynskjer velkommen og gler seg veldig.

Nytt frå FAU
FAU har også i år vore aktive, og her kan du lesa referat.

Avslutning med stil
7.klasse avslutta tida på Rommetveit med ei heidundrande avslutning i gymsalen. Les meir og sjå bilete>>

Foto:Marit Kjelby
Tekst:Helge Hammersland

Grillfest i knallvér
Den årlege grillfesten gjekk føre seg på Rommetveit torsdag 11.juni. Flott vér og god stemning
Les meir og sjå bilete>>

 

Tekst og foto:Helge Hammersland

Frå Latvia til Rommetveit
Lelde Burve Alksne frå Latvia skal bli kunstlærar og har vore i praksis i 7.klasse
Les meir og sjå bilete>>

 

Tekst og foto:Helge Hammersland

 
 

Fairytale på Cello
Onsdag 10.juni fekk 1.-4.klasse besøk av Jarle Kristoffersen frå kulturskulen.
Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto:Helge Hammersland

Besøk frå NAAF
7A og 7B fekk besøk av NAAF (Noregs astma- og allergiforening) på tysdag 09.06.09.
Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto:Marianne Sjursen                

 

Konsert med 8.klasse
Fredag 5.juni hadde Rommetveit skule besøk av 8F ved Stord ungdomsskule med sjølvlaga konsert. Spennande.
Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto:Helge Hammersland                

Besøk frå Sverige
Frå søndag 24.mai til torsdag 28.mai hadde 7.klasse besøk av to klassar frå Esløv i Sverige.
Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto:Marianne Sjursen                

Samlingsstund med 6.klasse

Fredag var det 6.klasse sin tur til å ha samlingsstund. Men først var det samling for foreldra
Fleire bilete>>

Foto:Yvonne Løvhaug                  

Bli kjent-dag
Torsdag og fredag i veke 20 kom dei nye 1.klassingane til Rommetveit for å bli kjende med skulen og lærarane bilete>>

Foto: Helge Hammerfsland                          

På lammetur med 1.klasse
1B har vore på tur til Fjellgardane for å sjå på lamma. Det vart ein fin tur. Sjå bilete>>

Foto: Marit Haukebø                            

Rikskonsert på walisisk
Torsdag 30.april hadde vi besøk av Rikskonsertane. Stor stemning og flott konsert.
Les meir>>

Tekst og foto: Helge Hammersland                            

"Eit magisk møte med lyset"
Fredag 24.april hadde 6.klasse Foto på programmet.Les meir og sjå
bilete>>

Tekst og foto: Trine Skår                             

Gøy med vår
Med våren kjem nye aktivitetar og godt h
umør
Sjå bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland                              

1-2-Tre - ned
Det gamle klatretreet har endeleg måtte "bita i grusen". Les meir og sjå bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland                              

Samlingsstund 5.klasse

Fredag før påske hadde 5.klasse samlingsstund. I fokus stod påske og fjellvettreglane. Les meir og sjå bilete her>>

Foto: Marit Kjelby

Nye trivselsreglar

Rommetveit skule har fått nye trivselsreglar. Sjekk dei ut via lenkja på denne sida.

Sjakk-turnering

Sjakkopplæringa ved Rommetveit har teke sommarferie, og resultatet frå turneringa finn du  her>>

 

Grand Prix

Det årlege Grand Prix vart avvikla på Rommetveit fredag 27.februar. Her var det mykje flotte og artige innslag å sjå. Fleire bilete her>>

Foto: Marit Kjelby

Les for livet

I veke 9 har det vore bokveke på Rommetveit, med tilhøyrande ballongslepp i gymsalen. Les meir her>>

Foto: Helge Hammersland

Papir,papir

6B har hatt besøk av komponist Knut Vaage. Saman framførde dei komposisjonen Papir i gymsalen 18.februar. Les meir her>>

Foto: Helge Hammersland

Skidag

Torsdag 11.februar var det skidag på Rommetveit. Det vart storkos i bakkane for både store og små. Bilete frå 3. og 4.klasse finn du her>>

Foto: Gerd Jensen

Nytt frå elevrådet

Onsdag 11.februar var det elevrådsmøte. Her kan du lesa om kva dei bestemte.

Skeisemeisterskap

Onsdag 4.februar gjekk den årlege skeisemeisterskapen i Sunnhordland av stabelen på Vikahaugane.  Her finn du bilete.

Foto:Ingvild Østensen

Vinterforestilling

Onsdag 21.januar hadde 1.klassane vinterforestilling for foreldre og søsken. Her finn du bilete.

Foto:Trygve Tveit

Nytt frå Elevrådet

Tysdag 20.januar hadde Elevrådet møte. Her finn du referatet.

 

Hei og godt nytt år alle på Rommetveit skule!

Me kosar oss veldig i varme Singapore! Tysdag 13. januar byrjar me på ISS, International School of Singapore. Det er me veldig spente på! Skal noko til at skulen er like kjekk som Rommetveit skule!

Gode klemmar frå Sofie, Anna og Svein

 

Tur i mulm og mørke

Før småfuglane hadde fått auge la 1.klasse til skogs saman med fadrane i 6.klasse. Spanande? Sjå bilete>>

Foto: Joar Eskeland

Sankta Lucia

Tradisjonen tru hadde 1.klassingane kledd seg ut og gjekk i Luci-tog. Stor stas då alle fekk besøk. Sjå bilete>>

Foto: Joar Eskeland

Fotballturneringa er i gong

Innefotballturneringa er i gang ved Rommetveit. Sjå bilete her>>

 

Tekst/foto:Helge Hammersland

Utedag med utanlandske studentar

Torsdag 20. november hadde 6A utedag med 5 utanlandske studentar. Les meir og sjå bilete her>>

Tekst/foto:Elisabeth Kvam

Bekkaktiv 6.klasse

Fredag 7.november hadde 6A utedag med utanlandske studentar frå HSH. Me fekk vera med å laga bru, flåte, båtar og vannhjul. Elevane var veldig engasjerte, og me kosa oss mykje. Her kan de sjå nokre bilete

Tekst/foto:Elisabeth Kvam

1.klasse møtte Rune  Belsvik på Giga

Mandag 3.november var 1a og 1b på Galleri Giga der dei fekk møta Rune Belsvik. Han las frå "Dustefjerten" til glede og entusiasme for store og små. Sjå bilete her>>

Bilete: Wenche Landa

Rakubrenning med 1.klasse

1. trinn har vore så heldige å få laga seg ein kopp i leire og brenna RAKU på HSH. Tusen takk til Veslemøy sin pappa Kjetil Sømoe. Sjå bilete her>>

Bilete: Mona Kvinnesland

Samlingsstund 3.klasse

Torsdag 23.oktober var det samlingsstund i gymsalen. 3.klasse stod for underhaldninga der SN-dagen 24. stod i fokus. Sjå bilete her>>

Bilete: Helge Hammersland

Heavykatten rir igjen

Onsdag 22.oktober hadde Rommetveit besøk av Roald Kaldestad og vener med Heavykatten. Stor suksess som i fjor. Sjå bilete her>>

Bilete: Helge Hammersland

6A på tur

Torsdag 16. oktober hadde 6A bli kjent dag ute. Me kosa oss med grilling og leikar. Veret var veldig vått, men det la ikkje ein dempar på humøret;-) Her kan du sjå bilder frå turen.

Elisabeth Kvam

Med 7.klasse til Avaldsnes

Måndag 1.september kunne vi – 7A og 7B - endeleg reisa til Vikinggarden på Avaldsnes! Les meir og sjå bilete her>>

Tekst/Foto:Kari Hege

Fjelltur

Onsdag 1.oktober var det fjelltur på Rommetveit. Her kan du sjå bilete frå 3.og 4.klasse

 

Foto:Gerd Jensen

STOR sjakkinteresse ved Rommetveit

Elevrådet ved Rommetveit har gått til innkjøp av Utesjakk-brikker. Fredag var det "offisiell opning"  bilete>>

Foto/tekst:Helge Hammersland

Politibesøk i 1.klasse

Fredag 19.september fekk 1.klasse besøk av politimann med bil, blålys og sirener. Sjå bilete>>

Foto:Helge Hammersland

Vitjing frå Comalapa

Mandag 15.09. hadde skulen vitjing av musikarar frå Comalapa. Sjå bilete>>

Tekst/foto: Gerd Jensen

Kulturell skulesekk

Onsdag 10.sep. hadde vi besøk frå "Den kulturelle skulesekken" med forestillinga "Sjå min eld". Bilete

På tur til SIM

Måndag 8.august var 4b ved Rommetveit på tur til SIM.her>> kan du sjå bilete frå besøket.

Nytt elevråd

Fredag 29.august var første elevrådsmøte i år. Det nye styret finn du her>>

På tur til sjøen

Onsdag var 7.klasse på tur til sjøen. Det var gøy.Fleire bilete>>

Foto: Kari Hege

..Ikkje rart at sola skin.

1.skuledag betyr samling i gymsalen, underhaldning av 6.klasse, tale av rektor og mykje forventning. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

Endeleg er ferien over

Onsdag 13.august er skulestart. Sjå detaljar her

Skuleavslutning

Fredag 20.juni var siste skuledag med samlingsstund i gymsalen. 7.klasse stod for underhaldninga.Sjå fleire bilete her

Foto: Helge Hammersland

Grillfest på Rommetveit

Den etter kvart så årvisse grillfesten vart avvikla på Rommetveit torsdag 12.juni. Sjå fleire bilete her

 

Foto: Helge Hammersland

Årsrapport frå elevrådet

Elevrådet har hatt mykje føre i året som gjekk. Her kan du lesa årsrapporten.

 

Idretts- og aktivitetsdag

Tysdag var det idretts- og aktivitetsdag ved Rommetveit. Spennande og morosame aktivitetar for både store og små. Fleire bilete>>

 

Foto: Helge Hammersland

Teknologi og design

Vi har hatt teknologi- og designveke på Rommetveit. Sjå bilete frå 1. og 2.klasse her

 

 

Foto: Anette Landa og Anne Berit Grutle

Idrettsdag

Tysdag 3.juni blir det idrettsdag på Rommetveit. Vi håpar på fint vér. Her kan du lesa om dei ulike aktivitetane.

 

 

På full fart til Vitensenteretg Onsdag 28.mai var 4.-7.klasse på tur til Vil Vite i Bergen. Der var det full rulle.

 Meir>>

Foto: Helge Hammersland

Fin innsats i Tinestafetten

1.og 2.plass til Rommetveit i Tinestafetten. Det står det respekt av. Meir>>

Foto: Helge Hammersland

Øving gjer meistar

Dagen før dagen er det viktig at alt er klart til 17.mai-feiringa. Her finn du bilete frå togøvinga.

Foto: Helge Hammersland

Snart 17.mai

Det er vår, snart 17.mai, fint vér og mange flotte motiv. Her finn du fleire bilete frå Rommetveit skule

Foto: Christopher 6a

Samlingsstund 6.klasse

Onsdag 30.april var det 6.klasse sin tur til å ha samlingsstund. Her kan du sjå bilete.

 

Foto: Ingvild Østensen

Fotballturnering 3.-4.klasse

No startar fotballturneringa for 3. og 4.klasse. Følg med , følg med

Kari Junge

Allò, alló

Kvar onsdag i midttimen  blir det kaker å få kjøpt. Inntekta går til eit godt føremål, seier kafevert Christopher (René)Meir

Tekst og foto:Helge Hammersland

Innkalling til elevråd 

Tysdag 29. april, klokka 1100 på lærarrommet, vert det elevrådsmøte.

Tema: Trivsel  Heile sakliksta

Finale            

Onsdag 16.april gjekk finalen i fotball for 1. og 2.klasse av stabelen. Meir>>

Tekst og foto:Helge Hammersland

Karneval           

Onsdag 2.april var det karnevalsstemning på Rommetveit. Elevar og lærarar i 1.-4.klasse dansa sambo og limbo til den store medalje. Og mange flotte kostyme...  bilete

Fotballturnering           

I neste veke startar vi opp med fotballturnering for dei minste. Kor tid og korleis finn du ut her

27.mars 2008

Første skuledagen min....

Det er alltid stor spenning knytta til første skuledag. Fredag 28.mars kom første pulje til Rommetveit der dei vart teken mot av rektor, lærarar og elevar i første klasse. Litt skremmande, men mest kjekt får vi tru.

Tekst: Helge Hammersland Foto:Sævarhagen barnehage

27.mars 2008

SKIDAG 

I siste liten, skal vi tru værmeldingane, vart skidagen avvikla ved Rommetveit. Medan dei største elevane drog til fjells, var 1.-4.klasse i bakkane rundt skulen. Alt tyder på at elevane storkoste seg. Meir>>

Tekst: Helge Hammersland Foto:Anne-Berit Grutle/Rune Ask

27.mars 2008

SFO 

Informasjon om Vedtekter, prisar, opningstider etc.for SFO ved Rommetveit skule finn du her

 

26.mars 2008

Karneval 

Elevrådet inviterer til karneval for 1.-4.klasse onsdag 2.april i gymsalen. Her er det berre å finna fram sprøe, søte, stygge eller fine ting og stilla opp. Ta gjerne med rytmeinstrument!

26.mars 2008

Endeleg vinter

Det tok sin tid, men endeleg kom vinteren.Og no som dei fleste hadde funne fram shortsen. Men når han no først er her - vinteren - skal vi i alle fall gjera nytte av han. Torsdag 27.mars vert det skidag for heile skulen. 1.-4.klasse tar med ski, akebrett eller andre glatte ting og brukar dagen i bakkane rundt skulen, medan 5.-7.klasse reiser til "fjells". Vi håpar på ein flott dag.

14.mars 2008

Samlingsstund med Grieg

Siste dag før påskeferien var det 5.klasse sin tur til å ha samlingsstund. Med tema Grieg klarte dei å skapa ein flott forestilling der vi blei kjende både med Grieg sitt liv og musikken hans. God hjelp hadde dei hatt av studentane, og ei fin forestilling vart det. Meir>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

12.mars 2008

Skuleruta for 2008-2009

Skuleruta for neste år er klar. Den kan du finna her Ver obs på endringar i høve til skuleruta for Stord kommune.

12.mars 2008

Storeslem for Rommetveit i Hafo-cup

Den årlege Hafo-cupen vart arrangert i helga, og Rommetveit vart sjølvsagt beste skule. Det var siger til 4. og 5.klasse gutar og 7.klasse jenter.

Fleire bilete >>

Tekst og foto: Helge Hammersland

10.mars 2008

Nytt frå elevrådet

Mandag 10. mars hadde elevrådet møte. Her kan du lesa heile referatet.

3.mars 2008

Ny timeplan for 1.-4.klasse

Frå hausten 2008 vil timetalet for 1.-4.klasse bli auka med tilsaman 5 timar. Dette vil gje seg fylgjande utslag på timeplanen for desse klassane.

Les meir>>

 

25.februar 2008

Tomlane opp!

Reine Hallelujastemningen var det i gymsalen på Rommetveit då Rikskonsertane var på vitjing mandag 25.februar. Ein særs spennande og inspirerande konsert av Per Jørgensen, Frank Jacobsen og Thomas Dahl. Stor applaus både til musikarar og publikum

Tekst og foto: Helge Hammersland

Fleire bilete her>>

 

15.februar 2008

Kunst i 4.klasse

Cecanne likte å måla fruktfat, og 4A og 4B er inspirert av han.

Fleire bilete her>>

Tekst og foto: Marit Haukebø

 

Maskespel i 7.klasse

Også 7.klasse driv med kunstnariske aktivitetar. Sjå berre på desse flotte maskene dei har laga.

Fleire bilete>>

Foto: Helga Marie Thu

15.februar 2008

Grand Prix 2008

Fredag 15.februar gjekk det årelege Grand Prix av stabelen med stor frammøte av elevar, lærarar og foreldre i gymsalen ved Rommetveit skule. Varierte og underhaldande innslag vitnar om stor kunstnarisk aktivitet blant elevane.

Fleire bilete her>>

Tekst:Helge Hammersland foto: Margunn Larsen

14.februar 2008

Lommelykttur for 1A

Foreldregruppa for sosiale aktivitetar i februar arrangerte torsdag kveld lommelykttur frå 1A. Turen gjekk til Breivikjo der det vert ei koseleg kveldsstund med grilling på bål. Fleire bilete her>>

Tekst og foto: Pappaen til Malene

28.januar 2008

Innebandy

To kjekke veker med turnering for 5.-7.klassetrinn er over. Dei som har tatt seg ein kikk i gymsalen har fått med seg skikkeleg stemning både på banen og blant publikum.

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Junge

28.januar 2008

Matematikkveka

Mykje spennande gjekk føre seg i veke 6 då vi hadde matematikkveke på Rommetveit. Sjå berre kva som skjedde rundt om i klassane

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Gerd Jensen og Ingvild Østensen

28.januar 2008

Samlingsstund med 1.klasse

Fredag 1.februar var det 1.klasse sin tur til å ha samlingsstund i gymsalen. Med song, talekor, spel og dans imponerte dei alle og både lærarar og elevar kan vera stolte av det dei hadde fått til.

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

28.januar 2008

Vitjing frå Spania

For tida har Rommetveit skule vitjing av to lærarar frå Spania. Dei er her i samband gjennomføringa av Comeniusprosjektet "Uteundervisning" som Rommetveit skule deltek i. Tidlegare i haust var lærarar frå Rommetveit på vitjing i Spania. meir

Profesores de España.

Isidoro y Monica están pasando  diez días en Stord y Rommetveit debido al intercambio de profesores que se está llevando a cabo dentro del proyecto Comenius «Outdoor Teaching». mas>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

24.januar 2008

Innebandy

 

Mandag 28.januar startar vi opp med turnering i innebandy for 5-7 klasse ved Rommetveit skule. Mange er påmelde og vi ser fram til ei spanande turnering. Ei komplett puljeoversikt finn du her

Tekst: Kari Junge

23.januar 2008

Grand Prix

Det er ikkje berre NRK som har sitt Grand Prix. 15.februar vert den tradisjonsrike tilstelninga avvikla på Rommetveit skule. Elevane øver og gleder seg stort.

Det er uvisst om Lene Alexandra (bilete) stiller, men moro skal det bli likevel.

Tekst: Helge Hammersland

11.januar 2008

Nytt frå elevråd

11.januar hadde elevrådet sitt første møte i det nye året. Eit fyldig referat kan du lesa her

Tekst: Kari Junge

3.januar 2008

Godt Nytt År!

2008 er her og administrasjon og tilsette ved Rommetveit ynskjer alle velkomen til eit nytt år. Måtte det bli eit innhaldsrikt og lærerikt år for alle.

 

 

 

 

21.desember 2007

Siste skuledag

I år som tidlegare år var det 4.klasse som stod for det kulturelle ved samlingsstunda i gymsalen. Saman med Hanne Knutsen frå Høgskulen hadde dei øvd inn eit flott program som imponerte alle. Dette var vel verdt å venta på og gle seg til.

Fleire bilete>>

 

Tekst og foto:Helge Hammersland

 

 

Gang rundt juletreet

Å gå rundt juletreet ute er blitt ein tradisjon ved Rommetveit. Veret i år var ideelt, men litt kaldt. Elevane viste at dei er "verdens beste" til å gå rundt juletreet.

 

Fleire biltete>>

 

Tekst og foto:Helge Hammersland

 

Hentekafé

Torsdag 20.desember var det tradisjonell "Hente-kafé" ved Rommetveit. Foreldre og andre som kom for å "hente" borna, vart trakterte med kaffi, kaker og julesong. Ein populær avslutning på dette halvåret.

Fleire bilete>>

 

Tekst og foto: Marit Kjelby

13.desember 2007

Santa Luciiiiaaa...

13.desember er Luciadagen. 1.klassingane var utstyrt med lys, drakter og pepperkaker og vitja alle klassane + rektor og lærarrom. Stemningsfullt og vakkert.

Fleire bilete>>

Tekst og foto:Helge Hammersland

 

12.desember 2007

Jula er her

Like sikkert  som jula kjem juleverkstaden. Sidan advent har klassane laga forskjellige juleting og førebudd seg på jula.                                        

Fleire bilete>>

Tekst og foto:Helge Hammersland

 

7.desember 2007

Julegåver til Ukraina

Rommetveit skule har også i år samla inn julegåver til Ukraina i regi av Barmhjertighetsbussen.                                            For mange barn i Ukraina er dette kanskje den einaste julegåva dei får. Barmhjertighetsbussen dreg til Bobrynets og deler ut gåvene til skulebarn, barn på barneheimar og fattige familiar uavhengig av religion og etnisk bakgrunn. I Ukraina feiar dei jul 7.januar, så gåvene kjem fram i tide. Ei god kjensle for elevane på Rommetveit å få gje barn som ikkje er så heldige som oss her i Noreg.

Fleire bilete>>

Tekst :Kari Junge Foto:Ingvild Østensen

30.november 2007

30.november 2007

Adventstund

Fredag 30.november var det Adventstund i gymsalen. Som tradisjon er det 2.klasse som har ansvaret, og det var lett å la seg imponera over både song, tale og spel. Det er tydeleg at det blir jobba godt med musikk i 2.klasse.

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

30.november 2007

4.klasse på tur til Bergen

Torsdag 22.11 var 4B på Vilvitesenteret i Bergen og storkoste seg.

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Marit Haukebø

Onsdag 14 nov. var 6.kl på Sjøfartsmuseet, lærte meir om steinalderen, såg ekte mumiar og opplevde mykje spanande på Vil-Vite senteret i Bergen.Her kan du sjå ein pp-presentasjon frå turen

Tekst og foto: Kari Hege Knudtzon
 

23.november 2007

Pottemakeri i 5.klasse

5.klasse ved skulen har lært om det gamle Hellas og har laga krukker. Mange flotte produkt til å vera stolte av. Sjå fleire bilete her

Tekst og foto: Helge Hammersland

23.november 2007

Elevrådsmøte

Fredag 23.11.07 var det elevrådsmøte ved Rommetveit skule. Mange saker vart drøfta og fyldig referat kan du lesa her

Tekst:Kari Junge

23.november 2007

Planleggingsdagar i Amsterdam

I veke 45 var heile kollegiet ved Rommetveit skule i Amsterdam. Føremålet med ein slik tur var fleirdelt. Røynsle tilseier at kreativiteten blir større dersom ein får avstand til daglege gjeremål og arbeidsstad. I tillegg kan ein slik tur vera eit godt høve til å vedlikehalda og skapa nye sosiale relasjonar mellom dei tilsette ved skulen. Av den grunn var også assistetane og vaskarane ved skulen med. Les meir>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

7.november 2007

Heavykatten og Discomusa

Onsdag 7.11 var Heavykatten og Discomusa på vitjing på Rommetveit. Elevar frå 3.klasse, studentar frå HSH og forfattaren av stykket, Roald Kaldestad, gav  4.klasse,foreldre, besteforeldre og småsøsken ei morsom framsyning. Ei fin blanding av musikk og teater. Fleire bilete>>  Les meir>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

5.november 2007

Rydding på skule

3.klassane ryddar skulen kvar veke. I veke 44. fann me svært mykje rot og slik vil vi ikkje ha det på skulen vår. Fleire bilete frå 3A>> og 3B>>

Tekst og foto: Gerd Jensen

 

5.november 2007

Kunstutstilling

Det er for tida utstilling av diverse kunstarbeid på skulen. I gangane over heile skulen finn vi teikningar, måleri og formingsprodukt i ulike materiale som leire, gips, stoff og tre. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

 

5.november 2007

Diskotek

Torsdag 1. november arrangerte elevrådet diskotek for 4.-7. trinn i gymsalen. Flinke elevrådsrepresentantar og spreke føresette gjorde sitt til at det vart ein kjempekveld.

Flott musikk, gode pølser, tøffe dansetrinn og glade ungar. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Helge Hammersland

24.oktober 2007

Samlingsstund i gymsalen

 

Onsdag 24.oktober var det samlingsstund i gymsalen. Det var 3.klasse som stod for underhaldninga og sidan det var FN-dagen var det naturleg at tema var FN og barnerettigheitene. Elevane hadde tydelegvis øvd mykje og ein og ein framsa dei kvar sin ”Alle barn har rett til”. I tillegg var det mykje song og danseleik.

Etterpå presenterte elevrådet seg med ein morosam rap. Flott levert.

Vi gler oss allereie til neste gong.

 

Tekst og foto: Helge Hammersland

24.oktober 2007

Fotballturnering for 1. og 2. trinn

 

Turneringa for 1. og 2. trinn er i full gong på banen i friminuttane. Elevane ser ut til å storkose seg. Litt ekstra spennande er det nok for dei nyaste elevane, men med flinke elevar frå 7A og 7B som dommarar går det så bra! Tusen takk til 7. trinn!

Snart startar turneringa for 3. og 4. trinn.

 

Tekst og foto: Helge Hammersland

24.oktober 2007

Referat frå elevrådet.

Mandag 15.oktober hadde elevrådet ved møte og tok opp mellom anna desse sakene.

  • Elevane ynskjer seg fleire vakter ute i friminutta. Dei opplever at det ofte kan vera vanskeleg å få tak i ein vaksen når det er trong for det.

  • Diskotek 5.-7.klasse. vert torsdag 1.november. Eige skriv vert sendt ut.

  • Kino i mediateket i midttimen vert utsett til det vert mørkare og meir vinter.
     

Tekst og foto: Helge Hammersland

Første skuledag

Offisiell opning av skuleåret 2007/2008 var i gymsalen.

Me hadde eit tradisjonelt program;

  • velkommen til skuleåret ved rektor

  • ·alle song ”Du har noko ingen andre har”

  • elevinnslag ved 6. årssteg (fadrane)

  • lærarar/assistentar song ” Fyrste skuledagen min” og  ”Bind deg ein blomekrans”

  • Presentasjon av nye ansikter: Helge Hammersland – inspektør,

  • Tove Havro – lærar, Anette T. Landa – lærling

  • 1. årssteg fekk gåve av rektor

  • Alle song ”Herlege Stordøy”

Sjølv om det er ny inspektør og rektor ved skulen dette året, så ynskjer me å halda fram med gode tradisjonar. Me ynskjer eit godt samarbeid heim – skule!
Fleire bilete>>

Tekst og foto:Marit Kjelby

8.august 2007

Velkomen til skulestart !

Skuleåret startar for elevane måndag 20. august. Dei nye elevane på 1.trinnet møter i Gymsalen kl 10. Foreldre er sjølvsagt velkomne til å følgja.
Dei andre elevane (2.-7.trinn) møter til vanleg tid kl  8.15.
SFO opnar og til vanleg tid, kl 06.45.

15.juni  2007


Frå nettsida til Stord kommune:
Ny rektor på Rommetveit skule
Marit Kjelby er tilsett som rektor ved Rommetveit skule frå hausten 2007. Torger Tvedten skal ha permisjon frå stillinga i eitt år. Les meir her


 

Tekniske p

 

 

   Ut i verda
 

Diverse
 

Søk med Kvasir
 

Søk i SKULEBIBLIOTEKET

Tilbake til forsiden