1.klasse 2008-2009

På lammetur
1B har vore på tur til Fjellgardane for å sjå på lamma. Det vart ein fin tur.

Vinterforestilling

Onsdag 21.januar hadde 1.klassane vinterforestilling i gymsalen. Mange spente foreldre og søsken var møtt fram, og dei vart ikkje skuffa. Flott prestasjon av dei yngste elevane. Stor takk også til musikarane Joar, Mathias, Ole Jakob, Synnøve og Henrik V.

På tur med lys og lykt

Spanande - og sikkert litt skummelt for 1.klassingar og ferdast i skogen når det er så mørkt. Då er det godt å ha fadrane i 6.klasse med seg.

Sankta Lucia

12.desember - ein dag for tidleg hadde 1.klassingane på Rommetveit kledd seg ut og gjekk i tog gjennom skulen. Det var naturleg nok stor stas då både elevar, læarar og rektor fekk besøk. Ein fin tradisjon som skapar ekstra spenning og forventning i førjulstida

Foto: Joar Eskeland

Då 1.klasse møtte Rune Belsvik på Galleri Giga

Mandag 3.november var 1a og 1b på Galleri Giga der dei fekk møta Rune Belsvik. Han las frå "Dustefjerten" til glede og entusiasme for store og små.

Rakubrenning

1. trinn har vore så heldige å få laga seg ein kopp i leire og brenna RAKU på HSH. Tusen takk til Veslemøy sin pappa Kjetil Sømoe.

 

Fredag 19.09 fekk 1.klasse utdelt refleksvestar frå Trygg Trafikk. Overbetjent i politiet Dag Vidar Nordhus delte ut vestane og snakka om refleksbruk.Elevane fekk oppleva politibil både med blålys og sirene. Stor stas.