Endra: 12. juni 2009 

Heimesidearkiv for årsstega>>

VELKOMMEN TIL 7A og 7B  2008/09
 
 

bilete_07_08/PP Vil Vite.ppt

Frå Latvia til Rommetveit
Lelde Burve Alksne er 25-årig kunstlærarstudent frå Latvia. I 2 veker har ho vore i praksis i 7b saman med Kari Hege. -Eg har likt meg veldig godt, seier ho og vil gjerne takka for ei fin tid på Rommetveit skule. Neste skuleår skal ho jobba i skulen i Saldus som ligg i området Kurzeme i Latvia.
Onsdag 10.juni hadde ho ei flott forestilling for 7.klasse der ho presenterte ulike sider ved Latvia, som kunst og kultur og ikkje minst song og dans. Som gåve fekk skulen eit flott eksemplar av Latvias nasjonalinstrument, Kokle. Til denne presentasjonen hadde ho med seg borna sine Gustavs og Alberts, pluss barnepassar Dárta.

 

Besøk frå NAAF
7A og 7B fekk besøk av NAAF (Noregs astma- og allergiforening) på tysdag 09.06.09. Dei gav oss to spennande gymtimar. Fyrst fekk me høyra korleis dobbel OL-gull vinner i roing Olaf Tufte legg opp ei treningsøkt. Han har sjølv Astma og allergiar, men det hindrar ikkje han i å trena. Me fekk sjå korte videosnuttar frå han og litt informasjon frå ein representat frå "aktiv med astma"-prosjektet. Etter ei kort oppvarming vart det stafett-roing på Olav Tufte sin "måte". Fire lag kjempa om siger og såg resultatet sitt på dataskjerm som små robåtar. Kjempekjekt og lærerikt!!

 

Besøk frå Sverige

Frå søndag 24.mai til torsdag 28.mai hadde me besøk av to Svenske klassar frå Esløv i Sverige. Me hadde nokre fantastiske dagar saman. Søndagen tok me imot dei med svenske og norske flagg. Måndagen var me på besøk på Aker Stord og vidare ein flott tur til Hystadmarka. Tysdag reiste me til Bergen. Bergensturen vart kjempekjekk med besøk på "Vilvite"-senteret, tur/retur Fløibanen, viste dei Bryggen, fisketorget mm. Onsdagen viste me dei svenske rundt på området vårt nær Rommetveit skule. Me hadde opplegg på stranda nedi Breivikjo og koste oss. Same dag tok me buss ned til Leirvik, hadde omvisning på Sunnhordland museum og elevane fekk shoppa litt nedi sentrum.

Veldig kjekt og lærerikt. På kvelden hadde me avslutning på skulen med grillfest.
Vil til slutt takka alle engasjerte og spenstige foreldre for innlosjering og alle bidrag som dei kom opp med. Jettebra!!

 

Tur til Avaldsnes

Måndag 1.september kunne vi – 7A og 7B - endeleg reisa til Vikinggarden på Avaldsnes!Det var ein nydeleg morgon – blå himmel, stille og varmt! Vêrmeldinga for dagen var litt skummel – men me kryssa fingrane! 

Me skulle ha vore der allereie i mai – men mykje dårleg vêr sist vinter gjorde at besøket blei utsett til etter ferien. Arbeidet med mellom anna rydding av tre som hadde blåse ned, tok si tid. 

Me blei mødt utanfor Avaldsnes kyrkje av ei vikingkvinne! Ho tok oss med ned på «Nordvegen Historiesenter». Der fekk me på oss vikingklede og så sa ho at me var trellane på garden hennar!

Så vandra vi til den vesle, skogkledde øya nedanfor «Nordvegen Historiesenter».... og plutseleg .....der låg vikinggarden!

Me gjekk inn i våningshuset og der trefte me bonden sjølv og ein handelsmann, som var på besøk. Handelsmannen fortalde oss om om dei ulike pelsane han hadde. 

Etterpå gjekk me ut og der blei me delt inn i 4 grupper.Ei gruppe skulle laga mat – kinna smør og steika pannekaker, ei skulle barka stokkar, ei anna flytta på stein – dei måtte dra kjerra, fulllasta med stein, ganske langt....medan siste gruppa skulle halde vakt ved portane inn til vikinggarden.

Gruppene sirkulerte så alle fekk prøve alt!

Før me gjekk opp til kyrkja og bussen fekk me mat... havregraut....inne i våningshuset. Då fortalde handelsmannen ei spanande soge til oss.

Det var ein fantastisk kjekk og lærerik dag for både elevar og lærarar.......... og først då me sat på bussen heimover såg me at himmelen plutseleg var blitt svart.....