Klipparkiv skuleåret 2003/04 Saker 2004/05
|
18.06.04
Torsdag 17. juni hadde heile skulen sin årlege grillfest.
Me begynte med finale i fotballturneringa for 3. og 4. klasse der
lag 1 med spelarane Tom Erik, Ole Morten, Sindre, Jørgen V, Matilde,
Morten, Tore og Karoline vann 1 - 0. Etterpå var det danseoppvisning av 7. klassane før elevar, søsken og foreldre kosa seg rundt grillane med drøs og mat. |
|
17.06.04 Sjørøvardag!
Magne av piratane såg skumle ut, men alle var likevel veldig blide og konsentrerte under rebusleitinga etter Skatten!!! |
|
17.06.04 3.klasse til Ådlandsvatnet
Me leita med hender og hovar og fanga fisk, øyenstikkarlarver, buksvømmarar, vårflogelarvar i kamuflasjeskal, døgnflogelarvar og igler. Langs strand- og bekkekant fann me ca.30 planteartar. Ute på vatnet symde ei andemor med fire ungar. Dei var ikkje redde oss, og leita etter mat i sivet like ved. Ein kjempespanande og aktiviserande tur for liten og stor. Du finn fleire bilete på heimesida vår>> Gerd |
|
28.05.04
På heimesida vår kan du no lese fine vårdikt>>
|
|
18.05.04 Til Hauglandskverna med 3.klasse
Så bar det til elva, der me leita etter insekt og planter. Me fann kamuflerte larvar og teger som sprang på vatnet. Dei hadde ein liten oppvisning i ein isboks. Langs elva fann me kvitveis, marikåpe, myr- og skogfiol, løvetann, siv og blåbær- og tyttebærlyng. |
|
30.04.04 To kjekke turar med studentar.
Påsketur til Breivikjo. |
|
26.04.04
|
|
26.04.04 Vinterdikt i 2.klasse Les fire fine vinterdikt frå 2B>> |
|
14.04.04 Referat frå SU Referat frå det siste møtet in SU finn du her>>[Word] |
|
14.04.04 Dikt i 2A Hei alle saman! Helsing alle i 2A |
|
13.04.04 Grand Prix !
Det var mange kreative og forseggjorte innslag og stemninga var på topp. Ei stor takk til Elevrådet for prikkfritt arrangement, og ekstra blom til programleiarane Ida og Torstein, teppeansvarlege Fredrik og Kjetil, musikkstyrar Jørund og jurymedlemmer Rolf Johan, Karoline og Bergfrid. Bileta har me fått lånt av bladet Sunnhordland ved fotografen
Steinar Rydland Svendsen. Ei stor takk til dei og. |
|
17.03.04 Rommetveit beste HAFO-skule!
Så midt i finalespelet søndag kunne elevrådsleiar Oda ta imot den flotte CD-spelaren frå ein av hovudsponsorane til turneringa, Magne Heimvik frå SKL. Engasjementet rundt turneringa var formidabel og foreldra til elevane frå alle skular gjorde helga minnerik både sportsleg og sosialt. Ei takk til Handballgruppa og HAFO-gjengen som år etter år gjennomfører dette trivelege arrangementet, - og ei takk til foreldre, lagleiarar og spelarane for framifrå innsats. Samhandling mellom skule og organisasjonslivet er viktig og det er flott at me slik saman kan laga eit rikt tilbod for elevane våre. Vil du vita meir om HAFO-turneringa og sjå fleire bilete kan du trykkja her: http://www.stordhandball.no/ |
|
23.02.04
SFO har hatt karneval med pølsefest og leik i gymsalen. Her ser
du bilete frå karnevalet og pølsefesten.
|
|
18.02.04
Skuleruta for skuleåret 2004/05 er no klar.
|
|
05.02.04
Fredag 6. februar er det planleggingsdag i kommunen. Denne skulen har arbeidd på litt andre måtar enn oss og har teke opp i seg nokre av dei reformane som er varsla i Kvalitetsreformen. Me skal spesielt sjå på organisering av skulen, tilpassa opplæring, kontaktlærarsystemet, tidsbruk til ymse føremål og mykje meir. Det alltid interessant å bli kjent med andre skular, både for å læra og for å tydlegare sjå kva me har sjølve.
|
|
02.02.04 Skulekor ! Skulekoret blir no starta opp igjen. Foreldre og lærarar har teke initiativet og fått Margrete Lund Skorpen til dirigent.
Alle elevar frå 2. klasse og oppover kan begynna. Det vert delt ut informasjonsskriv til dei lågaste klassane. Som rektor håpar eg at mange melder seg på. Det er så flott å ha slike tilbod til elevane og kjekt med kulturinnslag på ulike tilstellingar. Lukke til !!!
|
|
26.01.04 Referet frå FAU 19.januar 2004 |
|
23.01.04 Vulkanen el Fuego er vakna til liv og har fleire store utbrot.
Meir om utbrotet finn du her, rett nok på spansk, men bilete er jo ganske spektakulert>> |
|
Godt nytt år
! Handlingsplan mot mobbing! Utkastet til plan mot mobbing ved Rommetveit skule er ferdig. Dei ulike høyringspartane i skulesamfunnet har frist til 30.01.04 med å koma med innspel og merknader. FAU skal drøfta planen 19. januar og lærarane den 20. januar. SFO-tilsette og elevrådet skal og gjennomgå utkastet. Og så vert planen endeleg vedteken i Samarbeidsutvalet i februar. Du finn planen i Word-format her>>
|
|
18.desember 2003 Julebrev frå rektor No tek også Rommetveit skule juleferie. Me avsluttar 2003 med samlingsstund i gymsalen for heile skulen der 4. klassane står for programmet. Skulen tek til att måndag 5. januar til vanleg tid. Julebrevet til heimane frå rektor finn du ved å trykka på brevet over.
|
|
2.desember 2003 Alternativ adventskalender
I staden for å trekkja og få, vert elevane oppmoda om å gje. Det er meininga å samla inn julegåver som vert sendt med Barmhjertighetsbussen til Ukraina der gåvene vert delt ut til born som har langt mindre enn oss. Likeeins skal nokre klassar pynta juletreet sitt med gåver dei skal gi staden for å henga opp tradisjonell julepynt. Elles går juleførebuingane på tradisjonelt vis med adventstunder, lystenning, juleverkstad og litteratur knytta til advent og jul.
|
|
2.desember 2003 Animasjonar i 4A og B
|
|
2 4.november 2003No finn du flotte animasjonar og Power-Point presentasjonar på heimesida til 7A>> |
|
2 4.november 2003Bilete frå open dag i 3B |
|
24.november 2003 Tek du deg ein tur til 4B kan du få sjå eventyrhusa deira>> |
|
24.november 2003 Bilete frå open dag i 7B |
|
14.november 2003 På den Opne dagen i Grunnskuleveka laga foreldra til kafé etter fellesarrangement med tenning av Varden og underhaldning av elevane i klasseromma. Det var bestemt at inntekta skulle gå til Redd Barna og at FAU skulle dekkja utgiftene. Dermed kom det inn 10.244 kr,- eit flott resultat. Elevrådet ved Oda, Jørund og Hallvard har vore i Sunnhordland og markert oversending av pengane. Og som elevane sa det: "Først bakar foreldra kaker og kokar kaffi, så kjøper dei og lærarane kakene, og så får me inn pengar til Redd Barna. Ganske lurt !" Takk til alle som var med å kombinera eit triveleg stund med eit godt innsamlingstiltak !
|
|
14.november 2003 Nye 1.klassingar
40 fem-åringar har vore på skulen og møtt rektor og 1. klasseromma. Etter ha prata litt med rektor, fekk dei med seg bok og blyant heim med lekse. Den går ut på å fylla boka med teikningar eller bokstavar eller bilete eller kva dei måtte ha lyst til. Boka skal dei ha med på ”Bli kjent dagane” i mai når tulipanane blømer. Samtlege nye 1. klassingar gler seg til skulestart, men var noko nyanserte når det gjaldt forventningar om kva me skulle gjera på i skuletida. Det var alt i frå sitja stille, læra lesa, leika, gå på tur og stå i kø. Ein flott gjeng som me gler oss til å ta imot. |
|
5.november 2003 Hekser som tema i 3B
Klassen var godt førebudd og drog i veg til Blokksberg. Der fekk dei heksebrygg og tryllestav som virka viss dei hadde heksehatten på. Sjå bileta her>> |
|
4.november 2003 Ein kikk inn i skulekvardagen
Det er mange nye krav, rutinar og reglar som må lærast for ein
fyrsteklassing. |
|
3.november 2003 Elevar møter Kronprinsen !
Det er Våge skule på Bømlo som får gjesting av kronprins Håkon Magnus i samband med opninga av Grunnskuleveka. Og ettersom Våge skule arbeider med antimobbeprosjektet ZERO i netverk med oss og to andre skular, så inviterer dei alle elevane som er med i Ressursgruppene til programmet i gymsalen. Hos oss er det Andrea i 6. klasse og Jørund i 7. klasse som er dei heldige. Det blir ein travel dag for Andrea og Jørund, for om kvelden skal dei og vera med på Foreldremøte om mobbing på Høgskulen.
|
|
3.november 2003 Nye 1. klassingar Fredag i Grunnskuleveka (7. nov) blir alle barn som skal ta til i 1. klasse hausten inviterte til skulen. Her får dei møta rektor og bli litt kjent med han og skulen elles. Så får dei med seg nokre småting heim som dei skal passa på til me møtest på "Bli kjent-dagane" til våren då dei møter alle dei andre 1. klassingane. Det er sendt brev til alle på listene som naturleg soknar til Rommetveit skule, men det kan vera feil her og i så fall ønskjer skulen bli kontakta. |
|
3.november 2003 Leseveke Ein av 4. klassane skal ha Lesevake på skulen i Grunnskuleveka same kvelden og natta som me har Open dag. Programmet ser spennande ut. |
|
29.oktober 2003 Grunnskuleveka 2003
|
|
24.oktober 2003 Bogeskyting
Dei hadde då saman med 4b arbeida med verdsdelane i temaet "ei reise ut i verda". I veke 43 lærte dei om Afrika. Denne veka fekk dei låne mange flotte og spennande ting frå Afrika av Rolf Hystad. Flodhesthovud, trommer, våpen, reidskap, klede, og leiker laga av barn i Afrika fekk pryda klasserommet. Med løyve frå eigaren fekk elevane prøve kor vanskeleg det må vera å skaffe seg mat på denne måten… Til biletet/bileta: Lærar Per Helge Aadland instruerer elevane sine. [Klikk på bileta under for å sjå større versjon] |
|
20.oktober 2003 Temeveke – Litteratur
I etterkant skal me på ulikt vis arbeida med litteratur i klassar, på stasjonar og i aldersblanda grupper.
Alt i alt eit opplegg som både lærarar og elevar gler seg til !!! |
|
20.oktober 2003 Sosiale årsplanar No er dei sosiale årsplanane oppdaterte for 1A>> og 3 B>> og 4B>> |
|
13.oktober 2003
Hola amigos ! I dag er det søndag og me er komne til Antigua, - ein fantastisk flott og berømt by. Klokka er 13 her og 21 heime. Det var som vanleg vemodig å ta avskil med alle i Comalapa. Fredag kveld hadde me fest med alle
sentrale folka i venskapsstyret og det var talar og gåver og song
og musikk og ...... Tidlegare ein dag fekk eg forresten handhelsa på presidentkandidat Colom som var innom Comalapa på svært valkampmøte. Trur eg støttar han !!! Her i Antigua hadde me stor konsert i går ettermiddag i eit flott lokale med godt lydutstyr og tv-opptak. Me begynte som vanleg med kulokk for me marsjerte gjennom salen til scenen bak hardingfela til Egil. Så drog me gjennom det meste av programmet vårt og etter applausen å døma må det ha gått bra !!! Stor stas var det og at Margrete, Tove og Egil stilte i bunad, berre det er jo eksotisk her. (Ein annan ting er at det blei kokvarmt med sterke lyskastarar på scenen og med ca 30 varmegrader ute frå for av). Mellom publikum var det folk frå ambassaden. Kirkens Nødhjelp og elles institusjonane me har samarbeidd med her i Guatemala. I dag er det handledag og det er ikkje vanskeleg å bli kvitt pengane sine. Det vrimlar av turistar og butikkar her. Og mange fattige som prøver å selja småting eller tigga seg pengar til litt mat. I morgon reiser me til Stillehavskysten og blir late turistar for me startar heimreisa tysdag føremiddag. Skal bli kjekt å koma til skulen og treffa dykka alle igjen !!! Helsing |
|
29.september 2003 Referat frå Samarbeidsutvalet (SU) Du finn referat frå det siste møtet i SU m.a. med uttale til NOU 2003:16 HER>> |
|
26.september 2003 Hovudlus
|
|
26.september 2003 Rektor til Guatemala Rektor reiser til venskapsbyen vår, San Juan Comalapa, neste veke saman med Åge Vallestad frå Kulturskulen, Tove Linge Haaland frå musikklina på Stord Vidaregåande, Margrethe Lund Skorpen (musikkørar og student), Egil Vaage som er felespelar frå Kvinnnherad og Ottoniel Herrera som opprinneleg er frå Guatemala, men som har budd i Noreg i mange år. Under reisa skal me besøka ulike skular, m.a. venskapsskulen vår Cojol Juyu. Dessutan skal me bruka mykje tid på Centro del Arte Folklorico som er eit musikksenter for barn og unge me har vore med å bygd opp. Mykje av tida går med til instruksjon og møter, men me skal og ha fleire seminar for lærarar og kor/orkester og så skal me ha konsertar både i Comalapa og i Antigua. I tillegg skal me besøka venskapsbyen til Kvinnherad, San Lukas Toliman ved Atitlansjøen. Så det er eit spennande og rikhaldig program dei har laga for oss. Reisa er finansiert gjennom Vennskap Nord/ Sør og Utenriksdepartementet og varer vel to veker. Eg skal prøva å senda meldingar til heimesida så ofte eg er i nærleiken av Internett, men det vert ikkje så lett som i Norge. |
|
26.september 2003 Nye temaplanar Temaplanane til 7A>> og 7B>>er er oppdaterte
|
|
23.september 2003 Førstehjelp
|
|
22.september 2003 Temaplan for 1. og 2.klasse Også 1.- og 2.klasse har no lagt ut oppdaterte temaplanar Du finn dei her: 1A>> 1B>> 2A>> og 2B>> |
|
19.september 2003 Temaplanane til 4.klasse er oppdaterte |
|
19.september 2003 Besøk frå San Juan Comalapa På mandag får skulen besøk frå venskapskommunen vår i Guatemala. Det er Francisca, Basilia, Roderigo og Santiago som kjem. Santiago er og leiar i venskapskomiteen i Comalapa. Alle har bakgrunn i skule, helse eller miljøarbeid og skal ha eit omfattande program på Stord dei neste to vekene. Hos oss skal dei vera med 2. klassane på tur og delta på personalsamling. I tilleggg vert Lucio, som bur på Stord som Fredskorpsdeltakar, og ein tolk med. |
|
Temaplanar 2003/04 Du finn etter kvart oppdaterte temaplanar for 2003/04 på heimesidene til dei ulike klassane. |
|
11.september 2003 Zero,- eit program mot mobbing. Skulen skal i år arbeida mot mobbing gjennom programmet Zero. Det er Senter for Atferdsforskning i Stavanger som står for det faglege og me er saman med tre skular på Bømlo i gjennomføringa. På skulen er det oppretta ei ressursgruppe med representantar frå tilsette i skule og SFO, elevrådet, foreldre, PPT og skuleleiinga. |
|
11.september 2003 Rommetveit skule med ny heimeside I dag er me på nett ny heimeside.
Målet er at du i tida som kjem skal finna nytt frå Rommetveit
skule på denne sida kvar veke. |