Endra: 06. mai 2009
Klipparkiv skuleåret 2005/06     Saker 2004/05>>  Saker 2003/04>>       

28. juni, 2006

SFO-PLASS

Det er framleis mange som ikkje har svart på om dei tek imot tildelt plass på SFO. Dette svarbrevet må skulen ha før plass er sikra. Send snarast !!!
 

21. juni, 2006

SOMMAR-AVSLUTNING

Siste skuledag var me samla i Gymsalen der 7. trinnet underheldt og sa takk for seg.
Me ønskjer alle

GOD SOMMAR !!!

Sjå fleire bilete her>>

 

15. juni, 2006

GRILL-AVSLUTNING

Torsdag kveld hadde skulen den årlege grillavslutninga.
Les meir og sjå bilete her>>

 

7. juni, 2006

IDRETTS-
DAG

Onsdag hadde me den årlege Idrettsdagen for heile skulen.  Elevane kunne velgja mellom 13 postar.

Les meir og sjå bilete her >>
 

18. mai, 2006

17. MAI
Det vart ein våt nasjonaldag, men programmet vart gjennomført, og elevane gjorde ein flott innsats.

Sjå fleire bilete her>>

12. mai, 2006

VIKINGTIDA
6.trinnet har hatt ein periode med fordjupning i Vikingtida og m.a. laga ei flott utstlling i klasserommet med tema frå denne spennande epoken.
Les meir på sida til 6A

 

12. mai, 2006
"BLI-KJENT-DAGAR"

Torsdag og fredag fekk me besøk av dei nye 1. klassingane. "Ka ti kan me begynna på skikkelig?" var omkvedet hos mange.
Sjå meir her >>

9. mai, 2006

FORELDRE-DUGNAD
Mandag 8. mai var det foreldredugnad på skulen. Bed vart rydda og stelt og heile uteområde fekk ei tiltrengt opppussing. Les meir her >>

 

5. mai, 2006


VANN I KONKURRANSE

7B deltok i konkurransen "Bli Vis med Avis" tidlegare i år. I dag fekk dei premien!
Les meir her>>

5. mai, 2006

SYKKELDAG

Elevane på 5. trinnet har i dag hatt sykkelen i sentrum. Studentar på HSH og Trygg Trafikk hadde ansvar for opplegget. Sjå meir på sidene til 5A og 5B

 

4. mai, 2006

DUGNAD   

på skulen

Mandag 8. mai skal me ha foreldredugnad på utemiljøet
Skrivet som er gått til heimane finn du her >>

 

26. april, 2006

GUATEMALA-BESØK

BESØK PÅ MINISTERNIVÅ

I dag fekk skulen vår besøk av gjester frå Guatemala som arbeider i Kultur- og Undervisningsdepartementet.

Les meir her >>

 

25. april, 2006

SKULE-
KONSERT

I dag var det skulekonsert i regi av Rikskonsertane. Dei tre musikarane underheldt elevane på 1.-4 trinnet med rim, regler, songar og abligøyer. Kommunikasjonen med elevane var heilt topp, og godt førebudde ungar var med på notane så det song i veggene i gymsalen. Ekstra kjekt at ca 40 studentar og lærarar frå Høgskulen var med.

 

7. april, 2006


SAMLINGS-
STUND MED 6AB

Siste dag før påske hadde elevane på 6-trinnet Samlingsstund for heile skulen.

Sjå meir her>>
 

30. mars, 2006



STUDIETUR

I veke 14 (mand.-onsd.) skal studentane overta mest all undervisning på skulen medan lærarane er på Studietur til Trondheim. I tillegg til studentane vil assistentane ha sine vanlege oppgåver på skulen, administrasjonen vil vera bemannna kvar dag og Utviklingsavdelinga på Rådhuset vil ha "bakvakt". SFO går som vanleg. Me trur derfor elevane skal få fullgode dagar.

I Trondheim skal lærarane ha fokus på Mattematikkfaget og besøka Mattematikksenteret, Vitensenteret og Eberg skule.
 

30. mars, 2006


UTESKULE

1B har vore på tur saman med studentar og brukt naturen som skulestove.

Les meir her>>

 

29. mars, 2006


STREIK

Torsdag, 30 mars går lærarane ut i streik frå kl 12.

Rektor har sendt denne meldinga heim >>
 

27. mars, 2006


Hinduismen

Skulen har studentar desse vekene og dei arbeider mykje med framande religionar.
3A har hatt om Hinduismen.

Les meir her >>
 

17. mars, 2006


KUNST-UTSTILLING

I februar vart skulen omgjort til galleri. Elevane hadde laga bilete inspirert av ulike kunstnarar.
Sjå eit utval av alle dei flotte produkta her>>


 

16. mars, 2006


KJEKT MED SNØ
Denne gong er det 2. trinnet som har hatt ein flott dag i snøen utanfor skulen.
Meir på sidene til 2A og 2B


 

13. mars, 2006


VINTERTUR
3AB har vore på tur og hatt det kjekt i snøen.

Les meir på sidene til 3A og 3B


 

6. mars, 2006


SNØLEIK
1A har vore ute og leika i snøen. Les meir på sida til 1A
 


 

24. februar, 2006

Rommetveit
GRAND PRIX

Les meir og sjå bilete frå eit fantastisk program då elevane arrangerte Rommetveit Grand Prix
Klikk her >>

24. februar, 2006

KARNEVAL

Torsdag var det Karneval på skulen. I år var arrangementet eit samarbeid mellom SFO og Elevrådet.

Les og sjå meir her>>

23. februar, 2006

1AB PÅ TUR TIL HUNDSRYGGJEN

1A og 1B gjekk onsdag lang vintertur langs Hundsryggjen. Les meir på sidene til 1A eller 1B

8. februar, 2006

SAMLINGSSTUND MED 5A OG 5B

Les meir og sjå fleire bilete her>>

8. februar, 2006

1B TIL BREIVIKNESET

1B har vore på tur til Breivikneset saman med studentar og hadde m.a. matematikk ute. Sjå kor mykje spennande dei gjorde på her>>

 

 

25. januar 2006

SAMLINGSSTUND

Samlingsstund 1AB jan-06 004.jpg (604403 byte)Onsdag hadde dei minste elevane våre Samlingsstund for heile skulen. Les meir her>>

 

 

24. januar 2006

SNØDYR

Jan-06 008.jpg (631186 byte)

Mandag var 1A ute og laga snødyr. Fleire bilete på sida til 1A

 

 

24. januar 2006

VASSLEKKASJE

Sist veke vart heile Mellombygget overfløymd innvendig. På loftet her står tanken med varmtvatn og i løpet av natta hadde eit røyr sprunge lekk og alt vatnet runne ned på golvet. Les meir her>>

Jan-06 001.jpg (616352 byte)

 

12. januar 2006

Hord.Teater jan-05 007.jpg (616105 byte)TEATERBESØK!
Denne veka ha me hatt besøk av Hordaland Teater med framsyninga H.C. Andersen og Den stygge andungen.

Du finn meir om framsyninga her>>

 

 

3. januar 2006

GODT NYTT ÅR !
Rommetveit skule ønskjer alle eit godt nytt år !!!

 

 

22. desember 2005

Juleavslutning -05 011.jpg (622640 byte)JULEAVSLUTNING
Elevane på 4.trinnet hadde laga eit flott program til Samlingsstunda i Gymsalen siste skuledag før jul.

Les meir og sjå bilete på sidene til 4A og 4B

 

21. desember 2005

Julegudsteneste-05 008.jpg (630015 byte)JULEGUDSTENESTE
Onsdag var heile skulen til Skulegudsteneste i Stord Kyrkje. Elevar deltok med opplesing og litt rollespel. 4. trinnet imponerte med tostemt klassesong og med solistar. Fleire bilete her>>

 

20. desember 2005

Julegåver Ukraina 001.jpg (646482 byte)JULEGÅVER TIL ANDRE BARN
Elevane på skulen vår har gitt ei gåve kvar til born i Ukraina. Tysdag vart dei henta av Ersland i Barmhjertighetsbussen som kjører nedover i romjula. 
Elevrådsrepresentantane var med og bar det store lasset inn i bilen. Dei vart lova bilete av utdelinga seinare. Ersland fortalde elevane at for dei fleste barna i Ukraina er dette einaste julegåva dei får.

Stor takk til elevar og heimane som var med på dette. Og takk til Barmhjertighetsbussen som spreier juleglede på denne måten.

 

20. desember 2005

Julegåver Ukraina 001.jpg (646482 byte)JULEGÅVER TIL ANDRE BARN
Elevane på skulen vår har gitt ei gåve kvar til born i Ukraina. Tysdag vart dei henta av Ersland i Barmhjertighetsbussen som kjører nedover i romjula. 
Elevrådsrepresentantane var med og bar det store lasset inn i bilen. Dei vart lova bilete av utdelinga seinare. Ersland fortalde elevane at for dei fleste barna i Ukraina er dette einaste julegåva dei får.

Stor takk til elevar og heimane som var med på dette. Og takk til Barmhjertighetsbussen som spreier juleglede på denne måten.

 

16. desember 2005

Fadderopplegg, Troll 012.jpg (629767 byte)TROLLNISSAR
Trolla som vart laga i Grunnskuleveka, har no gjort seg klar til jul.
Du får vita meir her>>

 

15. desember 2005

FADDEROPPGÅVE
Fadderopplegg, Troll 005.jpg (624681 byte)Elevane på 6. trinn har alltid fadderoppgåver for 1. klassingane. Også no før jul har dei opplegg i lag. Fleire bilete på sidene til 6A og 6B

 

14. desember 2005

St. Lucia-dag

St. Lucia-05 Troll 001.jpg (614507 byte)Onsdag var det Luciadag. 1. klasse- elevane følgte tradisjonen med å synga for dei andre klassane og besøkte og rektor. Og så hadde dei med kakegodt.

08. desember 2005

BAKEDAG

Bakedag 1AB des-05 001.jpg (645040 byte)1. klassane har hatt sin årlege bakedag.
Les og sjå bilete under 1A eller 1B

06. desember 2005

Referat frå Elevrådet

Elevrådet har hatt møte.
Referatet er her>>

28. november 2005

Advent på 2.trinnet

Måndag kveld var det adventsamling for elevar og foreldre på 2.trinnet. Elevane tente lys og begge trinna var songkor. Du finn bilete frå samlinga på heimesidene til 2A>> og 2B>>

 

25. november 2005

Advent 

På skulen vert adventstida  innleia med Samlingsstund mandag 28. november. Det er 2.trinnet som står for programmet. Elles er det planlagt mange aktivitetar rundt om i klasseromma. Nokre trinn skal og ha juleverkstad med foreldre. Me ønskjer alle ei fin adventstid.

 

17. november 2005

Grunnskuleveka 2005: 

UTSTILLING

Før og under Grunnnskuleveka med tema Eventyrdagar laga elevane mykje fint som vart utstilt i gangar og klasserom. Noko av det finn du bilete av under Grunnskuleveka NY!
(Ny lenke nede til venstre på framsida)

 

17. november 2005

Grunnskuleveka 2005: 

KR 15.050,-

til KIRKEN NØDHJELP

OPEN DAG vart overskotet av kafeane og sal av ting elevane hadde laga
kr 15.050,- netto
.
Det var bestemt på førehand at
pengane skulle gå til naudlidne
etter jordskjelvkatastrofen i India/Pakistan og flaumofra i Guatemala. Pengane er no overført til Kirkens Nødhjelp med halvparten til kvart av desse hjelpetrengande områda.

 

 

12. november, 2005

Open dag-05 004.jpg (639078 byte)OPEN DAG

Torsdag var det OPEN DAG på skulen i regi av FAU. Les meir og sjå bilete her>>

 

7. november, 2005

Eventyrdagar -05 010.jpg (646027 byte)EVENTYRDAGAR

Denne veka er det Grunnskuleveka. På skulen har me delt inn elevane i nye grupper som har mange ulike aktivitetar rundt tema.

Les og sjå bilete her >>

 

 

4. november, 2005

Diskotek nov-05 008.jpg (629620 byte)DISIKOTEK

Torsdag arrangerte Elevrådet diskotek på skulen for elever på 5.-7. trinn

Les meir og sjå fleire bilete her>>

 

 

Utedag 1A okt-05 004.jpg (712899 byte)UTEDAGEN TIL 1A

Les om kva dei opplevde og sjå bileta her>>

 

SAMLINGSSTUND MED 3AB

24. oktobeer er FN-dagen og som vanleg laga 3. trinnet til Samlingsstund i Gymsalen for heile skulen.

Sjå meir på sidene til 3A og 3B

 

Fjelltur 5.-6.-05 008.jpg (619135 byte)NY FJELLTUR 

Onsdag 19. okt. var 5. og 6. trinnet på fjelltur. Medan morgontåka låg tjukk i fjordar og sund, klatra elevane oppover Fossabrekko og Kvelve i strålande sol.

Sjå meir på sidene til 5A og 5B

 

FJELLTUR Fjelltur -05 004.jpg (697901 byte)

Onsdag 12. oktober var 1. - 4. klassane til fjells i nydeleg haustver. 1. klassane gjekk frå pumpestasjonen over myrane til Lundarstøl. Då smaka nista og sjokoladen godt. Me delte oss i tre grupper og steikte pinnebrød, klatra i tau og leika bom 50.

Vellukka dag!

Sjå fleire bilete på sidene til 1A og 1B

Skulen rettar og ei stor takk til alle foreldre som gjennom vedtak i FAU har dekka utgiftene til busskyss for denne turen.

27. september,  2005

LEIRSKULEBILETE

7. trinnet var på Leirskule til Gullingen sist veke.

Skulen har lagt ut bileta her>>

22. september,  2005

FOTBALLTURNERING

1Elevrådet har mange aktivitetar på Årsplanen sin. M.a. arrangeerer dei turneringar. Først ute var elevane på 3. og 4. trinnet.

Fotballturn 3.-4. sept-05 005.jpg (617516 byte)Les meir og sjå bileta frå finalen her>>

21. september,  2005

1B PÅ HAUSTTUR

Tur 1B sept-05 007.jpg (630930 byte)1B har vore på tur på jakt etter haustteikn.

Sjå meir her>>

7. september,  2005

TUR TIL FJELLGARDANE

img_0389.jpg (240236 byte)4AB har vore på tur til Fjellgardane. Sjå meir på sidene deira.

02. september,  2005

NY HELSESØSTER
Hanne R 002.jpg (612018 byte)Me har no endeleg fått Helsesøster til skulen. Ho heiter Hanne Robbestad og skal vera her fast kvar onsdag heile dagen. Frå 1. oktober vil ho også vera her tysdagar i partalsveker. I november vert elevar på 1. trinn innkalla til skulelege.

Hanne kjenner mange av elevane våre frå helsestasjonen før dei begynte på skulen. Me ønskjer ho velkomen og til lukke med arbeidet!

25. august,  2005

SFO
SFO aug-05 001.jpg (644256 byte)Skulen er godt i gang og dei fleste rutinar begynnar å falla på plass, også på SFO.

Her har ein gjeng flittige og stolte elevar laga den største haugen i sandkassane til no.

17. august,  2005

SKULESTART 2005

Skulestart-05 007.jpg (611748 byte)Onsdag møtte elevane til skulestart 2005-2006, og kl 10 kom dei nye elevane med foreldre og me samlast alle i gymsalen. 
Les meir og sjå bilete her>>

 

11. august,  2005

ONSDAG STARTAR SKULEN

Onsdag 17. august startar skuleåret oppatt.

Nytt i år er at die nye elevane på 1. trinnet først skal møta kl 10, og då i Gymsalen. Her blir det eit lite program før me går til basane.

Andre elevar møter kl 08.15 og SFO er ope frå kl 06.45.

Gymsal aug-05 001.jpg (613349 byte)Me møter i år ein nyoppussa Gymsal der m.a. golvet er slipt og stelt.


Me ønskjer alle elevane velkomne !

 

9. august,  2005

SKULESTART MED TELEFONVANSKAR

Neste veke startar skulen opp for fullt. 
For tida er det feil på telefonsystemet. Telefonar til skulen skal bli vidarekobla, men her er mobil- nummera til
Rektor: 990959338
Inspektør: 48990901
Det blir jobba med saka, men uvisst når feilen er reparert.

 

SKULESTART 2005

Onsdag møtte elevane til skulestart 2005-2006, og kl 10 kom dei nye elevane med foreldre og me samlast alle i gymsalen. Her var det innslag med allsong, faddergruppene, lærarkoret, allsong og ikkje minst to sangar av dei nye 1. klassingane. Me har 39 elevar på 1. trinnet, - til saman er det 264 elevar på skulen.
Det er utført mykje malararbeid utvendig på bygningane i sommar, garderobane i gymavdelinga er pussa opp og golvet i salen nyslipt. Det er derfor ein fin skule som møtte elevane, sjølv om det enno står noko vedlikehald att.

 Skulestart-05 007.jpg (611748 byte) Skulestart-05 001.jpg (627545 byte) Skulestart-05 002.jpg (610986 byte) Skulestart-05 003.jpg (613124 byte) Skulestart-05 004.jpg (614995 byte) Skulestart-05 005.jpg (618290 byte) Skulestart-05 006.jpg (620800 byte)