Elevråd 2009-2010

Her vil det koma liste over dei nye elevrådsrepresentantane.

 

Elevråd 2008-2009

Referat frå elevråd 11/2-09

1.-4.klasse

Sak 1: Bruk av handball- og fotballbanen.

1.-4.klasse kan vera med på å dela fotballbanen med 5.-7.klasse, men dei største må ta litt meir omsyn til dei minste.

1.-4.klasse vil IKKJE dela handballbanen med dei største.

Knut

referent

 

5.-7.klasse

Sak 1.Avgjerda i sak 1 for 1.-4.klasse vart gjort kjent for 5.-7.klasse

Sak 2:Bruk av kunstgrasbanen

5-7.klasse kan få nytta kunstgrasbanen både i friminuttet(0945-1010) og midttimen. Elevane skal nytta fotgjengarovergangen og vegen fram og tilbake.

Sak 3: Korleis kan me få det kjekkare i "gamlebygget"?

Alle klassane må repetera og respektera husreglane for *"gamlebygget". 5a, 5b og 6b skal nytta inngangsdøra nærmast "mellombygget" 6a, 7a og 7b skal nytta inngangsdøra nærmast lærarrommet.

Skoa SKAL stå på skohylla. Kleda skal hengja på knaggane. Me må halda god orden i klasserommet og gongen.

Kan dørene opnast tidlegare om morgonen?

Sak 4.  Grand Prix.

Alle klassane har meldt på innslag.

 

Knut

referent

 

 

Referat frå elevråd 20/01-09. 

Sak 1: Grand Prix 

Grand Prix vert arrangert fredag 27. februar kl.1000 i gymsalen. 

Til programleiarar valde elevrådet: Henriette i 7a og Vilde i 6a

Til å sitja i juryen: Oddvard Rommetveit (tidlegare lærar) og Wenche (assistent)

+ ein elev frå kvart av klassestega 5., 6. og 7.

Til å styra med musikken: Robert i 7a + ein elev i frå 7b. 

NB! Alle deltakarinnslaga må leverast til Knut seinast fredag 6. februar.

        Hugs å notera tidsbruk for kvart nummer på skjema.

 

Sak 2: Ymse

Elevane klagar over:

-         kalde dusjar i begge garderobane.

-         sopp i jentedusjen.

-         lang ventetid på skyssbussen.

-         dårleg med brukbare ballar i gymsalen.

-         farlege/øydelagde gymbenker.

-         hol i dusjen i gutegarderoben

 

Elevrådet vart orientert om at rullesko, skateboard og rulleskøyter IKKJE KAN BRUKAST PÅ SKULEN!!!!!

 

Knut

referent

 

Det nye elevrådet for Rommetveit skule har hatt sitt første møte. Styret vart vald og det ser slik ut:

Leiar: Henrik Bauge 7a

Nestleiar: Henriette Grov 7a

Kasserer: Erlend Sakseid 7b

Skrivar: Marte Alsaker 7b

Styremedlem: Vilde Eilertsen

 Elevrådet 2007-2008.

Årsrapport frå elevrådet ved Rommetveit skule, skuleåret 2007/2008

 Fordeling av hand- og fotballbanar:
Fordelinga har stort sett fungert godt dette skuleåret. Må fortsetje med å tildele 1. trinns elevar og 6. trinnsfadrar eit friminutt.

 Elevrådet si storsamling:
Storsamlinga vart avlyst denne hausten. I staden presenterte elevrådet seg på 3. trinnet si samlingsstund i haust. Det fungerte heilt greitt.

 Utemiljø:
Det er viktig at dette vert eit fast punkt på alle klasse-/elevrådsmøta. Me kan vera med på å koma med innspel om kva som kan reparerast/utbetrast, idear til aktivitetar o.l.. Me kan seie noko om korleis me har det i friminutta.

 ZERO:
Dette er òg eit tema som det må jobbast med heile tida. Viktig at alle respekterer STOPP- signalet! Også dei «store» på skulen.

 Turneringar:
Me har hatt kjekke turneringar både i haust og i vår. Har fungert bra med ein vaksen tilstades under turneringane. Kontaktlærar for elevrådet bør fortsetje med det neste år.

 Julehefte:
Arbeidet med Rommetveit skule sitt julehefte må evaluerast før neste jul. Ikkje alle trinn engasjerer seg like mykje i heftet. Elevane synest det er dumt at kvar klasse berre får eit eksemplar.

 Karneval:
Positive tilbakemeldingar etter karnevalet. Kvart trinn fekk litt tid til karnevalsleik og dans i gymsalen. Ikkje pinjata, men utdeling av godteri. Enkelte elevar kunne tenkt seg litt lenger
tid i gymsalen!

 Akekonkurranse:
Blei ikkje gjennomført dette skuleåret. Må gjennomførast på kort varsel dersom det blir nok snø.

 Grand Prix:
Kjekt! Neste år: hugs å «ta scenen fram» slik at artistane får betre plass og vert meir synlege. Det var også eit lite problem med at døra inn til gutegarderoben smekker i lås... vanskeleg for dei som skulle snike seg ut og gjere seg klare til sitt innslag...

 Midttimekino:
Kjekt! Må få dette til også neste år!
 

Referat frå elevrådsmøte måndag 10.03.08 

Sak.1. Evaluering av grand prix

  • Kjempebra grand prix!
  • Mange veldig gode innslag
  • Kvifor drog me ikkje ut scenen? Då hadde alle sett mykje betre
  • Døra inn til gutane sin garderobe smekker i lås. Det var vanskeleg for aktørane som skulle snike seg inn i garderoben for å gjere seg klar. Nokon kom seg ikkje inn og nokon kom seg ikkje ut...

 

Sak 2. Karneval for 1.-4. trinn

  • Det vert karneval for 1.-4. årstrinn andre veka etter påske
  • Karnevalet vert i gymsalen, og elevane kjem klassevis etter eige oppsett.
  • Dersom vêret vert bra, lagar me karnevalstog ute
  • Dersom Kari treng hjelp, spør ho elevar frå elevrådet om dei vil hjelpe til.

 

Sak 3. Turneringar

  • Neste turnering vert for 1.-2. trinn. Det vert fotballturnering ute litt ute i april

 

Sak 4. Ymse

  • Det store torgsjakk-spelet er bestilt!
  • Nok ein gong kjem det klage på døropnarane i storskulebygget om morgonen! Alt for ofte vert dørene opna for seint!
  • Det er vanskeleg å høyre skuleklokka ringe når ein leikar oppe med fotballbanen... Går det an å skru opp lyden? Eller kanskje få ei ekstra klokke i det området?
  • Klatrestativet bortanfor skuta er litt øydelagd. Bør reparerast før det vert endå meir øydelagd!
  • Nokre elevar vil at klatretreet skal fjernast. Dei meinte det var i vegen og at ingen brukte det. Likevel, treet vert ståande, då det ofte er ungar som har det kjekt der oppe!
  • Når det er snø og mange akar i bakken, kan det oppstå små konflikter mellom dei som spelar fotball og dei som akar. Elevrådet ber alle vise omsyn, enten ein akar eller spelar fotball!

 

Elevrådet ynskjer alle god påske!

Kari

 


 

 

30. mars, 2007

KARNEVAL

Siste skuledag før påske arrangerte Elevrådet Karneval for trinna 1.-4.
Det var amnge fine kostymar og sambarytmane dreiv jamnt gjennom gymsalen.

Her nokre bilete:

 

 

17. november 2006

DISIKOTEK

Som ein del av Elevrådet sine årlege tiltak vart Dskotek-kvelden arrangert i går.
Som vanleg var stemninga høg hos dei stivpynta elevane.
Pølsesalet gjekk og bra så det blir eit lite overskot i kassen deira.

 

4. november

DISIKOTEK

Torsdag arrangerte Elevrådet diskotek på skulen for elever på 5.-7. trinn.
Komiteen hadde rigga flott i Gymsalen med lys og kafe, og forventningane og stemninga var høg. Nokon var aktive på golvet, nokon sat og preika saman, men alle såg ut til å trivast.
Foreldre stillte som vakter utan at dei fekk det travelt.
Eit flott arrangement som Elevrådet gjennomfører for å auka trivselen på skulen og såleis byggja oppunder den positive elevkulturen me har her.

PS: Raude auge på bileta avspeglar lysforholda, kanskje ???

Diskotek nov-05 001.jpg (601055 byte) Diskotek nov-05 002.jpg (604663 byte) Diskotek nov-05 003.jpg (627485 byte) Diskotek nov-05 004.jpg (612688 byte) Diskotek nov-05 005.jpg (614211 byte) Diskotek nov-05 006.jpg (607326 byte) Diskotek nov-05 007.jpg (619876 byte) Diskotek nov-05 008.jpg (629620 byte) Diskotek nov-05 009.jpg (613823 byte)

 

22. september

Fotballturnering

Elevrådet arrangeerer fleire turneringar gjennom skuleåret. 
Først ute var 3.-4. trinnet no i september. Trinna vart delt inn i to puljer med fire lag i kvar. I ein spennnande finale vart det til slutt lag G som vann over D med 1 - 0. Me gratulerer vinnarane og alle ivrige deltakarar. Også stor ros til Elevrådet som stod for organisering, lagleiing og dømming. Flott at 6. trinnet tok over dette ansvaret år 7. trinnet reiste på Leirskule.

Her er bilete frå finalen og finalelaga i målet omkransa av arrangørane på 6. trinn.
Fotballturn 3.-4. sept-05 002.jpg (622031 byte)
Fotballturn 3.-4. sept-05 003.jpg (614283 byte) Fotballturn 3.-4. sept-05 004.jpg (641105 byte) Fotballturn 3.-4. sept-05 005.jpg (617516 byte) Fotballturn 3.-4. sept-05 006.jpg (630128 byte) Fotballturn 3.-4. sept-05 001.jpg (652791 byte)

 

         

Ref. Elevrådet 13.04.05

         

Hafo-cup -05

Hafo-05 006.jpg (255436 byte)  Hafo-05 010.jpg (334791 byte) Hafo-05 013.jpg (249358 byte) Hafo-05 015.jpg (335880 byte) Hafo-05 016.jpg (337041 byte) Hafo-05 019.jpg (246477 byte) Hafo-05 022.jpg (326677 byte) Hafo-05 023.jpg (326673 byte) Hafo-05 027.jpg (250006 byte) Hafo-05 028.jpg (263867 byte) Hafo-05 029.jpg (311387 byte) Hafo-05 031.jpg (309108 byte) Hafo-05 032.jpg (251503 byte) Hafo-05 034.jpg (341274 byte)

         

Våraktivitetar

        Våraktivitetar-05 001.jpg (347791 byte) Våraktivitetar-05 003.jpg (368643 byte) Våraktivitetar-05 005.jpg (383302 byte) Våraktivitetar-05 006.jpg (381483 byte) Våraktivitetar-05 007.jpg (345615 byte) Våraktivitetar-05 002.jpg (341158 byte)Våraktivitetar-05 008.jpg (351461 byte) Våraktivitetar-05 009.jpg (329751 byte)

 

 

 

 

Elevråd

Innsamling av julegåver til Ukraina. Klikk på bileta for å få dei større

 Dec14001.JPG (303409 byte) Dec14002.JPG (322611 byte) Dec14003.JPG (337512 byte) Dec14004.JPG (319882 byte) Dec14005.JPG (321009 byte) Dec14006.JPG (293175 byte) Dec14008.JPG (309641 byte) Dec14011.JPG (304946 byte) Dec14012.JPG (296447 byte) Dec14014.JPG (311341 byte)

 

 

Årshjul>> (Excel-dokument)

Bandy-turnering. Kampoppsett des-03