|
|
|
Endra:
09. februar 2007
MEIR MATTEVEKA
1.-2. trinnet hadde torsdag matte heile dagen.
Elevane var delt opp i grupper på tvers, og vitja ulike stasjonar
heile dagen. Dei fekk utfordringar innan problemløysing og
kreativitet.
Her er ein liten glytt inn i aktivitetane.



|
|
|
|
Endra:
09. februar 2007
MATTEVEKA
Denne veka er skulen med på den nasjonale
Matteveka. Heile skulen har matematikk som fokusområde og på ein
måte erstattar den Grunnskuleveka som no er borte.
I Matteveka er elevane meir enn vanleg delt opp på tvers av vanlege
grupper/klassar. Berre det er spennande og utfordrar til å greia nye
situasjonar. Det handlar om sosial kompetanse, noko som er sentralt
i Kunnskapsløftet.
Men endå meir handlar det om å tilnærma seg faget Matematikk på ein
litt annan måte. Skuleromma er laga om til stasjonar med ulike
oppgåver og aktivitetar innan fagområdet. Ulike læringstilar er
tilrettelagt.
Siste året har lærarane på skulen hatt fokus på matte og utvikla
fleire metodar for innlæring ettersom matte gjerne har blitt eit
veldig statisk fag i norsk skule.
Desse mattedagane legg me lærebøkene og pensum heilt til sides og
leikar oss med tal, grubleoppgåver og konstruksjonar m.m. Terping og
læring av grunnleggande rekneartar er heilt lagt til sides og i
staden brukar elevane det dei kan i oppgåveløysing og kreativitet.
Ein runde rundt på skulen viser stor glede hos elevane med denne
tilnærminga til faget. Læringsutbytet er neppe målbart etter berre
ei veke med slikt arbeid, men mange elevar uttrykkjer at matte er jo
gøy. Berre det gir inspirasjon for oss tilsette til vidare variasjon
og kreativitet rundt faget.
Under ser du bilete av eit tilfeldigt utval av aktivitetane på 3.-7
trinn.
(1.-2.-trinnet har av ulike årsaker mattefokus berre torsdagen).

|
| |
|
16.
desember 2005
VINTERTROLL
Trolla som vart laga i Grunnskuleveka har no kledd seg for
vinteren. Dessutan førebur dei seg til jul og har skaffa seg
nisseutstyr.
Ser ein godt etter på bileta, kan ein og oppdaga at dei stundom
får gjester på besøk.
Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik.
|
|
17. november 2005 Grunnskuleveka
2005:
UTSTILLING
I samband med Grunnskuleveka deer tema var EVENTYRDAGAR, vart
det laga mykje fint arbeid som er utstilt i gangar og klasserom. Her
ser du noko av det

|
|
12. november 2005 Grunnskuleveka
2005:
OPEN DAG
Torsdag hadde me Open Dag som del av Grunnskuleveka. FAU
stod for arrangementet og hadde laga postar utandørs som årstrinna
besøkte. Innhaldet på postane var forteljarstasjon, bokstavleit
med refleksar og lommelykt, eventyrspørsmål, blindeløype etter
tau og eventyrsongar. Ein god del energi vart også brukt til å
orientera seg på kartet for å finna postane. Ein stor blom til
komiteen som hadde organisert det heile og ei ekstra takk til Per
Øystein Kannelønning og Åge Ottesen som stilte opp og deltok i
dugnaden.
Etter ein time ute var det godt å koma inn i varme skulerom der
klassekontaktane hadde laga til kafear og elevar og lærarar stod
for eit lite program.
Overskotet på arrangementet skal gå til naudlidne i Gautemala og
Pakistan. Me kjem tilbake med resultatet.




|
|
07. november 2005 Grunnskuleveka
2005:
Vårt tema i år er "Eventyrdagar"
Grunnskuleveka er i gong. Elevane er delt opp i grupper og har
stasjonar fleire økter til dagen. Gjennomgangstema er eventyr.
Aktivitetane er mange innan forming, drama, musikk, forteljing,
ute-og inneaktivitetar, data m.m. Ekstra kjekt at me har mange
studentar med oss denne veka.
Torsdag er det Open Dag som foreldra har hovedansvar for .
Her ser de bilete frå aktivitar på mandag

|
|
07. november 2004 Grunnskuleveka:
Open dag
Kr 15.944,- til Redd Barna og
Barnevakten
Sist torsdag var det Open dag på
skulen. Etter opning med tenning av 1000-årsvarden ved
elevrådsleiaren, gjekk foreldre, besteforeldre, elevar og søsken
til basane der det var ulike program som dokkketeater, konsert med
sjølvkomponert musikk, framsyning av sjølvlaga video, osb.
Foreldra laga til kafear og elevane selde ting dei hadde laga.Det
nye skulekoret hadde to konsertar.
I Gymsalen hadde ein foreldrekomite laga til media- eksposisjon der
ein fekk demonstrert det virvar av sanseinnstrykk me til dagleg vert
utsette for. Og ved utgangen fekk alle brosjyrar om barn og
internett, gode nettverksreglar etc. Desse er laga av Redd Barna og
Barnevakten. Alt i alt ein vellukka ettermiddag med flott samarbeid
heim - skule der det kom inn kr 15.944,- som går til arbeidet med
å hjelpa barn og unge til å bruka digitale media på ein posisitv
måte.

|
|
04. november 2004 Grunnskuleveka
2004:
Veke på tvers
No i grunnskuleveka er heile skulen
delt opp i nye grupper med ulike aktivitetar. Tema er kommunikasjon
i vid tyding og då skjer alt frå å laga røyksignal, utforma
postkort, senda e-post og chatta til samtale, opplesing og
billedlege uttrykk.
5.-7. steget har arbeidd i Classfronter med eigne passord. bilete
Takk til Høgskulen SH for lån av datalabben !!!
|
Grunnskuleveka
Neste veke er det Gunnskuleveka over
heile landet med tema "Ingen utanfor".
Tema passar godt inn i ZERO-prosjektet vårt om mobbing.
På skulen har me program for elevane heile veka der me deler klassane opp
i nye grupper på tvers med ulike aktivitetar deler av dagen. Denne veka
kjem i forlenginga av Temaveka vår om litteratur.
Stasjonane har litt ulikt innhald , men inneheld aktivitetar knytta til
Litteraturopplevingar, drama, musikk, forming, og "ut på tur".
I Grunnskuleveka er det to arrangement
for foreldra:
Måndag 03.11 kl 19.30 i Auditoriet på
Høgskulen.
Møte for alle foreldre.
Her vil me ta opp Mobbing, informera om Zero-prosjektet og arbeidet på
skulen og
Visa ein del resultat frå Mobbeundersøkinga me hadde like før sommaren.
Torsdag 6.nov kl 17.30 til om lag kl 19
Open dag, oppmøte på
skuleplassen
Me startar med ein uteaktivitet og går så inn i klasseromma der det m.a.
er kafe som klassekontaktane lagar til.
Det blir høve til å synfara det nye Mediateket og Musikkrommet.
Alle med tilknyting til skulen er velkomne, skyldfolk og søsken
inkludert.
[Les
meir om grunnskuleveka 2003 her>>] |
|
|