Kunst & Handverk i 7.klasse
Mykje fint og eksotisk har blitt produsert i 7.klasse denne vinteren. Dei japanske Geta-skoene t.d. er importerte direkte frå Tjødnalio skule. På systova har dei laga flotte vesker. Mykje fint arbeid.


Kunst

7.klasse har dei siste vekene arbeidd med masker. Det er tydeleg å sjå. Mange flotte og spennande masker har det blitt.

 

5.november 2007

Kunstutstilling

Det er for tida utstilling av diverse kunstarbeid på skulen. I gangane over heile skulen finn vi teikningar, måleri og formingsprodukt i ulike materiale som leire, gips, stoff og tre.

Tekst og foto: Helge Hammersland