SFO
ved Rommetveit skule
Telefon direkte: 53409695

|
Mandag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
|
0645-0815 (1t 30min) |
0645-0815 (1t 30min) |
0645-0815 (1t 30min) |
0645-0815 (1t 30min) |
0645-0815 (1t 30min) |
|
1320-1615 (2t 55 min) |
1125-1615 (4t 50 min) |
1350-1615 (2t 25min) |
1350-1615 (2t 25min) |
1350-1615 (2t 25 min) |
Prisar:
|
30.04.07 Søknadsskjema for DAGPLASS i SFO finns i to utgåver. Skjema for dei utan fast plass i SFO her>>
|
|
10.04.07
|
|
18.12.06 SONGSTUND I dag inviterte SFO til kaffikos for foreldre og familie. Gledeleg mange
hadde tatt vegen til skulen der heile SFO stod oppstilt i Dumpo og venta på
å få synga. Og det gjorde dei med julesongar frå inn- og utland. Dei song på
norsk, engelsk og latin. Konentrasjonen var stor og det vart ei
gledesstund for oss alle. I tillegg spelte Vegard kornett. Han har ikkje
gått så lenge i opplæring, men spelte utruleg sikkert. Kjekt.
|
|
18.10.06 TAEKWON-DO SFO har utvida tilbodet til elevane denne hausten. Me er så heldige å ha ein lærar med høg gradering innan Taekwon-do på skulen (svart belte og vel så det), og kvar torsdag etter skuletid samlar han ein stor gjeng i Gymsalen frå SFO-gruppa og eldre elevar. Her lærer dei viktige ting om sjølvdisiplin, etiske reglar for framferd
og respekt for andre og seg sjølv. Her ser me bilete frå starten av treninga som startar med Eleven sin eid og så instruksjon.
|
|
17.06.04 KARNEVAL Tradisjonen tru var det Karneval på torsdag denne veka. Nytt i år var at arrangementet var i samarbeid med Elevrådet og alle partar hausta viktige erfaringar når det gjeld organisering. Stemninga var upåklageleg då ein noko ukjenneleg rektor opna festen i gymsalen.
|
|
17.06.04 Sjørøvardag!
Magne av piratane såg skumle ut, men alle var likevel veldig blide og konsentrerte under rebusleitinga etter Skatten!!! |
| SFO har hatt karneval med pølsefest og
leik i gymsalen. Her ser du bilete frå karnevalet og pølsefesten. [Klikk på bileta for å sjå større versjon] |
|
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKULEFRITIDSORDNINGAR VED BARNESKULANE I STORD
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKULEFRITIDSORDNINGAR VED BARNESKULANE I STORD 1. RETNINGSLINER Dei kommunale skulefritidsordningane i Stord vert drivne etter ”Lov og Forskrifter om Skolefritidsordningen” (rundskriv f-66-98 frå KUF), sett i verk 1.januar 1999.11. Dei vert og drivne etter dei retningslinene som er vedtekne i Hovudutval for Undervisning i sak 009/91 og dei sentrale føringar som vert gitt gjennom Opplæringslova og retningsliner for statlege tilskot. Dei lokale vedtektene vert oppdatert i forhold til endringar i Opplæringslova, retningsliner for tilskot og lokale vedtak om opphaldsbetaling. Siste oppdatering gjort februar 2004.
2. FØREMÅL Skulefritidsordninga er eit omsorgs – og fritidstilbod for barn på småskulesteget og for barn med særskilde behov på mellomsteget. (Jfr opplæringslova § 13-7). Tilbodet vert gjeve utanom den obligatoriske skuledagen. Innhald og aktivitet skal ha hovudvekt på leik, kultur – og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. Funksjonshemma barn skal få gode utviklingsvilkår. Areala ute og inne, skal vera eigna for formålet.
3. ANSVARLEG STYRINGSORGAN Skulefritidsordninga ligg administrativt under kvar skule med Rådmannen som øverste ansvarleg. Utviklingsgruppa v/skulekonsulenten er koordinator i generelle spørsmål og støtte i faglege spørsmål.
4. LEIING, STYRING, ANSVAR OG ØKONOMI Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvar for skulefritidsordninga på kvar skule. Skulefritidsordninga skal vera ein naturleg del av skulen si drift. Rektor er budsjettansvarleg for skulefritidsordninga. Skulefritidsordninga har eigen leiar med relevant utdanning. Det er viktig at leiar for SFO deltek på samarbeidsmøte ved skulen, både i saker som gjeld skulefritidsordninga og i saker som gjeld skulen sitt samla personale. Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for skulefritidsordninga. Utvalet bør utvidast med ein representant for dei tilsette i skulefritidsordninga i saker der det er ynskjeleg. Det same gjeld for foreldrerepresentant for skulefritidsordninga. Dei har då møte – tale – og stemmerett.
5. LEIKE - OG OPPHALDSAREAL Skulefritidsordninga har leike – og opphaldsareal som legg til rette for leik, kultur – og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. I praksis vert ofte lokala samlokalisert med småskulesteget sin skuleareal. Vert det oppretta ekstra SFO-gruppe, må det vera høvelege leike – og opphaldsareal også for desse.
6. BEMANNING / GRUPPER Kvar SFO-gruppe har i utgangspunktet ei grense på 20 barn der grunnbemanninga er 2 vaksne ( ein leiar og ein assistent ). Barnetalet kan aukast til 22 barn pr. gruppe, dersom areala er så store at dette er forsvarleg. Det er mogleg for skulane å oppretta ekstra SFO-grupper, om det er økonomisk og arealmessig forsvarleg. Når barn med særskilde vanskar vert tekne inn i SFO, skal det følgja med ekstra ressursar til ekstra bemanning til desse barna ut frå faglege vurderingar.
7. INNTAKSMYNDE Inntak av barn vert gjort ved den enkelte skule der Samarbeidsutvalet er endeleg godkjenningsinstans etter innstilling frå rektor og leiar for tilbodet. Forvaltingsstyret er klageinstans.
8. INNTAKSKRITERIER Målet i Stord kommune er at alle som søkjer, skal få plass i skulefritidsordninga. I nokre tilfelle er det likevel slik at det er fleire søkjarar enn plassar, og då vil følgjande kriterier vera retningsgjevande og rangerte slik: · Barn med særskilde vanskar vert tatt inn framfor andre søkjarar. Føresetnaden er at ei fagleg vurdering ligg til grunn. Barn med særskilde behov får plass t.o.m.7.klasse. · Barn til einslege forsytarar som er i arbeid utanfor heimen eller går på skule. · Barn som har begge forsytarar i arbeid utanfor heimen eller under utdanning. · Yngre barn bør til ein viss grad gå framfor eldre barn, men ein skal prøva å oppnå ei viss aldersspreiing. Skulen må ha ein plass ledig etter hovudinntaket til m.a. klagesaker. I utgangspunktet er plassane definerte som heile og halve plassar. Skulane kan ha andre ordningar dersom dette er muleg utifrå praktiske og økonomiske tilhøve.
9. INNTAKSPERIODE OG OPPSEIING Hovudinntaket skjer i vårsemesteret og gjeld for eit skuleår eller til plassen vert sagt opp. Det er ein gjensidig oppseiingsfrist på ein -1- månad, rekna frå den 1. i kvar mnd. Dei føresette må senda skriftleg oppseiing til den skulen skulefritidsordninga høyrer til. Dersom det er plass, kan skulen ta inn elevar i SFO for kortare periode og gje høve for fleksible ordningar.
10. OPNINGSTIDER Skulefritidsordninga
fylgjer skuleåret. Den er open på skulane sine fridagar for dei som har
utvida bruksår. Dagleg opningstid er normalt etter behov mellom kl.07.15 – kl.15.45 med lokale variasjonar. Skulane må samarbeida med dei føresette for å finna opningstider som er høvelege. Skulane organiserer sjølv fleksible ordningar m.a for barn som nyttar halv plass, og for barn som nyttar ordninga over ein kortare periode.
11. BETALINGSSATSAR OG BETALINGSREGLAR Stord kommunestyre fastset kva dei føresette skal betala for barnet sitt opphald i skulefritidsordninga. I samband med budsjetthandsaming har Kommunestyret/Komite for Levekår høve til å endra satsane/vedtektene i løpet av bruksåret. Betalingssatsane er pr. 01.01.04 og fram til evt. nye endringar:
Skular med andre ordningar enn dei ovanfor, har tilpassa betalingssatsar til sine fleksible ordningar. Endringar i undervisningstimetalet i småskulen frå hausten 2004, kan føra til endringar i satsar, og Rådmannen vil koma tilbake til dette. Betalingssatsane er ikkje gradert etter inntekt. Ordninga gjev ikkje høve til søskenmoderasjon. Det er høve til å ta ekstra betaling til mat utover mjølk til eit måltid pr. dag. Det er høve til å ta ekstra betaling i samband med turar og utflukter. Betalingsfrist: Stord kommunekasse sender ut rekning på opphaldsbetaling med betalingsfrist den 20. kvar mnd. For sein betaling vil føra til morarente. Manglande betaling kan medføra oppseiing av plass. Viser elles til faktureringsrutinar pr. 01.01.00 for skulefritidsordninga i Stord kommune.
12. EVENTUELLE ENDRINGAR AV VEDTEKTENE Seinare endringar av desse vedtektene vert av Stord kommunestyre delegert til Rådmannen, og kan berre gjerast i tråd med dei sentrale vedtak og retningsliner som gjeld til kvar tid Stord 01.02.02 Sist revidert 04.02.04 Atle Bjørn Mæhle (s) Mari Espeland (s) - kommunalsjef - -skulekonsulent, utviklingsgruppa- |