Velkomen til 5B 09-10

Skitur i Oddvardbakkane
Kroppsøvingstimane vart nytta godt ute i fint vinterver med langrenn, fiskebeinøving og god glid i lange  bakkar. Det vart òg tid til ein ein liten rast

 

Sykkeldag veke 37
5.klassane har lært om bruk av sykkel og får lov å sykla til skulen frå i år. Sjekk av syklar, trening i balanse, svinging og trafikkreglar var del av skuledagen i veke 37.

Skidag 12.februar 09

3. og 4.klassane var i Per Tyse sine bakkar. Der vart det trent langrenn, ploging, aking, hopp, slalåm og snowboard. Mat og bålkos høyrde med. - Og så kom det meir snø.

Fjelltur.

3.og 4.klassane hadde fin fjelltur frå kraftstasjonen til demninga og over til Tyseskaret og ned. Det var mange glade elevar  og lærarar.

 

Besøk frå Comalapa

Mandag 15.september hadde Rommetveit skule besøk av musikarar frå Comalapa. Og 4B var så heldige at dei fekk underhalda med blokkfløytespel, song, komposisjonar og dans. Så fekk me høyra ein flott fløytelåt i retur.

Besøk på SIM

Mandag 8.sep.var 4B på  besøk til SIM. Der fann vi "ikkje berre søppel"

Foto/tekst: Gerd Jensen

 

Endra: 28. august 2010 

Heimesidearkiv for årsstega>>

VELKOMMEN TIL 3B  2007/08
 

5.november 2007

Rydding på skulen

3.klassane ryddar skulen kvar veke. I veke 44. fann me svært mykje rot og slik vil vi ikkje ha det på skulen vår.

Tekst og foto: Gerd Jensen

 

 

Samlingsstund i gymsalen

 

Onsdag 24.oktober var det samlingsstund i gymsalen.
Det var 3.klasse som stod for underhaldninga og sidan det var
FN-dagen var det naturleg at tema var FN og barnerettigheitene.
Elevane hadde tydelegvis øvd mykje og ein og ein framsa dei kvar
sin ”Alle barn har rett til”. I tillegg var det mykje song og danseleik.

Etterpå presenterte elevrådet seg med ein morosam rap. Flott levert.

Vi gler oss allereie til neste gong.

 

Tekst og foto: Helge Hammersland