Kontakt | Arbeidsplanar |  Heimekontor  | Utleige av skulen | KalenderRombruksplan | Skulebiblioteket  

 

SFO

1.KLASSE 2.KLASSE 3.KLASSE 4.KLASSE 5.KLASSE 6.KLASSE 7.KLASSE Tilbakeblikk  

                                        Søk i skulebiblioteker  |  Wikipedia  |  Google | Kvasir junior     

     
 



 

 
 

Tal og lesing i 2.klasse

I dag har me vore ute og funne blad, kongler og kvistar som me har telt, sortert og laga tal av. Etter ein velfortent pause gjekk me inn for å jobba i leseboka vår. Ein kjekk og ivrig gjeng :-)
2.kl

Tekst & foto: Egil Petterteig

 
 

Share/Bookmark

 
 
   Kva skjer?    Elevrådet    Soling    Families R Us    Her finn du oss!  
       


 

   

 

 


 


 

 

 
  Om skulen vår
  Fagsider

  Mest brukt:



 

.

Småkurs til deg som vil læra meir om bruk av Smartboard

 

 

     

Lese- og leikestund for 1. og 6.klasse
Publisert: Torsdag 2.september 2010 kl 12:10

I dag har 6. og 1. klasse hatt ein kjekk time saman. Fadrane i 6.klasse las høgt for fadderungane sine, og etterpå spelte dei spel, teikna og var ute i det fine veret.
1.kl 6.kl

Tekst & foto: Kari Myhre

 

SOPP ER TOPP!
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Me hadde ein kjekk sopptur med fantastisk kjekke ungar. Soppsuppa smakte veldig bra i år også. Comeniusbamsen fekk også vere med på tur.

5.kl  6.kl  7.kl

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Lærarane på mellomsteget

 

 

Småskulen var også på tur
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda
1.kl  2.kl  3.kl 4.kl

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lærarane på småskulesteget

 

Datakurs for alle lærarane
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 15:45

I ettermiddag har alle lærarane vore på kurs med Eva Bratvold. Temaet har vore OneNote og mange andre nyttige program for bruk i undervisning og undervisningsplanlegging. Eva er også med oss gjennom heile skuledagen i morgon. IKT-kompetanse>>
Nokre kjekke program:
Sketcup>> Pixlr>>  HotPotatoes>>  Dropbox>>  Creaza>>  Screen capture>> Wordle>>
Les om OneNote>>  Bloggen til Eva B>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Nytt elevråd!
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:50

I dag har det første elevrådsmøtet 2010/11 blitt avvikla. Du finn referatet frå møtet her>>

Tekst: Lars Bakka Foto Anne Elisabeth Trevland

 

 

Foreldremøte FAU, SMU og SU
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:45

Måndag ettermiddag var det møte i Foreldra sitt arbeidsutval (FAU), Skulemiljøutvalet(SMU) og Samarbeidsutvalet (SU).

Referata frå møta finn du her:
FAU>>  SMU & SU>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Foreldremøte i SFO
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:45

Måndag ettermiddag var det også foreldremøte i SFO. Referatet kjem snart.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

1. og 2. klasse på tur i "øs pøs"
Publisert: Onsdag 25.august 2010 kl 15:10

I dag gjekk me ein liten tur ned i skogen ved sykkelstien. Elevane likar seg svært godt her, særleg når det er mykje vatn i bekken. Dei fleste hadde heldigvis gode regnklede på seg, men det vart likevel mange våte bein. På slike dagar er det lurt å ha rikeleg med bytteklede i hylla si ;-)
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Klar - ferdig - leksehjelp!
Publisert: Måndag 23.august 2010 kl 18:00

I dag klipte me snora for leksehjelp ved Sagvåg skule. Dette skuleåret vert det leksehjelp kvar måndag og onsdag frå kl 13:00-14:00. Me kjem til å bruka dei neste vekene til å vidareutvikle tilbodet slik at elevane frå 1. til 4.klasse ei god arbeidsøkt der ein del av leksene vert gjort før skuledagen er slutt. Elevane kjem likevel til å ta med seg det dei har gjort heim slik at de heime kan sjå over dette og øve meir der det trengs.

Tekst & foto: Lars Bakka

Musehappening
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

2.klasse fekk i dag som dei første i Stord prøva "Mouse Mischief", der alle fekk vera aktive på samme skjermen samtidig, men kvar si trådlause mus. Litt kaotisk, men ganske kjekt, når 20 musepeikarar leita samtidig etter dei rette svara på oppgåvene. Elevane var svært aktive, og når me får lært oss denne måten å jobba på, kan det vera ein kjekk avveksling til "vanleg" tavleundervisning.
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst: Egil Petterteig
Foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Haustens fyrste leikestund
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

Fredag hadde elevane i 1. og 2. klasse ei kjekk leikestund på slutten av dagen. Dette har vorte ein fast fredagstradisjon som me vel å følgja også dette året :-)
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Kjempekjekt og lærerikt ;-)
Publisert: Fredag 20.august 2010 kl 18:00

Etter nettmøte med Microsoft fekk Egil Petterteig, Pål Roseth og ein presentasjon av utstyr og program til Microsoft Mouse Mischief frå Anders Grov Nilsen på HSH. Rektoren på Nysæter og me andre hadde det kjempekjekt med det nye utstyret og dataprogrammet som fungerer slik at alle elevane ...kan vere aktive på den same dataskjermen med kva si trådlause datamus. Det kjem ikkje til å ta så mange dagane før dei første elevane på Sagvåg skule skal få prøve utstyret!

Tekst & foto:  Lars Bakka

 

Nytt skuleår og nytt tema
Publisert: Torsdag 19.august 2010 kl 15:00

I dag har 5. klasse vore i området ved sykkelstien og leita etter småkryp. Denne gongen konsentrerte me oss om å finna dei smådyra som kallast nedbrytarar. Det vart òg tid til å plukka bær før me gjekk tilbake til skulen.

Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

 

Første skuledag
Publisert: Onsdag 18.august 2010 kl 12:00

Onsdag 18.august var første skuledagen 2010/11. Elevane som tek til i 1.klasse vart ynskja velkomne til skulen av Ordførar Liv Kari Eskeland.
Alle hadde samling i amfiet før dagen fortsette i klassane.
Det var kjekt å møta igjen vener og veninner til eit nytt skuleår.

Tekst: Lars Bakka

 

Planleggingsdagar
Publisert: Måndag 16.august 2010

Måndag og tysdag er det planleggingsdagar for lærarar og assistentar på Sagvåg skule. Då vert detaljane for timeplanar o.a. gjort klart til skulestart på onsdag. Me samla oss til frukost og lunsj i SFO-rommet

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Snart skulestart

Det er framleis sommarstille ved Sagvåg skule, men måndag 16. og tysdag 17.august er det planleggingsdagar for lærarane. Les meir>>

Første skuledag til hausten er onsdag 18.august kl 08:30.
Her finn du skuleruta for 2010/11>>

Du kan sjå tilbake på skuleåret 2009/10 her


-rektor Sagvåg skule-

Rådyret vår på besøk
Publisert: Fredag 13.august 2010

I dag var rådyret nedom skulen for å sjå etter om det var noko som skjedde, men det er framleis stille før skulestart.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ny gangveg
Publisert:
Tysdag 3.august 2010

I desse dagar vert det laga ny gangveg over plenen ved garderoben til 5.-7.klasse. Det var her me laga gangveg sjølve i vår, no vert det gjort skikkeleg.

Tekst & foto: Lars Bakka

 
     

 

 

Sagvåg skule
Fitjarvegen 120, 5410 Sagvåg
Tlf. 53 40 97 10  mail: sagvaag@stord.kommune.no