3.klasse (sag10)  2 0 1 0/1 1  

SFO  |   1.klasse(sag10)  |     2.klasse(sag09)   |     3.klasse (sag08)    |     4.klasse(sag07)     |     5.klasse(sag06)     |     6.klasse(sag05)    |   7.klasse(sag04) Tilbakeblikk 

 
Matematikk Norsk        Tilbakeblikk
 


Sjøvettkampanje
Publisert: 10.juni 2011 kl 14.45

I dag har 3. og 4.klasse vore på til Leirvik på "sjøvettkampanje". Me har lært om livredning, miljøvett, om korleis me oppfører oss i båt og kva utstyr som er viktig å ha med i båt. Me hadde ein kjekk og lærerik dag :-)

Tekst & foto: Anne Brit Holm m.f.


                   

Kjekk matematikkdag for småskulen
Publisert: 31.mai 2011 kl 22.05

Tysdag 31.mai hadde småskulen matematikkdag. I år var det konstruksjon, måling og addisjon som var tema. Ein fin dag med stor aktivitet både ute og inne.
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: lærarane på småskulen

 

Skatedag
Publisert: Tysdag 10.mai 2011 kl 14.15

Siste time før helga fekk 3.klasse prøva seg på skaterampen. Dei fekk ha med seg skateboard, rullesko og rulleskøyter på skulen denne dagen. Nokon hadde utan tvil gjort dette før, medan andre var ganske ferske. Det var uansett ein kjekk time med mykje aktivitet.
Fleire bilete

Tekst: Ann Karin Ystevik

 


Bibliotek & natur
Publisert:
Onsdag 4.mai 2011 kl 13.00

I dag har ikkje 3. klasse vore på skulen, men på biblioteket og på tur til Storavatnet. Me var saman med 3. klasse på Litlabø på biblioteket, og fekk høyra om korleis det var å låna bøker. Etterpå fann me mange spennande bøker, leste litt og lånte. Maten åt me saman med Litlabø på Vaskeriplanet, og det var kjekt å leika saman med dei.

Etter mat gjekk me til stranda for å sjå etter liv i vatnet. Me hadde med oss forstørrelsesglas og såg på edderkoppar og andre krypdyr. Det er jo dette me har om, i naturfag, no for tida.
Fleire bilete

Tekst & foto: Signhild Kjelsdotter Dyngen

 


       

 

Bruer i 3.klasse
Publisert: Onsdag 6.april 2011 kl 13.
55

3.klasse har me hatt eit brubyggingsprosjekt gåande ei stund. Elevane vart delt inn i grupper og fekk i oppgåve å bygga kvar si type bru. Dei fekk nytta mjølkekatongar, dorullar, ispinnar og anna til dette arbeidet. Lærar gav dei 3 kriteria: Brua skulle være trygg, stabil og likna mest mogleg på ei ekte bru.
Elles stod dei heilt fritt i arbeidet med bygginga.
I stokksund kan de sjå utstillinga :)

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik



 

Bruer, byggverk,  trekantar og bogar.
Publisert: Torsdag 17
.mars 2011 kl 11.45

I 3.klasse jobbar me med tema "bruer og andre byggverk" i samfunnsfag. I den anledning tok me oss ein tur ut i nærmiljøet for å sjå om me såg ulike typar bruer.  Me såg og etter byggverk konstruert av trekantar og bogar. Elevane fekk sjølve ta bilete av det dei såg. Me hadde ein fin tur og fekk tatt mange bilete av både hengjebruer, bjelkebruer, trekantar og bogar!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik 


Steinalderen i 3.klasse
Publisert:  Fredag
11.februar 2011 kl 19.50

I 3.klasse har me jobba lenge med steinalderen i samfunnsfag. Me har blant anna lese, skrive og sett film . Som ei avslutning på temaet, jobba elevane i grupper og laga kvar sin "steinalderplakat". Der teikna dei og skreiv faktasetningar frå det dei hugsa. Elevane la mykje arbeid ned i dette prosjektet, og resultatet vart veldig bra!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

Tekst kjem....


   
 

3.klasse i skulebiblioteket
Publisert:  Måndag 31.januar 2011 kl 
11.00

Kvar fredag er 3.klasse på biblioteket. Nokon låner bøker medan andre sit og les. Dei syntes det var kjekt med dei nye "sitteplassane".  
 

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik
 



 

Stor aktivitet ute
Publisert: Onsdag 26.januar 2011 kl 19.00

I dag var 3.-og 4.klasse på tur i lag. Elevane vart delt inn i grupper og svarte på spørsmål til "bom-30"! Etterpå vart det tomatsuppe til alle, kokt på stormkjøkken. Sjølv om veret ikkje var heilt etter planen, såg det ut til at alle koste seg.
3.klasse 

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik 


Peparkaker i 3.klasse
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 11.00

I dag var 3.klasse på kjøkenet og baka peparkaker. Alle koste seg og syns kakene vart veldig gode:)
3.kl

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik


 

Bålkos
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Lærarane på småskulen overraska elevane med bål og varm solbærsaft i dag tidleg. Me hadde ei koseleg stund med julesong og leik i skogen.
 

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


       


Queensway i 3.klasse
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 11.00

I 3.klasse har me steg for steg kvar veke. Me har blant anna teke for oss korleis ein skal vera mot andre, og korleis eit godt klassemiljø skal vera. Dette er noko me jobbar ein del med i 3.klasse. I den forbindelse inviterte me rektor på besøk. Han tok med seg Queensway og kom på besøk. Elevane syns dette var stas og alle som ville fekk klem:) 

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Sosial samling
Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00

Tysdag 9.november hadde 3.klasse ansvar for sosial samling i amfiet. Tema var "året rundt". Alle klassane i småskulen bidrog med dikt og songar der me tok for oss årstidene. Det var ei kjekk og innhaldsrik samling.

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik


 

Siste arbeidsdagen til Kari Almås
Publisert: Torsdag 28.oktober 2010 kl 17:00

I dag hadde Kari den siste arbeidsdagen ved Sagvåg skule. Me hadde ei samling med heile skulen i amfiet der me  song for henne. I 3.klasse vart det ein spesiell dag med avslutningsfest med leikar saman med foreldre  som og hadde med kake og gåve til Kari.

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lars Bakka, Ann Kain Ystevik & Signhild Dyngen

 


Haustsamling
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I dag har småskulen hatt ei fin samling i amfiet. Me har leseveker på skulen og temaet for samlinga var bøker. 4.klasse framførte sjølvlaga dikt og bokmeldingar, og dei andre klassane tok del med vakker song og diktlesing.
 

Tekst: Anne Brit   Foto: Liljan og Elisabeth


Boklån og utedag
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 14:05

I dag var 3.klasse på Litlabø bibliotek og lånte bøker. Etterpå gjekk me til Solidbanen og åt nista vår, og leikte litt i det fina veret.
 

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik


Småskulen var også på tur
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lærarane på småskulesteget