3. å
r s s
t e g
(sag06)
2 0 0 8/0 9
Tilbakeblikk |
![]() |
||
![]()
Teknologi og design 3. steget har arbeid med tema Bruer og andre byggverk. Alle gruppene har bygt kvar si bru. Dei avslutta med å sjå kva vekt bruene kunne bera. Tekst og foto: Annbjørg Luggenes |
||
|
|
||
|
Kjekk matematikkdag for småskulen! Tysdag 28. april hadde me ein flott matematikk- dag. Me hadde aldersblanda grupper og alle aktivitetane gjekk føre seg ute. Elevane var aktive og koste seg i det fine veret. Fleire bilete>> Tekst og bilete: lærarane |
||
![]() Publisert : Torsdag 2.april kl 15:10 Påskeaktivitetar i småskulen Den siste veka har småskulen hatt påskeaktivitetar med aldersblanda grupper. Her kjem nokre bilete frå dei ulike gruppene. Fleire bilete på sidene til 2.st>> 3.st>> og 4.st>> Tekst og bilete: Lærarane i småskulen
|
||
![]() Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45 Tema samling Alf Prøysen var tema for samlinga 1. til 4.steget hadde i amfiet i dag. Songar og teaterstykke av Alf Prøysen vart framført av elevane i løpet av den timen framsyninga varte. Fleire bilete>> Tekst : Lars Bakka Foto: Lars Bakka
|
||
![]() Publisert : Torsdag 19.februar kl 14:45 Time for breakfast 3.steget arbeider med ord om mat i engelsk. I dag har me laga Hastverksbollar på kjøkkenet. Etterpå åt me saman. Mange av elevane var flinke til å snakka engelsk når dei bad dei andre om å senda pålegg til dei. Tekst & foto: Brita Flatøy |
||
![]() Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00 Uvanleg start på skuledagen Bål og varm kakao i skogen var det som møtte elevane på småskulen i dag. Elevane såg ut til å kosa seg i det fine vinterveret. Dette var ei kjekk overrasking, var det mange som sa. Tekst & foto: Brita Flatøy |
||
![]() Publisert : Tysdag 10.februar kl 15:30 Kjekt med snø. I dag har 3.og 4.steget hatt ein flott dag i bakkane på Sætre. Både elevar og vaksne koste seg i det fine veret. Takk til foreldra til Kyrre som gjev oss lov til å vera i den fine bakken deira. Du finn biletserie med godt over 100 bilete her! Foto: Jenny, Annbjørg, Aasne og Brita ![]() Publisert : Onsdag 4.februar kl 13:55 Fløytelåt Onsdag 4. februar hadde me besøk av rikskonsertane med ein kjekk konsert. Den heitte "Fløytelåt". Me fekk høyre musikk som var laga fleire hundre år sidan, og musikk som er laga på vår tid. Dei spelte på ulike blokkfløyter og på gitar. Fleire bilete>> TURNÉ: Fløytelåt (2009 vår) MED: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim Tekst & foto: Kari Almås |
||
|
Bossplukking Laurdag 17.januar 2009 kl 21:45
Kvar fredag plukkar elevane på skulen boss på uteområdet ved Sagvåg skule. I dag var det tredje steget som hadde jobben. Me var einige om at det er altfor mykje boss på skuleplassen. I dag var det uvanleg mykje boss rundt ballbingen. Elevane har plasthanskar, men dei synest likevel det er ekstra ekkelt å plukka opp sigarettsneipar og snusposar. Tekst: Brita Flatøy |
||
![]() Torsdag 11.desember 2008 kl 15:40 Baking på 3.steget Etter nissemarsjen passa det godt å gå på kjøkenet og laga peppernøtter. Deigen var så god at me trong ikkje bruka mjøl, så kuletrillinga gjekk som ein leik. Nokre av elevane kjem nok til å eta opp alle kjeksane før dei er heime, mens andre sparer litt så resten av familien får smaka. Tekst og foto: Brita Flatøy
|
||
![]()
Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg. Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>> Tekst og foto: Lars Bakka
|
||
![]() Fredag 29.november 2008 kl 13:00 Elevane på småskulesteget har vore flinke å lesa, mange har lese mange timar i veka. Den eleven som hadde lese mest på kvart steg, fekk ei bok i premie. i tilegg trekte me bøker mellom dei andre elevane, slik at det var 6 elevar som gjekk heim med ein bokpremie. Elevane fekk diplom. Foto: Anne Brit Tekst: Annbjørg |
||
![]() Publisert: Tysdag 28.oktober kl 16:15 I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Haust var temaet for samlinga denne gongen og elevane på dei ulike stega hadde førebudd seg godt. Me fekk høyra både fine songar og flotte dikt. Hallvard og Solveig frå 2.steget gjorde ein glimrande jobb som programleiarar! Fleire bilete>> Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage
|
||
![]()
Kolstiftar 3. steget har teikna med kolstiftar i dag. Tekst: Lars Bakka Foto: Brita Flatøy |
||
Lappar og måling Publisert: Torsdag 25.september 2008 kl 16:30 3. steget har vore på tur i dag. Me hadde med målehjulet og måla forskjellige avstandar. Dei nysteikte lappane smaka godt, med og utan sjølvlaga bjørnbærsyltetøy. Tekst & foto : Annbjørg Luggenes
|
||
|
Kunstnarar i arbeid Fredag 12.september 2008 kl 15:00 ![]() I dag har 3.steget vore på formingssalen og malt bilete. Dei fekk sjå eit haustbilete til inspirasjon. Elevane fekk gult, raudt, blått og kvitt på paletten. Måleria er ikkje ferdige enno, men det ser ut til å bli mange flott resultat til slutt. Fleire bilete>> Tekst & foto: Brita Flatøy
|
||
|
Ei vanleg
skuleveke på 3.steget. Tysdag 9.september kl 11:50
Her kjem nokre bilete som viser litt av aktivitetane på 3.steget siste skuleveka. Tekst: Brita Flatøy Foto: Annbjørg Luggenes og Brita Flatøy
|
||
|
|
||
|
Heile skulen
er på tur Fredag 29.august kl 11:00
I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete
direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er
tilbake frå turen. Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig |
|
Livet i vatnet Publisert: Onsdag 22.august kl 13:00
3. og 4.steget var på tur til Rutle-tjødno onsdag. Me studerte planter, småkryp og småfiskar i vatnet. Mange elevar hadde håvar med seg og fann mykje interessant. Rutle er ein flott plass, og me er svært glade for at me fekk lov å vera der med så mange elevar. Tekst: Brita Flatøy Foto: Brita Flatøy, Laila Magnussen, Jenny
|
|
Kunst og
handverk på 3.steget Onsdag 22.august kl 13:00
I det fine veret fredag tok 3.steget malesakene med seg ut. Elevane malte bilete av skog, sol og blå himmel. Tekst & foto: Brita Flatøy
|