|
SFO | 1.klasse(sag10) | 2.klasse(sag09) | 3.klasse (sag08) | 4.klasse(sag07) | 5.klasse(sag06) | 6.klasse(sag05) | 7.klasse(sag04) | Tilbakeblikk |
|
Tysdag 31. mai var 5. klasse tur til Rutle. Klassen arbeider med tema 'Vatn' for tida, og elevane var ivrige og fann mange ulike småkryp som lever i vatn. Me fiska ikkje, så det vart pølser på grillen. Ei andemor med åtte ungar kom då me hadde matpause, så ho fekk det siste pølsebrødet. Takk til eigarane i Rutle som let oss få bruka det flotte området! Tekst & foto: Aasne H Vikanes |
|
Elevar frå 5. klasse på Litlabø og Sagvåg skule har fått flott omvising i gruvene i dag. Me har køyrd med tog og gått ein lang tur inne i gruvegangane. Elevane var interesserte og hadde mykje dei lurte på. Mennene i Venelaget for Gruo var kjekke omvisarar! Tekst & foto: Aasne H Vikanes |
|
No har alle
elevane i 5. klasse sydd ferdig forkleda sine. Dei vart kjempeflotte! Dei
kan me bruka i Mat og helse i 6. klasse. Det vert kjekt! Tekst & foto: Aasne Vikanes |
|
Publisert: Torsdag 5.mai 2011 kl 17.00 Det var god innsats av 5. og 6. klasse i Fredsstafetten i år. Kjekt å sjå på for dei som var tilskodarar,sjølv om ikkje laga frå Sagvåg var i teten i år. Det var mange som heia laga fram, både klassekameratar og vaksne. Tekst: Kjell Byrknes
|
|
|
I dag har 4. og 5.klasse vore så heldige å få vera med på "samisk dag" i regi av Friluftsrådet. "Samisk dag" er ein del av den" naturlege skulesekken" og det var Knut Arild Sørensen frå friluftsrådet som stod for opplegget. Me starta dagen med å laga sameleir ved Storavatnet og elevane fekk læra å setta opp lavvuar. Etterpå hadde elevane ulike aktivitetar der dei lærte å kasta lasso, driva med Sami duodji (samisk handverk) og elevane fekk også laga ein samisk matrett som heiter Biddus. Dette var ein veldig kjekk og kunnskapsrik dag! Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm m.f. |
|
Publisert: Fredag 29.mai kl 10.30
5. klasse var ute og laga brakeknaggar. Det gjekk med
eindel plaster, men det vart fine knaggar. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
![]() |
|
6 minutt og 8 sekund!
Mellomsteget har hatt matematikkdag.
Det har vore stor aktivitet på huset. Volum, tid og kombinatorikk var tema
i år. Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Lærarane i 5.-7.kl |
|
| Tekst kjem.... |
| Tekst kjem... |
| Tekst kjem....? |
![]() Utedag i vinterver Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45
Onsdag 15. desember hadde 5.
- 7. klasse uteaktivitetar siste del av dagen. Elevane vart delte i lag på
tvers av klassane og me hadde 50-leiken. Etterpå smaka det godt med varm
saft og spidda pølser. Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Kjell Byrkenes |
HuskonsertPublisert: Torsdag 25.november 2010 kl 22.20 I dag var siste dagen musikkstudentane våre var her. Det markerte me med huskonsert der elevane i 2,5, og 6.klasse fekk visa litt av det dei har jobba med. Etterpå viste studentane litt av det dei driv med innan sang og musikk på Høgskulen. Dei kompa oss og på fellessongane. Veldig kjekt med ekte musikk. Takk til studentane for kjekke veker! Tekst & foto: Egil Petterteig |
![]()
Leseveker for
mellomsteget 5.,6. og 7. klasse har hatt leseveker i 2 veker. Me har hatt stasjonar på tvers av klassane, og elevane har lese mykje, dramatisert, lytta på lydbøker, laga eigne bøker og sett filmen "Pitbull Terje". Tekst & foto: Kari Myhre |
![]() |
RomarriketPublisert: Fredag 5.november 2010 kl 13.15
I dei vekene studentane har vore her,
har klassen arbeid med Romarriket i samfunnsfag. Teamt blei avslutta med
gruppearbeid. i dag hadde gruppene framføring. Det var fem flotte arbeid
som vart vist fram. Tekst & foto: Aasne og Annbjørg
|
|
Morosame magnetar Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30 Den
siste veka har elevane i 5. klasse gjort forsøk med magnetar. Elevane har
vore ivrige, og gjort mange forsøk. Dei har òg arbeidd med jordmagnetisme
og himmelretningar. Det vart mange fine kompassroser på asfalten og på
papir. Annbjørg og Aasne |
|
Onsdag
29.9 var mellomsteget på tur med elevane frå Litlabø skule. Me gjekk frå
Litlabø skule, forbi Ulvatjørno og vidare mot Vatna. Nokre blei litt våte
på beina, sjølv om det stort sett var fin skogsveg. Nistepakken åt me
ikkje så langt frå Vatna. Dei fleste elevane fann seg ein plass i
granskogen. Der var det mose og fint å sitja. Etter at tursjokoladen var
fortært, var det mange som hadde mykje energi som måtte ut. Nokre leika,
medan andre brukte krefter på grankvistane. Me kom litt tidleg attende til
Litlabø skule, men elevane nytta tida til leikar og til å spela fotball.
Ein flott hausttur ! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
![]() |
|
Me hadde ein kjekk sopptur med fantastisk kjekke ungar. Soppsuppa smakte veldig bra i år også. Comeniusbamsen fekk også vere med på tur. Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på mellomsteget |
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
|
I dag har 5. klasse vore i området ved sykkelstien og leita etter småkryp. Denne gongen konsentrerte me oss om å finna dei smådyra som kallast nedbrytarar. Det vart òg tid til å plukka bær før me gjekk tilbake til skulen. Tekst & foto: Aasne H Vikanes |