|
SFO | 1.klasse(sag10) | 2.klasse(sag09) | 3.klasse (sag08) | 4.klasse(sag07) | 5.klasse(sag06) | 6.klasse(sag05) | 7.klasse(sag04) | Tilbakeblikk |
Tilbakeblikk |
|
Formingsoppgåva
ferdig!
Tekst & foto: Turid Gjellestad |
|
Mostraspelet, tusen år attende i tida! Publisert: 10.juni 2011 kl 15.20
Tekst: Kjell Byrknes Foto: Kari Myhre & Kjell Byrknes
|
|
Tinestafetten
Laget fekk juice og ei T-skjorte. Tekst & foto: Kari Myhre |
|
Publisert: Tysdag 10.mai 2011 kl 14.15
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Det var god innsats av 5. og 6. klasse i Fredsstafetten i år.Kjekt å sjå på for dei som var tilskodarar,sjølv om ikkje laga frå Sagvåg var i teten i år.Det var mange som heia laga fram, både klassekameratar og vaksne. Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
6 minutt og 8 sekund!
Mellomsteget har hatt matematikkdag.
Det har vore stor aktivitet på huset. Volum, tid og kombinatorikk var tema
i år. Tekst: Anne Elisabeth
Trevland |
|
1.
og 6.klasse på tur. Torsdag 31.mars var 1. og 6. klasse på tur ilag. Me gjekk til "Raugaløo", der koste me oss med bål og pinnabrød. Det blei ein kjekk, men våt tur!
Tekst: Kari Myhre Foto: Kjell Byrknes |
Bjørnstjerne Bjørnson
Biografi: Barndom, ungdom, manndom Forfattarskap: Lyrikk, forteljingar, romanar, skodespel. Smakebitar frå forfattaren sin produksjon Innblikk i Bjørnson sitt allsidige samfunnsengasjement i inn- og utland og den viktige rolla han spelte i oppbyggjinga av Noreg som nasjon.
|
|
Brannsløkking i praksis! Publisert:
Måndag
31.januar
2011 kl
17.30Elevane i 6.klasse fekk øva på å sløkka ein brann ved hjelp av pulverapparat. Alt i regi av Stord brannvern. I tillegg hadde me og besøk frå SKL. Korleis blir det brann? Korleis kan me sløkka ein brann? Korleis blir det brann i elektriske apparat? Dette er berre ein liten del av det dei har lært om. Ei ekstra leksa denne veka blir å sjekka det elektriske anlegget heime, men og andre stader der dei kan få litt pengar for kontrollen.. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Keramikkskåler 6.klasse jobbar no med å lage seg keramikk-skåler. Dei vert kjempeflotte og elevane arbeider godt ;-) Det er arbeidskrevjande og krev mykje tolmod! Tekst og foto: Turid Tvedt Gjellestad |
|
Utedag i vinterver Publisert: Onsdag 15.desember
2010 kl 20.45
Onsdag 15. desember hadde 5.
- 7. klasse uteaktivitetar siste del av dagen. Elevane vart delte i lag på
tvers av klassane og me hadde 50-leiken. Etterpå smaka det godt med varm
saft og spidda pølser. Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Kjell Byrkenes |
|
Julekos! Sjette og førsteklasse har hatt det veldig kjekt i dag. Dei laga først ting av perler. Dei har og laga korger og lenker. Graut og saft smakte godt etter den første arbeidsøkta. Det var til og med to mandlar i grauten! Dei heldige vinnarane fekk ein sjokolade kvar. Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
TEAM ATHLETIC GAMES 2010 - "Friidrett i skulen" Publisert: Tysdag
30.november 2010 kl 21.00Tysdag 30.november deltok elevar frå 6. og 7.klasse på Team Athletic Games på Vikahaugane. Elevane var delt inn i lag, og dei konkurrerte i lengde, tresteg, innkast, kule, frekveshopp, sprintstafett og hinderstafett. Elevane var ivrige og flinke, så det var ein flott dag! Tekst & foto: Kari Myhre |
|
Huskonsert Publisert:
Torsdag 25.november 2010 kl 22.20I dag var siste dagen musikkstudentane våre var her. Det markerte me med huskonsert der elevane i 2,5, og 6.klasse fekk visa litt av det dei har jobba med. Etterpå viste studentane litt av det dei driv med innan sang og musikk på Høgskulen. Dei kompa oss og på fellessongane. Veldig kjekt med ekte musikk. Takk til studentane for kjekke veker! Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
Leseveker for
mellomsteget 5.,6. og 7. klasse har hatt leseveker i 2 veker. Me har hatt stasjonar på tvers av klassane, og elevane har lese mykje, dramatisert, lytta på lydbøker, laga eigne bøker og sett filmen "Pitbull Terje". Tekst & foto: Kari Myhre |
![]() |
![]() Til Sunnhordland Publisert: Onsdag 17.november 2010 kl 15.00 6.klasse har hatt avis som tema i nokre veker, og i tillegg skal dei snart laga si eiga avis. Derfor var det kjekt å få lov til å komma på besøk til Bladet Sunnhordland på Heiane. Svein Birkeland tok godt i mot oss. Me fekk høyra historia til avisa, og korleis dagens avis var blitt til. Me fekk og ei omvisning på huset, og då fekk me sjå kvar avisa vart trykka. Tekst: Kari Myhre Foto: ? |
![]() |
Forfattar-besøk
i 6.klasse Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00
I samband med den nynorske
barnebokfestivalen FALTURILTU ( http://www.falturiltu.no/navsys/frameset.html ),
var me i 6.klasse så heldige at me fekk besøk av forfattar Atle Hansen.
Han las frå den siste boka si, "Den svarte oksen", og han song og spelte
gitar for oss. Me fekk mange gode skriveråd - og inspirasjon til å skriva
forteljingar. Det var veldig kjekt å få besøk!!
Tekst og foto: Kari Myhre |
Nam,
nam!
Publisert: Fredag 5.november 2010 kl 13.15Sjette klasse har hatt studentar i tre veker.I denne perioden har elevane mellom anna jobba med ulike land i Europa.Som avslutning blei gruppearbeida vist for andre i klassen, i tillegg fekk elevane laga mat frå nokre av landa. Me sette opp langbord i basen og koste oss med maten. Nokre meinte dei kunne sløyfa middagen i dag...
Takk for no til studentane!
Tekst og foto: Kjell Byrknes |
|
Onsdag
29.9 var mellomsteget på tur med elevane frå Litlabø skule. Me gjekk frå
Litlabø skule, forbi Ulvatjørno og vidare mot Vatna. Nokre blei litt våte
på beina, sjølv om det stort sett var fin skogsveg. Nistepakken åt me
ikkje så langt frå Vatna. Dei fleste elevane fann seg ein plass i
granskogen. Der var det mose og fint å sitja. Etter at tursjokoladen var
fortært, var det mange som hadde mykje energi som måtte ut. Nokre leika,
medan andre brukte krefter på grankvistane. Me kom litt tidleg attende til
Litlabø skule, men elevane nytta tida til leikar og til å spela fotball.
Ein flott hausttur ! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
![]() |
![]()
Ei stor konsertoppleving På tysdag var 4, 5 og 7 klasse var på konsert. Me fekk vere med og delta nesten heile tida. Me song, klappa og laga bobler. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
![]() |
Kunstnarar a´ la Rolf
Nesch! Publisert: Torsdag 23.september
2010 kl 12:40Sjette klasse fekk sjå utstillinga av nokre av Rolf Nesch sine arbeid i Kulturhuset i dag. Det var Kristine Thorkildsen som var omvisar. Elevane fekk vita ein del om kunstnaren sin bakgrunn, og sjå reiskapar han nytta i arbeidet sitt. Dei lærte og ein del om korleis han jobba fram kunstverka sine. Etterpå fekk elevane prøva seg som kunstnarar. Dei hadde det kjempekjekt og " tok seg ut" med liv og lyst. Det ble laga mange kunstverk på kort tid! Nokre hadde sikkert stått der enno, om det ikkje var for bussen som venta. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Publisert:
Torsdag
2.september 2010 kl 12:10
I dag har 6. og 1. klasse hatt ein kjekk time saman. Fadrane i 6.klasse las høgt for fadderungane sine, og etterpå spelte dei spel, teikna og var ute i det fine veret. Tekst & foto: Kari Myhre |
|
Me hadde ein kjekk sopptur med fantastisk kjekke ungar. Soppsuppa smakte veldig bra i år også. Comeniusbamsen fekk også vere med på tur. Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på mellomsteget |