6. å r s s t e g (sag03)  2 0 0 8/0 9                Tilbakeblikk

Kontaktlærar>>


Publisert kl 23:30   22.juni 2009 (Opptak fredag 29.mai 2009)

6.steg til Moster fredag 29.mai

Også i år fekk 6. steget reisa til Moster og sjå Mostraspelet. Det var ei flott oppleving! Takk til foreldra som hjalp oss med transport. Sjå også denne sida>>

Kari

 

Litlabø og Sagvåg på tur
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 13:20

Tradisjon tru, var mellomstega på dei to skulane på felles tur fredag.

Me starta ved crossbana, gjekk mot Rødkleiv og innover Stordalen, via Dale og Fiskarelva, og tilbake til utgangspunktet. Veret vart betre enn forventa, og dersom elevar var våte til oppunder armane, var det ikkje på grunn av sterke regnbyger. Ein sosial og kjekk tur. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

 


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 09:00

Eit magisk møte med lyset

6.steget hadde tysdag besøk av Øyvind Hjelmen. Me fekk laga kvart vårt kamera (i papp!), og tok bilde med det. Me kunne berre at eit bilde kvar, og det tok frå 30-90 sekund å ta det. Mange fekk fine bilete! Sjå eit døme her>>

Tekst & bilde: Egil Petterteig

 

 

   

 


Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00

Matematikkdagar

Det var masse hjernetrim for elevane på mellomsteget i dag. Elevane vart delt inn i 5 grupper og arbeida med ulike oppgåver både ute og inne. At matematikk kan vere så kjekt. Fleire bilete>>   Ein liten film>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Publisert : Torsdag 19.mars 2009 kl 16:00

Koordinatsystemet

....er kjekkare å læra når ein kan gå ut og hoppa i rutene ved rektor sitt kontor. Etterpå kunne me ta maten ute i sola. Kjekt med vår!

Tekst & foto: Egil  Petterteig

 


Publisert : Tysdag 17.mars 2009 kl 12:15

Ekstremsport på 6.steg

6.steget fekk ein røff start på "studentvekene" då ein av studentane tok fram kunstene sine frå militæret i gymtimen på måndag. Dei gjorde ein fenomenal innsats i regnværet, og jobba og sleit med tunge bører. Elevane synest utruleg nok dette var kjempekjekt, og utslitne men fornøgde kunne dei rusla inn til tørre klede og ei lite belønning etterpå.

Me håpar dei tek vare på kampviljen og vinnarlysta :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig


Publisert : Torsdag 12.februar kl 15:40

Det gjekk så det kvein....

Ski, akrbrett, kjelkar, andre brett og store plastdukar. Alt dette vart brukt i Dalebakkane då mellomsteget nytta dagen i snøen. Me steikte pinnabrød, og elevane hadde med seg pølser, brød med kvitost og karbonadar. Ein kjekk dag i snøbakkane. Fleire bilete her>>

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og assistentar på mellomsteget.

 


Publisert : Tysdag 10.februar kl 13:25

Akedag

I dag, 10. februar, har 1. årsteget saman med fadrane sine hatt akedag. Me har vore i Øystein Dybvik sine bakkar og aka.

Me har kost oss, både store og små. Eit fantastisk ver har me og hatt.

Tekst og foto: Kari Almås


Publisert : Onsdag 4.februar kl 14:40

Skeisemesterskap

Onsdag 4. februar var dei som hadde lyst frå 4. - 7. steg med på skeisemesterskap på Vikahaugane! Det var nok ikkje tenkt at snøen skulle lave ned heile dagen, men trass i mykje snø, forseinkingar og litt våte kler var det ein sporty gjeng som var med frå Sagvåg skule. Distansen dei gjekk var 50 m og dei gjekk mot medelevar. Etterpå vanka det fine medaljar til alle som var med.  Her er også ein liten film>>. Her er fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Publisert fredag 23.januar kl 13:45

Sagvågposten

Elevane på 6.steget har laga skuleavis der overskotet av salet går direkte til Redd Barne. meir informasjon om dette kjem snart.

Tekst: Lars Bakka Foto:...

 


Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30

Utedag med 6.og 7.steg

6. og 7. steg hadde nokre koselege timar ute i skogen onsdag 17.desember. Me spidda pølser på bål, drakk varm saft, leika "50-leik" og slo ball. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Myhre

 
Måndag 15.desember 2008 kl 13:42
Julepynt og graut

1. og 6.steget har laga julepynt og ete graut i lag i dag. Koseleg og kjekt.

Tekst og foto: Egil Petterteig

 

 

Fredag  12
.desember 2008 kl 10:10
Lucia og adventsamling

I dag var det 1. og 6.steget som hadde ansvaret for adventsamlinga. 1.steget gjekk også Lucia til alle årsstega. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 Nissemarsj
Torsdag  11.desember 2008 kl 09:30

Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg.

 Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Tysdag 25.november 2008 kl 15:00

Tysdag 25.november fekk 6.steg koma på omvisning til Sunnhordland på Heiane. Svein Birkeland viste oss rundt på huset, og me fekk sjå korleis ei avis vert laga. Han fortalde oss og avisa si historie, og me fekk gode tips som me skal nytta oss av når me no snart skal laga vår eiga avis.

Tekst & foto: Kari Myhre


 

Publisert: Tysdag 18.november 2008 kl 12:30

Tysdag 18. november arbeider heile 1. steget med data. Me har oppgåver i norsk og matematikk. Då er det godt å ha fadrane som kan hjelpa oss nå me har behov for det. Fleire bilete på sidene til 1.st og 6.st

Tekst & foto: Kari Almås

 

 
 

Publisert: Måndag 4.november kl 12:40

I samband med den nynorske barnebokfestivalen FALTURILTU, var me på 6.steg så heldige at me fekk besøk av ein ekte forfattar! Han heiter Arnfinn Kolerud og kjem frå Isfjorden i Møre og Romsdal. Han las frå bøkene sine, og me fekk spørja om det me lurte på. Me hadde og ein liten skrivekonkurranse, og då vann to elevar bøker.

Tekst & foto: Kari Myhre


 


Publisert: Fredag 31.oktober kl 12:30

Etter to økter har gruppe 1 og 2 laga kvar sin musefellebil. Nokre bilar tok ein sving, medan andre gjekk rett fram. Stor friksjon og spinning gjekk ikkje bra.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


Publisert: Tysdag 28.oktober 2008 kl 16:15

Mellomsteget har hatt teknologi og design på timeplanen i dag. Me skal ha dette kvar tysdag og torsdag i tre veker no. Elevane lagar musefellebil, papirhelikopter, mekaniske kort, og flaskerakettar. Det vart laga mange fine og kreative kort, og mange modellar av papirhelikopter vart testa ut. Med rakettane vart det futt og fart på skuleplassen, men alle bilane var like heile etterpå.........
To filmar: Film 1 og film 2 

Tekst & foto: Egil Petterieg m.f

.

 
 

Publisert: Torsdag 22.oktober 2008 kl 12:00

Det var stor aktivitet på musikkgruppene til 5 og 6 steg i dag. Me hadde som vanleg gitar på ei gruppe. 3 lærarar som kan hjelpe til, er ganske flott. Ei gruppe var i amfiet og dansa. Tredje gruppa lytta til musikk og teikna.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Publisert: Onsdag 22.oktober 2008 kl 12:00

I desse dagar får elevane på 5.-6. og 7.steget oppleva å ha mange nye lærarar. Denne og neste veke har studentar på Høgskulen Stord/Haugesund praksis  på desse årsstega. Det er dei same studentane som kjem tilbake etter jul. Til neste år skal dei ha praksis i småskulen, så me har god tid til å bli kjent med dei.

Tekst & foto: Lars Bakk

 

 

Halve 5.steget har prøvd seg på å laga varmluftballong i dag. Me lærte litt om korleis det burde ha vore, så i morgon skal resten av klassen ha eit endå meir vellukka forsøk. Me må redusera vekta, og laga mindre opning nede, slik at me får samla den varme lufta betre. I morgon vert det høgtflygande ballongar!!

Tekst: Egil Petterteig Foto: Toril Sandvik Bruket

Eplekake
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 14:25

Onsdag i denne veka vart alle på 1. steget inviterte til å eta eplekake som heimkunnskaps gjengen hadde bake av epla me henta hos Kari Myhre.

Det var litt is i tilegg til eplekaka.

Tekst: Kari Almås  Foto: Kari Myhre



Full fart i gymsalen
Tysdag 16.september 2008 kl 10:10
(oppdatert kl 14:30)

Heile mellomsteget var med då Mariann Steinsland frå Nysæter barnehage kom ned til oss og hadde aerobic-time i gymsalen. Det var mange blide fjes å sjå blant elevane.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

Me haustar eple
Fredag 5.september kl 13:45

Fredag 5. september var 1. og 6. steget i hagen hos Kari Myhre og hausta eple. Der var det mange epletre med kjempemykje eple på.
Om eit par veker skal elevane på 1. steget verta inviterte på eplekake av dei på 6. steget.

Tekst og foto: Kari Almås

 
Les for meg!
Tysdag 2.september kl 12:45

6.steget har i dag lese til fadderborna sine. Me hadde ei koseleg stund i lag.

Tekst & foto: Egil Petterteig

 
Heile skulen er på tur
Fredag 29.august kl 11:00

I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er tilbake frå turen.
Oppdatert kl 14:00! Her finn du bileta frå turen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Storskulen på sopptur til Nesskogen
Onsdag 22.august kl 14:30

Sidan me har hatt ein solfylt sommar i år, var det vanskeleg å finna sopp. Men me fann likevel både kjuker, kantarell og steinsopp. Kantarellen hadde me i suppa, og dei fleste syntest soppsuppa var god. Me hadde ein fin dag i skogen med eksemplariske elevar.

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og elevar på mellomsteget