Oppdatert: 31.01.12

Nyaste elevrådsmøte
Tidlegare saker i elevrådet 2011/12>>
 | Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>> | Klasseråd! NY!

Dette året vert  elevrådsmøta tysdagar kl. 10.00 på Bleikjo.

Her er datoane:
   
13/9 17/10 14/11 5/12 16/1 13/2 12/4 16/4 14/5 11/6


Elevråd 16.1.12 Referat.

1.klasse (sag10)   2.klasse (sag09)

  1. Las og kommenterte referatet frå sist møte.
  2. Det er ofte ekkelt på do til 2.og 3.klasse. Kva kan me gjera med det?

 Alle må halda det fint. Ingen må grisa det til.

3.klasse (sag08)

4.klasse (sag07)

4. klasse har hatt klasseråd, og elevane kom med eitt forslag til elevrådsmøtet.

Klassen har ønskje om ein trampett til innebruk i kroppsøving. Det er plass til ein elev om gongen på denne, og ein hoppar/dett ned på tjukkassen.

Elevrådet meiner det hadde vore kjekt med trampett. Det må vera vaksne med under bruk.

Svar frå rektor: Det er strenge reglar for bruk av trampett i skulen. Lærarane som skal vera instruktørar skal m.a. ha eige kurs. Det har vore rettsakar der skular har blitt dømt for å vera uakstomme i samband med at elevar er blitt skadd på trampett:
Rt-1997-1081 
Skoleelev pådro seg ryggskade etter mislykket salto med sats fra trampett under kroppsøving i videregående skole. Høyesterett vurderte faremomentene ved bruk av trampett, og kom til at gymnastikklæreren hadde opptrådt uaktsomt. Fylkeskommunen ble erstatningsansvarlig.

Det vert nok ikkje trampett på Sagvåg skule før ein lærar har teke kurset.

  5.klasse (sag06) 6.klasse

Kan me få nye sjongleringsballar?

Dei somme hadde  er øydelagt, ein del tulla med ballane. Fint om me kan få nye.

 Svar frå rektor: Ja, eg skal snakka med aktivitetsleiarane om det!

Mange hiver frukt ute. Det er most banan på vindauget til gym.salen.

Elevrådet meiner at dei som gjer det må slutta med det.

 

Kan me få ny brentballkølle? Den er øydelagt. Me har sett elevar bruke brentballkølla til å leikeslost med.

Elevrådet meiner at dei som øydelegg utstyret ikkje bør få låna det. Fint om me kan få ny kølle.

 Svar frå rektor: Ja, eg skal snakka med aktivitetsleiarane om det!

Me inviterte Lars Bakka på klasseråd for å diskutere akvarie, pokal og ballbinge.

 Svar frå rektor: Eg har hatt møte med 6.klasse:
Ballbingen: Denne vert 'preparet' med ny sand til våren
Akvariet: 6.klasse tek med fisk og planter, varmekolbe og pumpe. Skulen har ei pumpe utan feste, sand og akvarium. Då fiksar 6.klasse resten ;-)
Vandrepokalen: Eg har tenkt litt på dette. Lurte på å ha vandrepokalen til Vekeoppdraga, men trur ikkje det er så lurt. Har 6.klasse fleire idear?

Akvarie: Me kan ha akvarie på kjøkenbenken på mellomst. 6. kl må ha ansvar for fiskane.

Akvariet er på plass og vil snart bli tatt i bruk.

7.klasse (sag04)


7.klasse har hatt klasseråd, og hadde disse nye sakene til elevrådet:

- Me ynskjer at me skal gå gjennom elevrådsreferatet felles i amfieet.

Elevrådet meiner det ikkje er så lurt. Det er ikkje alle som vil sei noko høgt de .Det vil og bli mykje lyd..

- Me ynskjer å vera i gymsalen istadenfor å gå på tur.
Svar frå rektor: Dette gjer det vel iblant no :-)

- Dersom me må gå på tur, ynskjer me å gå i løypa. Det var kjekt då me la lapp i postkassen.

Elevrådet: Dette er blitt ordna av dei som har ansvaret for turane.
Svar frå rektor: Opplegget med lappar har me prøvd før, det art for dtngvint, og postkassenvart øydelagt i helgene.

Desse sakene  må Lars svara på :

- Kan skulen opna kl. 8 om morgonen?
Svar frå rektor: SFo har ope frå kl 06:45. På mellomsteget tek skulen til kl 08.30. Likevel så har me vakt ute frå klokka 08:15. Dette har noko med arbeidstida til lærarane å gjera. Før kl 08.15 kjem me ikkje til å opne dørene for elevane då me då ikkje kan ta ansva om det skulle skje noko alvorleg når me vaksne ikkje er det. Alle på mellomstegte bør komma til skulen mellom kl 08:15 og 08:30 -Ikkje etter 08:30!! ;-)

- Me ynskjer å vera igjen på skulen etter skuletid for å gjera lekser.

 Svar frå rektor: Her gjeld det same som over. Før har mellomsteget hatt ei ordning der lærarane på mellomsteget har vore greie og sett etter at det har gått fint. Dette kan de ta opp med Kjell som også etr teamleiar for lærarane i 5.-7.klasse.

Elevrådet  vil nemna at skulen har kjøpt inn rumpeakebrett. Trivselsleiarane kan føra liste over dei som låner.

 

Skrivar:
Kjell Byrknes
-elevrådskontakt.- 
kjell.byrknes
@stord.kommune.no
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no