Gjer Sagvåg skule til startside                        ArbeidsplanarKontakt | Heimekontor  | Utleige av skulen | KalenderRombruksplan | Skulebiblioteket 

 

                   
SFO 1 2  3 4 5 6 7  
                 

                    Søk i skulebiblioteket Wikipedia  |  Google | Kvasir junior | Tilbakeblikk  



Smartboardkurs
Fredag 3.februar 2012

Fredag hadde lærarane ved Sagvåg skule kursdag nummer to om bruk av Smartboard med Ingvild Toft. Den første kurdagen var i haust. Etter denne andre kursdagen veit me mykje om avansert bruk av dei digitale tavlene våre. Om nokre år må det vera slike tavler i alle klasseromma.

Tekst & foto: Lars Bakka


Ein fin vinterdag
Fredag 3.februar 2012

Det vart ein stille fredag på Sagvåg skule. Elevane hadde fri medan lærarane var på kurs.

 

 

Veit du kve den nye helsesøstera vår er?
Les meir her>>

 

 

 

 

 Elevane har ordet!

Soling  Utleige av skulen  Her finn du oss!
 

Klasseråd
&
Elevråd

 

 

 

Laurdag 4.februar er det 2.divisjons kampar i bordtennis i gymsalen på Sagvåg skule. VELKOMMEN! - - - -

 


 

Innlogging
>>Elevundersøkinga


(Du finn passord på Fronter)

 

Share/Bookmark     

Sjå tilbake på hausten 2011>>

 

Oppslagstavla:

Infoskriv nr 10: Etter informasjonsmøtet onsdag 1.februar
Skuleruta 2012/13 er vedteken
Refera frå møte i FAU onsdag 18.januar
Nye satsar for opphaldsbetaling i SFO frå januar 2012>>
Plan for symjeundervisninga våren 2012
Kulturskulen arrangerer Parkour-trening på Sagvåg skule
Informasjonsfaldar til deg som har barn i Stordskulen (versjon haust 2011)  


 

God mat er viktig
Torsdag 2.februar 2012

Kvar torsdag kan elevane i 5. til 7.klasse  kosa seg med grove rundstykke og smørelunsj. Det er elvane som jobbar i elevkantina som gjer alt klart og ryddar etterpå. Mange vil ha det slik kvar dag, men då tenkjer dei elevane nok ikkje på at det er foreldra som betaler for dette....
Kva det kostar å melde seg på ordninga finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Dokkemakarar i 7.klasse
Fredag 2.februar 2012

Elevane i 7.klasse er flinke handverkarar og kunstnarar. Du kan sjå utstillinga i 'Stokksunder' på Sagvåg skule i desse dagar.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


 

Nytt vekeoppdrag
Torsdag 2.februar 2012

Denne gongen var det elevane i 4.klasse som hadde laga det nye vekeoppdraget. I desse tider med mange forkjølte elevar og vaksne er det viktig med god handhygiene. Oppdraget er: Me vaskar hendene før mat!  

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 

Engasjerte foreldre
Onsdag 1.februar 2012

I kveld stilte kommuneleiinga til informasjonsmøte om den moglege nedlegginga av Litlabø skule. Innan 15.februar skal rådsorgana ved skulen uttala seg. Etter samlinga i amfiet var det drøftingsmøte i FAU, Skulemiljøutvalet og Samarbeidsutvalet.
Det kjem også skriv frå FAU til alle heimane med informasjon om korleis de kan komma med eigne innspel direkte til FAU.

Presentasjonen som Marit Kjelby og Reidun Myklebust nytta
Presentasjonen som Iren Dyrseth nytta

Tekst & foto: Lars Bakka

 


 

Full trøkk frå første tone
Onsdag 1.februar 2012

I dag hadde me konsert på skulen. Det var tre Bergensmusikarar som hadde laga norske tekstar til gamla rockelåtar. Elevane var heilt med frå første tone, og det svinga skikkeleg heile vegen!

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


 

Pizza = fest
Onsdag 1.februar 2012

Nydeleg, skulelaga pizza og festdekka bord for nokre 6. klassingar i dag.
6.kl  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


 

Planetane
Tysdag 31.januar 2012

Verdsrommet er spennande å lære om. 6. klasse har starta arbeidet med å laga planetane av ballongar, avispapir og tapetlim.
6.kl  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


 

Leselyst
Fredag 27.januar 2012

Elevane frå 6.klasse las for 1. klasse. Dei minste lytta ivrig. Dei eldste gjorde ein kjempegod lesejobb. Lesestunda vart avslutta med eplekake som me baka saman i haust. Det vart også tid til litt teikning og speling.
1.kl     6.kl  
 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ikkje berre aking
Onsdag 25.januar 2012

Me er glade i snøen, men det kan kanskje vera greitt å minne om at det meste av skuledagen er hardt arbeid med faga. Eg tok med meg fotoapparatet og gjekk liten runde rett etter mat. Her bileta som vart knipsa mellom kl 11.50 og 12.00
Fleire bilete
 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Stasjonsarbeid i 2.klasse
Onsdag 25.januar 2012

Før me gjekk ut og akte i dag, arbeidde 2.klasse på stasjonar. Dei skreiv ord om verdensrommet med hoppebokstavene, øvde seg på samanhengande skrift, las i småbøker og jobba med matematikkoppgåver på Salaby. Her kjem nokre bilete frå dei ulike aktivitetane.
Fleire bilete

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


 

Friminutta vert kjekkare med snø!
Tysdag 24.januar 2012

Også i dag var det flott vintervêr og eit jublande kjekke friminutt!!
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka


 

Kjekk avslutning på BlimE-veka
Fredag 20.januar 2012

"Vil du BlimE meg og spela eit spel på fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er absolutt godkjent :-)
1.kl   2.kl 3.kl   4.kl
 

Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen


 

BlimE-dagar
Fredag 20.januar 2012

Tysdag og torsdag gjennomførte mellomsteget BlimE-dagar. Elevane vart delt i grupper på tvers og målet med aktivitetane var samhald og gjera noko kjekt og fint for andre. Me hadde ein kjøkkenstasjon der elevane steikte vaflar, laga hjerteserviettar, dekka bord og gjorde det koseleg for alle, to stasjonar der elevane skulle leika saman og spela spel og ein stasjon der elevane skulle laga eit fint kort til ein hemmeleg venn. Det vart to kjekke dagar og elevane var gode BlimE-ambassadørar :-)
5.kl 6.kl   7.kl

Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Beate Føyen, Hildegunn Heimro, Lars Bakka

 

Karate & respekt
 Fredag 13.januar 2012

På vekesamliga i dag demonstrerte Amelia, Mihail, Maria og Håvard karate for skulen. Dette er ein flott idrett som også har vekeoppdraget vårt, respekt, i fokus.
Neste vekeoppdrag er BlimE-veke!

Foto: Hildegunn Heimro Tekst Lars Bakka

 

Kjekkare fysisk aktivitet!
Torsdag 12.januar 2012

I dag har elevane hatt både Zumba og hjørnefotball i økta med fysisk aktivitet. Dette er ikkje vanlege gymtimar, men eit aktivitetstilbod som assistentane har ansvaret for. Målet er at alle elevane skal få oppleva fysisk aktivitet i form av gym eller desse aktivitetane kvar dag.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen


Endeleg ein onsdag utan regn !

Onsdag 11.januar 2012

1 og 2 klasse var som vanleg om ute. Denne gongen steikte me fiskekaker på grua og alle leika i nærområdet til skulen :)
1.kl   2.kl

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


6.-10.februar 2012


 

Jone kan spela ukulele
Fredag 27.januar 2012

Det var Jone som stod for det musikalske innslaget på vekesamlinga ved Sagvåg skule i dag. Han er ein flott musikant som viste oss at han også kan spela ukulele. Det nye vekeoppdraget er enkelt....
Lever leksa til rett tid!

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 


 

Endeleg SNØ!
Måndag 23.januar 2012

Endeleg vart det snø og mange glade ungar  kunne ta med seg akebretta ut i friminutta i dag. Det er flotte akebakkar rundt skulen. Me har også mange rumpeakebrett til utlån.
Bileta er samla på sida til
3.kl
 

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving


 

Orienteringsmøte i FAU
 Onsdag 18.januar 2012

Onsdag kveld var det orienteringsmøte i FAU om høyringsnotatet om mogleg nedlegging av Litlabø skule. Onsdag 1.februar er det orienteringsmøte for alle foreldra på Sag våg skule. Etter dette vil FAU skrive ein  uttale til sake.
Trafikksituasjonen på skuleområdet til skulen og lærartettleiken var også tem i møtet. Referat kjem seinare.
Innkallinga finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Høyringsnotat
 Tysdag 17.januar 2012

Her er dokumenta knytt til framlegget om nedlegging av Litlabø skule>>
Meir på nettsida til Stord kommune>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Foto: Lars Bakka 20.desember 2011

Første skuledag etter ferien er tysdag 3.januar kl 08.30
SFO er open som vanleg frå kl 06.45
Infoskriv frå skulen:
Nr 7 (Ranselpost 4/1-12)

Her finn du skuleruta 2011/12

Nysæterbassenget har venta på oss lenge no :-)
Måndag 9.januar 2012

Endeleg kunne me ta i bruk Nysæterbassenget igjen til symjeopplæring etter at det har vore stengt av økonomiske grunnar i heile haust. No skal me nytta tida godt utover våren. Tysdag kjem det også reportasje i Sunnhordland frå den fyrste symjetimen til 2.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka 

Godt nytt år og ny start med nye vekeoppdrag!
Tysdag 3.januar 2012

Det nye året starta me nyttårshelsing og nytt vekeoppdrag. Denne gongen er det 7. klasse som står bak forslaget til vekeoppdrag som handlar om å ha respekt for kvarandre. Takk til 7. klase for godt og viktig forslag.

Tekst:Hildegunn S. Heimro

Arkitektar i arbeid!
Onsdag 4.januar 2012

Tidlegare i haust teikne 6. klasse den raude løa. Me tok mål av den. Dei har me forminska. Elevane har laga modellar av løa. Desse kan du no sjå utstilt i Stokksund.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 

Ei snømus, ei havfrue, eit menneskehovud og dyr....
Tysdag 24.januar 2012

Deler av 7. klasse laga i dag snøskulpturar, den andre delen av klassen kosa seg med teikning inne i klasseromsvarmen.
Fleire bilete
 

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket


 

"Kuvenninnene"

Annlaug Auestad, forfattar og illustratør, var på besøk hos småskulen i dag. Ho viste oss korleis ho har arbeidd med å illustrera boka "Kuvenninnene". Boka handlar om fem venninnekyr som kranglar om kven som er finast og best. Det heile endar med at dei bestemmer seg for å slutta å krangla, og berre vera fredelege kyr. Dette var ei kjekk oppleving med koselege bilete, musikk og "kusnakk". Fleire elevar vart inspirerte, og teikna kyr då me kom tilbake til klasseromma.
4.kl

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

Ut på tur, aldri sur!
Onsdag 18.januar 2012

BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør.
1.kl   2.kl 3.kl   4.kl

Tekst & foto: Brita Flatøy

Kake og film som takk!
Onsdag 11.januar 2012

4. klasse fekk i dag vitjing av Magne Kydland i bladet "Sunnhordland" Han kom med marsipankake til oss. I tillegg hadde han med seg ein film om korleis avisa blei til. Grunnen til denne omtanken var ei takk frå avisa til oss, fordi me sende inn fine juleteikningar til Sunnhordland si "juleavisa". Dei fleste syntest kaka var kjempegod!

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Anne Brit Holm

Nye bøker
Onsdag 4.januar 2012

Bibliotekarane Marta, Synne og Vilde kan tilby mange heilt nye bøker i skulebiblioteket. Det er både skjønnlitteratur og faktabøker.

Tekst & foto: Lars Bakka

2.klasse i bassenget
Tysdag 10.januar 2012

Det vart eit stort oppslag i Sunnhordland då 2.klasse endeleg kom i gang med symjeopplæringa i går.

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

Sjå tilbake på hausten 2011>>

Sagvåg skule
Fitjarvegen 120, 5410 Sagvåg
Tlf. 53 40 97 10  mail: sagvaag@stord.kommune.no