|
Ottesen Skipsbyggeri
På 1900 fanst det to
jobbar for menn, gruvearbeid og skipsbygging.
Her har eg skrive om Ottesen skipsbyggeri:
Ottesen
skipsbyggeri blei starta av Otte Ottesen i 1825. Dette er det eldste
skipsbyggeriet som framleis er i drift i Noreg i dag. Skipsbyggeriet har
sidan gått i arv fra far til son heilt fram til i dag. Rekorden har det vore
heile sju skipsbyggeri på Jensaneset og arbeid for 150 mann. Ottesen
skipsbyggeri kjøpte etter som tida gjekk opp dei andre og vart det einaste
igjen på Jensaneset.
Etter kvart fekk dei oppgangssaga på båtbyggeriet som gjorde arbeidet
lettare. Denne gjekk først på vannkraft og seinare på motor. Oppgangssaga
står fortsatt i dag og det er fullt mulig og starta den og sjå korleis denne
virker. Saga blir starta kvart år på vervadagen. Når den er i drift rister
heile huset den står inni og dette er stilig å sjå altså. Ungane arbeida
under denne sagen før i tida. Dei jobba med å spa opp sagmugg og kaste dette
på sjøen. Dette var eit fint arbeid, for på ein kald vinterdag var det
likevel varmt og godt under saga. Heile sjøbotnen i Sagvåg er i dag og dekka
av sagmugg etter denne og andre sagbruk som har vært i området. Saga på
Jensaneset er kjent blant, men denne er ikkje den einaste. Den første saga
kom til Sagvåg på 1400 tallet og har gitt navnet til staden. Dette er ikkje
alle unge som bur i Sagvåg i dag klar over.
Etter
kvart fekk byggeriet også eiga smie og mekanisk verksted. Då sønene til Otte
Ottesen overtok drifta i 1901 blei det modernisert. Det siste av dei andre
byggeria på Jensaneset vart kjøpt opp og eitt av dei fekk moderne sagbruk og
patentslipper. Brødrene som overtok var bare 17 og 20 år, men hadde fått god
opplæring og dreiv byggeriet med glans.
Arbeidet
på byggeriet vart lagt ned i 1960, men det vert framleis reparert båter der
ved
Sagvåg motor og båtservice, som er det nye navnet på verkstedet. Dei gamle
bygningene som tidligere var i bruk er restaurert. På vervadagen kan du gå
og sjå , verkstedet, tjæregrytene, smia, lageret og steameren akkurat som om
det skulle vert i 1950.
Den gamle matbutikken ligger fortsatt på kaien, men ble lagt ned rundt 1980.
Når mennene ved verftet satt og hadde pause ved den gamle eika, var det om å
gjera å koma med bra kommentarer når konene kom forbi på handleturen sin.
Breiavikjo mellom
1900 - 1906.
Gamalbrakko frå 1906 er ikkje komen opp.
Båtane dei bygde på
Ottesen Skipsbryggjeri blei for det meste selde til folk frå lokalområdet,
det vil seie mellom Bergen og Haugesund.. Det hende og at båtar hamna i
Lofoten,i Oslo og på Island.
I 1919 begynte dei bygginga av ein 152 fots båt i Breivikjo. Kontrakten vart
kansellert, og skipsbryggjeriet der gjekk konkurs. Det blei kjøpt opp av
Jensanesverven i 1930.
Breiavikjo og
Sandholmen 1919.
Skonnerten Wilma under bygging.
|