| Målark
ved Sagvåg skule Sjå også "Oversikt over målark ved Sagvåg skule">> |
Kva er "målark"? Målarkheftet til 1. til 4.årssteg>>
|
| Forteljinga om Hans:
Hans er 9 år i mai, og har gått 4 år på Sagvåg skule. Etter at elevane ved Sagvåg skule flytta over til den nye skulen i januar 2005, har Hans fått litt lengre skuleveg, men kva gjer vel det når vegen er trygg og skulehuset er nytt og fint. Då Hans tok til på skulen hausten 2004
gledde han seg til å få visa kor flink han var til å rekna. Allereie
då Hans var 4 år kunne han seie alle tala på bilskilta, men dei to
bokstavane først på skiltet var det verre med. Kanskje ikkje så rart,
det er trass alt 29 bokstavar i alfabetet og berre 10 ulike tal i
talsystemet vår. Foreldra var stolte av Hans, og det hadde dei all grunn til. Likevel vart skulestarten for Hans ein liten nedtur. Vel og bra at han fekk vise kor flink han var i matematikk, og han viste allereie den første hausten at han hadde nådd måla i heile malark nr 1 i matematikk, og i februar tok han som første elev på alderssteget til med målar 2 i dette faget. Det var norskfaget som gjorde skulestarten til ein nedtur. Det to bokstavane først på bilskilta såg ut til å fylgje etter Hans. Ikkje likte han dei, og han kjente dei ikkje att når han såg dei. Mange av elevane i gruppa til Hans kunne både lesa og skriva då dei tok til på skulen. Hans kunne berre "sin bokstav" H, men der var det også stopp. Når no lærarane kom "drassande" med ein ny bokstav mest kvar veke vart det reint for mykje for Hans. Det gjekk med andre ord seint med skrive og leseopplæringa. Foreldra tok også til å bli noko urolege, men dei vart rolegare då dei fekk høyre at det ikkje var så uvanleg at det kunne vara eit par år i skilnad på kor flinke elevane i ei aldersgruppa var på dette området. Hans, som eller er ein gløgg gut, vil heit sikkert "knekke" lesekoden om han får tida til hjelp. ------------- No har Hans gått fire år på skulen, og me er komne fram til våren 2010. Hans er framleis i basearealet til småskulen, og i "fellesfaga" som t.d. samfunnsfag, historie og kunst og handverk er hans saman med medelevane som alle ha gått fire år på skulen. Når elevane har stasjonsarbeid med kjernefaga norsk, matematikk og engelsk legg Hans merke til at han i norsk og engelsk arbeider med oppgåver som mange av dei yngre elevane også gjer. Det er til og med nokre jenter i "engelskkroken" som går i 1.steget som gjer det same som han. Nei, då er det kjekkare i matematikk-kroken. Der er Hans i full gang med oppgåver som det mest er berre han som får rekna på småskulesteget.
Sjølv om kontaktlæraren til Hans legg stor vekt på å gje guten støtte og oppmuntring i dei aktivitetane Hans meistrar, veks det no fram ein aukande uro med tanke på lesefarten til Hans. Rett nok kan Hans lesa, men det går smått, og han lyderer seg gjennom lesearbeidet og peikefingeren føl ord etter ord. Heimen melder at den delen av leksa Hans ikkje for til til å gjera i leksetida på skulen, går det tungt med heime. Hans seier ofte at han "hatar" historie, samfunnsfag og norsk, med andre ord fag som krev lesefart og -dugleik. Våren dette fjerde skuleåret tek kontaktlæraren til Hans saka opp med foreldra og Hans i utviklingssamtalen. Læraren er redd for at ha vil oppleva at mangelen på lesedugleik vil gå ut over alle dei andre faga, også matematikk som til no har vore plankekøyring for Hans. Kontaktlæraren veit at kravet til lesedugleik i matematikkfaget aukar utover på mellomsteget og i ungdomsskulen, og om Hans ikkje får eit løft når det gjeld lesedugleik, vil han snart oppleva eit dobbelt nederlag, både i "lesefaga" og i matematikk. Då kan Hans raskt utvikle eit meir negativt forhold til skulen og eiga læring og meistring. Korleis gjekk det med Hans? |