Plan for arbeid med VURDERING

Vurdering utan karakterar i fag kan bli formidla til eleven og dei føresette på fleire måtar:
- ved kommentar på skriftleg og munnleg arbeid
og prøvar
- i heim-skule-samtale
- i elevsamtale
- gjennom mappevurdering
- ved bruk av logg
- gjennom eleven sin arbeidsplan
Elevmedverknad:
I forskrift til opplærinslova,§3-4 står det at elevane skal delta i
vurderingsarbeidet.
|
INNHALD
|
| «Tiden fordrer altsaa med Nødvendighet, at der vides Meget, og Skolen maa altsaa ogsaa lære sine Elever Meget. Det gjælder derfor desto mere om, at det læres paa den rette Maade, saa at det ikke lægges hen som en død og ufrugtbar Skat, men derimod bliver til en levende Kundskab, der slaar varig Rod i Aanden og bærer Frugt for Livet.» Sitatet er henta frå eit sirkulære frå Kyrkjedepartemenet til dei lærde skolane i 1852. Mannen bak orda var Hartvig Nissen, konsulent i departementet si skoleavdeling. Hartvig Nissens ord er om mogleg enda meir aktuelle ved inngangen til det 21. hundreåret enn dei var i 1852.
ForordEtter nyttår 2000 har Sagvåg skule nytta ein
del fellestid til å drøfta arbeidet med vurdering ved skulen vår. Arbeidet har
resultert i denne planen for det vidare arbeidet. Planen har to delar: A) Skulevurdering
og B) Elevvurdering.
Lars Bakka BakgrunnKravet til vurdering i norsk grunnskule vert omtala i ei rekkje dokument, m.a. forskrifta til opplæringslova: § 2-1 Skole- og lærebedriftsbasert vurdering
§ 3-1 Rett til vurdering
Avklaring av nokre omgrepSkulebasert vurdering
Skulebasert vurdering er den interne
vurderinga av praksis og måloppnåing i skulen. Skuleeigaren har ansvaret for at skulane
vurderer i kor stor grad den organiseringa, tilrettelegginga, gjennomføringa og
vurderinga av opplæringa som skulen utfører, medverkar til å nå dei måla som er sette
for opplæringa. (Kjelde: KUF) SkulevurderingSkulevurdering er ei vurdering av heile verksemda til skulen. Ho kan vera skulebasert, men ein kan også nytta eksterne krefter for å få utført ei slik vurdering. ElevvurderingVurdering av eleven sitt arbeid og utvikling kan vera intern og vert då utført av eleven sjølv, læraren og foreldra. Døme på ekstern elevvurdering kan vera eksamen i ungdomssteget med ekstern sensor, men og vurdering av t.d. trivsel (t.d. Dei undersøkingane "Senter for adferdsforskning" har gjort ved skulen.) Det er også eit mål at elevvurderinga skal integrerast i den skulebaserte vurderinga. Kva skal ein vurdera?Her er det fleire svar. For det første har sjølvsagt elevvurderinga ein sentral plass, men også sjølve skulen må vurderast gjennom skulevurdering. Ein må vurdera :
Det vert viktig å kartlegga kriteria for vurdering. Kven skal vurdera?Alle aktørane i skulen må ta del i elevvurderinga; elevane, dei tilsette, leiinga og foreldra. Men kven skal vurdera skulen si verksemd ?- Foreldregruppa vil framstå som ei "ekstern" vurderingsgruppe, men det er likevel interessant å still spørsmålet om ikkje skulen kan ha godt av ei ekstern vurdering. Då kan det koma inn folk som systematisk kan vurdera heile verksemda. Vurdering i utviklingsprosessane ved skulen
|
Les meir: