|
Kjem
ny internettside november/desember Kjem
ny og forbedra internettside
23.
Oktober 2006.
FINALE
SUS-QUIZ 20.juni !
Finalen står att før me kan kåra årets QUIZ-klasse
!
Sluttstillinga før finalen finn du her
, hugs og at i finalerunden er der 200 poeng å hente , så her kan
alt skje.
Rune
Nilsen 12.juni 2006
Foreldreundersøking
- 10.trinn
Utdanningsdirektoratet
har i samråd med KS,Utdanningsforbundet,Foreldreutvalet for
grunnskulen og Elevorganisasjonen utvikla ei brukarundersøking
for føresette til born i grunnskulen. Foreldreundersøkinga er
frivillig,men me ved Stord ungdomsskule vonar flest mogleg av
dei føresette tar del i undersøkinga. Undersøkinga
er nettbasert og skal utførast på linken : http://www.analyzethis.no/ud/foreldre/login.aspx
Brukar-ID er sendt heim med kvar enkelt elev på 10.trinn
torsdag 20.04. Har nokon bruk for hjelp/nett-tilgang ta kontakt
med skulen på tlf. 48990922 i veke 17 så ordnar me det.
DEMONSTRASJONSSTREIK
Utdanningsforbundet har meldt at dei vil gjennomføra ein
demonstrasjonsstreik i morgon torsdag 30. mars frå kl. 12.00. Av
den grunn vil elevane bli permitterte frå skulen frå kl.12.00 og
resten av skuledagen.
29.mars 2006. John
Karsten Raunholm
|
Volleyballturnering
ved S.U.S.
Klasseturneringa i
volleyball vart avslutta torsdag 30.03.06 med 3 spanande
finalar.Desse kampane vart spela:
8C slo
8A
9G slo
9C
10G slo
10E
Arrangørar:   
Vinnar
8C
Vinnar
9G
Vinnar 10G Bjørn,
Arild og Magnus
Stor takk til voktarbeidarane våre som var
knallgode arrangørar !
Klasse
10A leiar QUIZ-konkurransen
ved Stord ungdomsskule 2005-06
Klasse
10a leiar 2 rundar før mål i skulen si årvisse kunnskapstevling.9f
er beste 9.klasse,medan 8d er best på 8.trinnet. Resultatliste vert
oppdatert kvar månad og kan lesast
her.Vil du teste deg sjølv kan du prøve
dei siste oppgåvene
her.
Neste runde vert i april - før
den store finalen i juni.
Tradisjonen tru tel siste runde 5
gonger ein vanleg Quiz-runde, så her er ingenting avgjort før
finalen i juni - STÅ PÅ.
27.
mars 2006.
Knuste flasker Før
jul kunne me lesa i Bladet Sunnhordland om tilgrising av tursti
mellom Stord Stadion og Stord Hotell. Store mengder tomflasker
var knust og var eit trist
syn. Elevar ved ungdomsskulen tok tak i
saka og har fått rydda opp i . Håpar dei som var ansvarleg for
tilgrisinga har funne seg andre meir positive syssler. Stor ros
til dei som tok på seg arbeidet med å få rydda opp. 
10. januar 2006.
MJØLK VÅREN 2006
Ny termin av mjølkesalet tek no til og varer til sommaren 2006.
For denne terminen vert det kr 260,- å betala for dei elevane
som er med på alle måltida. For elevar som har heimkunnskap 1 dag i veka dei 3 første timane vert det kr 210,-. Elevane
betalar kontant til kontaktlæraren. Frist for innbetaling er 16.
januar. Grovbrødskiver saman med mjølka gir
eit godt utgangspunkt for læring.
06.
desember 2005.
ELEVANE PÅ 10. STEGET TIL
BERGEN
Elevane på 10. steget reiser i
dag til Bergen på teatertur. På den nasjonale scene skal
dei sjå den Jan Eggum-baserte førestillinga På'an igjen. Avreise frå skulen
kl. 11.45. Retur til Vabakken 00.45. I morgon får dei avspassera dei 3
første timane. Elevane på lag C reiser i morgon onsdag. Elevane har
tradisjon for at dei skal kle seg fint når dei reiser til teateret.
Antrekket er i orden på dei 3 staute karane du ser på bilete. Dei er saman med resten av elevflokken gode representantar for Stord
ungdomsskule.

23. november 2005.
LÆRARANE LÆRER CALC OG
FRONTER
Lærarane ved Stord ungdomsskule er i kveld
samla for å læra seg meir kunnskapar om Fronter og Calc. Lars Bakka frå
Sagvåg skule held ei engasjert innleiing om Fronter. Deretter vart
matematikklærarane på 9. og 10. steget drilla i Calc av John Oddvar Løkling
frå Nysæter ungdomsskule. Resten av personalet fekk ei vidareføring i
Fronter av Atle Barsnes. Innsatsen var imponerande heile kvelden.

15. november 2005.
FLINKE FRANSKELEVAR
2 franskgrupper på 10. steget har vore med i
ein konkurranse i regi av det franske kultursenter i Oslo. Resultatet vart:
1. premie til gruppe 10A og 2. premie til gruppe 10B. No ventar ein gratis
tur til Bergen og omvisning på Jules Verne utstillinga. Her vert det også
utdeling av fleire premiar.
15. november 2005.
FIRST
LEGO LEAGUE 2005
Laurdag
12. november var det Hordalandsfinale i First Lego League. Stord
ungdomsskule stilte med laget "Duppedingsane". Dei gjorde det
svært bra. Kom heilt til finalen og vart knepent slått av Team
Builders frå Bergen. Dei kom stolte til skulen måndag med
Robotkonkurransens 2. pris og i tillegg fekk dei også
innsiktsprisen. Laget var godt nøgde med innsatsen. Her ser du
dei stolte vinnarane.

|
|
27.
mars 2006