Tjødnalio skule


 

 

 

 

Om venskapsskule i Comalapa, Guatemala

Stord kommune har venskapskommune i Comalapa i Guatemala. Tjødnalio skule har venskapsskule i Comalapa.

Skulen vår heiter Escula de Ninas Mariano Rosell J. M og er ein by-skule med 1000 born. 500 born går på føremiddagsskiftet og 500 born går om ettermiddagen.

Me brev-vekslar med skulen vår, sender bilete og ulikt materiell. Ungane på Tjødnalio skriv brev på spansk til ungane i Comalapa.

Helga Marie Thu, lærar på Rommetveit skule, har skrive spanske og norske setningar. Slik kan ungane på Tjødnalio laga sine eigne brev på spansk.

Dei vart så interesserte at rektor måtte kjøpa ½ klassesett med spansk - norske ordbøker. Me har òg vitjing frå Comalapa og me vitjar dei.

Framleis er det berre vaksne som reiser, men på sikt håpar ein at born kan vera med. Eit år reiser ei gruppe frå Stord til Comalapa. Neste år kjem det vitjing frå Comalapa til Stord. Målet med venskapsarbeidet er å verta godt kjende med andre kulturar enn vår eigen, og me veit at

kjennskap gjer venskap!

Tilbake til hovudsida