|
|
Tjødnalio skule |
|
| ARBEID I ALDERSBLANDA GRUPPER
På Tjødnalio skule har me gjennom 10 år med jamne mellomrom organisert borna i alders-ulike grupper. Nokre tiltak har gått att medan nye har kome til. Me har desse siktemåla med denne organiseringa. Me veit at det er stor spreiing i modning i ein klasse. Det er difor ein fordel at born som er svært flinke stundom kan arbeida saman med eldre born. På same vis kan born som strevar med eit område ha nytte av å arbeida saman med yngre born. Det er og svært nyttig at born som er sterke i eit fag kan hjelpa born som strevar. Å arbeida på tvers av klassar er eit godt sosial pedagogisk tiltak. Borna vert tryggare når dei kjenner born og lærarar i andre klassar. Dei store elevane utviklar og ansvar og omsorg for dei yngre. L-97 (læreplanen) krev ein del spesialkompetanse hos lærarane, m.a. i musikkfaget. For å sikra alle borna musikk-undervisning i tråd med L-97 vert t.d. borna organiserte i aldersblanda grupper 1 time pr. veke. Vedlagt fylgjer organiseringa i aldersblanda grupper skuleåret 2002/03.
|