|
|
Tjødnalio skule |
|
|
Fiolin I 1996 gikk Stord kulturskule og Tjødnalio skule inn i eit samarbeid om fiolinundervisning. Fiolinpedagogen Alise Jonassen og pianist Omar Zahl Pettersen utarbeida eit opplegg for 2.klassingane. Frå 2003 har Tone Heide vore med som pianist i prosjektet. I 20 av skulevekene er dei på Tjødnalio to timar kvar veke. Elevane på 2.trinnet er då delte inn i fire grupper som kvar har ein halvtime undervisning. Alise er Suzuki-pedagog, og mykje av opplegget er inspirert av denne pedagogikken. Ein viktig tanke bak prosjektet er at absolutt alle elevane på trinnet skal delta. Forutan grunnleggande fiolinundervisning har ein med aktivitetar som legg vekt på rytme, puls, lytting m.m. Kvart år blir prosjektet avslutta med ein konsert for foreldra. Det er òg ofte at ulike grupper på skulebesøk eller kurs, konferansar ol får ein liten konsert av ei eller fleire av fiolingruppene. Etter 2.klasse kan elevane gå vidare som "vanlege" fiolinelevar i kulturskulen.
|