|
|
Tjødnalio skule |
|
|
Historikk I 1984 vart det bygd ein liten "filial" til Sagvåg skule. Det var plass til to klassar.I 1991 vart skulen bygd for å romma 6 klassar samt ei 6-års gruppe. Det vart vedteke at den nye skulen skulle leggja stor vekt på musiske verdiar.I 1996/97 vart småskulen utvida til å kunna ta imot to parallellar. I 1998/99 fekk me eit garderobebygg til 2. klassane.Me er no ferdige med 5. utbyggjinga og har fått plass til klassane på mellomtrinnet. I det siste nybygget ligg også musikkrom og kunst og handverk-avdelinga. Me har no fått ein funksjonell og moderne skule. |