|
|
Tjødnalio skule |
|
|
Flott Grand Prix på Tjødnalio! (18.06.03)
Pokal til odel og eige! (10.06.03)
Fiskestenger frå Norges jeger og fiskerforbund (04.06.03)
Måndag 2. juni var 7a og 7b på fisketur. Me var inviterte av Stord Jeger og Fiskerforening og elevane visste ikkje kor me skulle. Les meir her
På fisketur med 6. klasse! Bileta finn du på 6. klasse si heimeside 27.05.03)
Smiing i 5. klasse! (21.05.03) Les meir her Kyllingane endeleg komne! (15.05.03) No har endeleg kyllingane blitt klekte ut, og ei stolt hønemor har 4 små kyllingar som ho tek seg godt av. Elevbedrifta til 6a, "Hønsalio", reknar med å byrja sal av egg frå hausten av. Du kan sjå fleire bilete her Rikskonsert inspirert av dei fire elementa (15.05.03) Filosofar og vitskapsfolk har alltid undra seg over Universets mysterier. Temaet for denne rikskonserten var nettopp med dette som utgongspunkt, musikk og kunst. Musikarane eksperimenterte med ulike klangar, lyd, tekstar og bevegelse som gjenspeilte dei fire elementa vatn, jord, luft og eld. Bilete kan de sjå her Hus 2 lærer om samar! 15.05.03) Sist veke, denne veka og neste veke jobbar 3. og 4. klassane i lag med temaet "samar". Elevane har blant anna sett film om sameguten Ante og lært å telja på samisk. Du kan sjå bilete frå utestasjon då elevane laga ein liten "lavvo-landsby" ved å klikka her Fantastiske turar i april (25.04.03) Lyst til å sjå nokre bilete frå turane til 3. klassane i april? Ein liten presentasjon finn du her Eigeutvikla amfikonsept! (01.04.03) Tjødnalio skule har utvikla eit amfi / korkrakk-konsept. Les meir om dette her Undervisning i mayatal (26.03.03)
5, 6. og 7.klasse veit mykje om mayatal etter at Lucio Chex Colo underviste dei i talsystemet til Mayafolket. Les meir om dette her Budsjett 2003 (26.03.03)
Skuleruta for skuleåret 2003/2004 klar (26.03.03) Skuleruta for neste skuleår er no klar, og du finn denne her Siger til Tjødnalio skule! (24.03.03)
Flott songstund i småskulen (24.03.03) På fredag hadde småskulen ei flott songstund. I tillegg til vårsongar, spelte nokre elvar på trompet, kornett, piano og gitar. Bilete kan de sjå her Tjødnaliarket frå rektor (20.03.03)
Fredskorparbeidarar frå Guatemala
Kulturkveld til 20 i stil! (28.02.03) Torsdag kveld arrangerte storskulen kulturkveld på Tjødnalio skule. Og for eit program! Dans, skodespel, samspel, blokkfløyte og storkor gjorde verkeleg inntrykk på dei føresette. Temaet for kvelden var "Den store verda". Du kan lesa meir om kvelden og sjå bilete her. Over 2000 treff! (19.02.03) Flott kulturkveld! (18.02.03)
Hønsalio endeleg ferdig! (17.02.03) Elevane i klasse 6a har no fått hønsehuset som Yrkeskulen har bygd ferdig.Hønsehuset står no i skulegården med stor utegård. No ventar me på ei høne som skal ligge og ruge på eggene. Me skal starte med å klekke ut kyllingane sjølv. Dette blir den fyrste elevbedrifta i barneskulen i Stord Kommune. Sjå bilete her. Reportasje frå Haugesunds Avis her Matematikken sin dag på Tjødnalio (05.02.03) I dag var det matematikken sin dag på Tjødnalio. Heile dagen har gått med til problemløysing, ulike spel og "komponering" av bilete med hjelp av ulike geometriske figurar. Det er studentar som har gjennomført denne dagen. Bilete frå små og storskulen kan du sjå her Besøk av brannvesenet i 6. klassane (05.02.03) 6. klassane har hatt besøk av brannvesenet i dag og lært meir om brannvern og korleis ein kan sløkkja brann. Du kan sjå bilete frå brannsløkkjing som nokre elevar prøvde seg på her
Streik torsdag 6. februar! (05.02.03) Det vert streik torsdag 6. februar. Les meir her Dikt frå klasse 7a! (24.01.03) Klasse 7a har på ein time laga dikt. Du kan lesa dikta her Nytt tjødnaliark frå rektor (24.01.03) Du kan lesa siste nummer av tjødnaliarket her Endring av opplæringslova (22.01.03) Regjeringa har kome med framlegg om visse endringar i Opplæringslova.Du kan lesa utdrag av saka og SU sitt framlegg til vedtak her. Satsingområde 2003
På glattisen med 4. klassane (19.12.02) 4. klassane trossa vèrgudane og skeisa så vasspruten stod, les meir her Juleverkstad i Hus 2! I dag har det vore stor aktivitet i Hus 2. Les meir her Kommunalt foreldreutval (KFU) organiserer demonstrasjonar (12.12.02) I samband med den politiske handsaminga av 2003-budsjettet vil KFU organisera demonstrasjonar. Dette vart konklusjonen etter eit møtet måndag 9. desember. Les meir her. 3. klassane lagar miljø frå Gamle testamentet(10.12.02) I dag starta elevane i 3. klasse med å laga små miljø frå Det gamle testamentet. Les meir her Fengjande afrikanske rytmar (05.12.02) Musikarane frå Rikskonsertane gav elevane ein flott og fengjande konsert i deira rytmiske verden. Dei afrikanske trommene fekk store og små i taktfast klapping. Les meir her Adventstund i 2a (05.12.02) Kvar morgon har klasse 2a morgonsamling med song og kalendertrekking. Dei sit foran pepperkakebygda si og les adventsvers. I dag laga dei sin eigen tekst, den kan du lesa her Elektrisitet i 7. klassane (27.11.02)
Eksperimentering med straum og byggjing av "straumbilar" er noko av det 7. klassane har gjort dei siste dagane. Les meir om dette her Fredskorpsarbeidarane på plass i Comalapa (25.11.02) Simon Sortland og Lena Valvatna er no i Comalapa som fredskorpsarbeidarar der dei skal vera dei neste 10 månadane. Les meir om korleis dei har det i dagboka til Simon her
Greske gudar møtte 5. klassingane!
(21.11.02) Elevane i 5. klasse fekk seg ein overaskelse då dei greske gudane kom på besøk. Zevs hadde med seg dei mest kjende gudane frå gresk myologi. Les meir her Breiband til skulane! (21.11.02) Endeleg er avtalen om breiband til skulane på Stord i orden. Går
alt etter planen, vil skulane ta i bruk dei raske linene innan påsken
2003. Me gler oss til ein ny kvardag!
30 nye førsteklassingar (21.11.02) 30 nye førsteklassingar vart skrivne inn den 14. november, noko som betyr at det blir to klassar som byrjar på Tjødnalio neste haust. Innskriving for 1. klassingane (13.11.02) I morgon, torsdag 14. november, er det innskriving for dei elevane som skal byrja i 1. klasse på Tjødnalio. Me gler oss til dei kjem, og ynskjer store og små velkomne! 1. premie til Nina Therese! (13.11.02) Nina Therese i klasse 7b gjekk til topps i teiknekonkuransen til framside på telefonkatalogen "Ditt distrikt". Les meir her Stor suksess for kantina! (13.11.02) Det var stor stemning og mykje elevar innom då storskulen opna kantina. Les meir her Kantine i storskulen! (30.10.02) Elevrådet har etter intens jobbing endeleg fått gjennomslag for kantine kvar fredag. Les meir her 5. klassane deltok i bispevisitas. (18.10.02) I samband med biskop Ole D. Hagesæther sitt besøk på Stord vart det torsdag 17. oktober arrangert ei gudsteneste i Nysæter Kyrkje for barne- skulane i Sagvågsområdet. Les meir her Vellukka Guatemala-seminar. (09.10.02) Om lag 50 personer deltok laurdag 5. okt. på Guatemala-seminaret på Leirvik. I tillegg til ein presentasjon av dei to fredskorpsmedarbeidarane, og skule- og miljøprosjektet, fekk deltakarane høyre to interessante førelesningar om tilhøva i Guatemala i dag. Les meir her
|
|
Eitt nytt oppvekstsenter? (02.10.02)
Stord kommune skal "slanka" organisasjonen med 40 årsverk for å tilpassa tenestenivå og budsjett. Parallellt med dette vert det arbeidd med endring av orgaisasjonen. Les meir her
|
|
Klasse 7b til Gullingen
I veke 40 reiser ein spent gjeng på leirskule til Gullingen. Her kjem dei til å møta mange utfordringar og få gode minne for resten livet. Fisking, bekkevandring og overnatting i lavvo er noko av det som står på programmet. Kanskje nokre av dei får seg kjærastar frå ein annan skule...? Les meir om Gullingen leirskule her
|
|
Leik i norskfaget
Ein av lærarane på Tjødnalio skule, Elna Dahle Kannelønning, har saman med høgskulelektor Ann Britt Ervik laga ei praktisk idebok om korleis ein kan nytta leik i norskopplæringa. Vi gratulerer Elna med boka, og sender og ein takk til alle dei leikne elevane som har bidratt på sin måte. Les meir om boka her. |
|
Olweus-programmet mot mobbing presentert for foreldra. Måndag 16. september var om lag 150 foreldre samla i gymsalen for å få den første introdusjonen til Olweus-programmet. Dette er det einaste antimobbeprogrammet som har dokumentert effekt. Rektor Sigrid Røseland sa på møtet at det er to hovedgrunnar til å bruka dette programmet. Det eine er å finna ut om det er mobbing på skulen. Det andre er å koma i gang med førebyggjande arbeid. Les meir om møtet og Olweus-programmet her |
|
IKT-lærling på Tjødnalio skule. Tjødnalio skule har no fått ekstra hjelp til å halda datautstyret i orden. Ein dag i veka er Thinh Nguyen på skulen. Har er lærling i Stord Kommune, og saman med dei andre IKT-lærlingane skal han no bruke deler av arbeidstida si ute på skulane. Hos oss skal han vera kvar tysdag. Han skal både hjelpa til med vedlikehald av utstyr og nettverk, og vera med på å utvikla IKT-bruken på skulen. Sjå skulen sin IKT-plan her
|
|
Første møte med studentane Tysdag var dei nye PLUTO-studentane på skulen for første gong. Dei fekk først ei orientering om skulen av rektor Sigrid Røsseland. Etterpå vart dei henta av to elevar frå den klassen dei skal vera i. Resten av dagen var studentgruppene med klassane sine.Etter at skuledagen var ferdig, var det eit felles informasjonsmøte/ drøfting mellom faglærarar, studentar og praksislærar.Den første praksisperioden er i veke 45 og 46. |
|
Uteområdet er endeleg ferdig! Rett etter skuleststart vart dei siste leikeapparata gjort ferdige. Dermed er arbeidet avslutta, og skulen har fått eit flott uteområde med varierte leikeapparat. Les meir her
|
| Bli kjend-aktivitetar Veke 34 og 35 var prega av stor aktivitet på Tjødnalio skule. Arbeid på tvers i klassane stod da på programmet. Les meir her |
|
Vel møtt til nytt skuleår. Skule er i fokus som aldri før med debattar i både T.V og aviser. Me har ein heller ny og aktiv utdanningsminister som ynskjer delvis kursendring mot større fokus på norsk, matematikk og engelsk. Ho er òg oppteken av kvaliteten på læringsmiljøet. Parallellt med desse debattane skjer det ei storstilt nedskjæring av ressursane til skule i dei fleste kommunar. Me har store utfordringar føre oss. Heldigvis har me føresette som er gode på samarbeid med skulen samstundes som me har positve og flinke lærarar og kjekke ungar. Me trur at me skal få eit godt arbeidsår i 2002-03 også. Helsing Sigrid Røsseland, rektor
|