Tjødnalio skule


 

  

 

 

Me vil takka for samarbeidet dette skuleåret og ønsker alle saman ein god og varm sommar!

...................................

Nytt Tjødnaliark (18.06.08)

Siste nytt frå rektor Sigrid Røsseland finn du som word-dokument her. Legg spesielt merke til at småskulen har fått utvida skuledagen sin nokre timar i veka. Du kan sjå skuleruta for neste skuleår her

 

....................................

Pilgrimsvandring (18.06.08)

I førre veke var 3. trinnet på pilgrimsvandring ved Nysæter kyrkje. Elevane hadde ein interessant og lærerik dag. Du kan sjå bilete frå vandringa her

 

...........................................

Idrettsdag i storskulen (06.06.08)

I dag har elevane i storskulen idrettsdag. Ballkast, 60-meter, kulekast, lengde og høgde er på programmet. Du kan sjå nokre bilete her

 

.................................................

 

Strålande Kulturkveld! (06.06.08)

I strålande solskin inviterte elevane føresette og besteforeldre til Kulturkveld på Tjødnalio skule. Temaet i år var " Kultur og tradisjonar i Noreg". Kvelden byrja med kor der alle elevane var med. Nokre av songane hadde  flotte soloinnslag på vokal og gitar av elevar i storskulen. Etterpå kunne ein sjå tradisjonsdansar frå Noreg, teaterframsyning av "Sjuande far i huset" på engelsk saman med Tjødnalio Strykeorkester, sjå elevutstillingar og drøsa litt i kafèane.

Elevane har jobba hardt mot denne kvelden og gjorde ein fantastisk innsats. Besøket vårt i Comenius-prosjektet  frå Tyskland, England, Nord-Irland og Belgia var særs imponerte over det dei såg og høyrde. Dei var også her på vitjing for to år sidan. Spesielt kjekt er det at skulen i England har starta med fiolinundervisning slik som ein gjer det på Tjødnalio skule, som no altså har eige strykeorkester som me er særs stolt av. Som vanleg går overskotet frå Kultukvelden til barneheimen vår i Tanzania. Tusen takk til alle føresette som kom med kaker og kaffi! Du kan sjå bilete frå kvelden her

 

..........................................

 

Fotballdag i småskulen (28.05.08)

I dag har alle elevane hatt ein flott fotballdag på "Kunsten" saman med elevane på Sagvåg og Litlabø skule. Det var god innsats av alle elevane. Du kan sjå nokre bilete her

 

................................

 

Dramatisering av "Giant`s Causeway"(23.05.08)

2. trinnet kjenner veldig godt til "Giant`s Causeway" og legenda om korleis desse spesielle steinane hamna der. Du kan sjå bilete då elevane på 2. trinnet dramatiserte hendinga mellom kjempene Finn og Angus her

 

 

........................................

 

Kjøttetande planter! (23.05.08)

Veit du at me har kjøttetande planter i Noreg? Det veit 4. trinnet på Tjødnalio skule. Tidlegare i veka var elevane på tur til Kroktjødno for å sjå på livet i og i nærleiken av vatnet. Dei fann dei kjøttetande plantene soldogg og tettegras i tillegg til rumpetroll. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

..................................

 

Kjekke førskuledagar (23.05.08)

No er førskuledagane unnagjort. Med stjerner i augo hadde 41 ungar spanande dagar på Tjødnalio skule. Me ynskjer dei nye elevane hjartleg velkomne til hausten. Du kan sjå nokre bilete her

 

.......................................

 

Arkitektur (22.05.08)

7. trinnet har i vår jobba med arkitektur. Elevane har laga sine eigne modellar av hus og hagar. Funkishus, murhus og vanlege trehus har vore inspirasjonskjelda. Elevane har vore svært ivrige, bilete finn du her

 

 

...................................

 

Førskuledagar (15.05.08)

Tysdag 20. mai og onsdag 21. mai er det førskuledagar på Tjødnalio skule. Henny, Tor Andrè og Åsa skal ta i mot 41 nyfikne elevar. Dei nye elevane skal vera på skulen frå klokka 09.30 - 1200 begge dagane.

 

 

...........................................

 

Kulturkveld (15.05.08)

Me held på å planlegga kulturveker og kulturkveld. Temaet i år vert: 

Norsk kultur og tradisjonar som me har glede av i vår tidsalder òg.

Grunnen til at me har valt dette temaet , er at me får gjester til skulen. Les meir her

 

...................................

 

Tur til Kroktjødno (14.05.08)

I dag har 2. trinnet vore på tur til Kroktjødno. Elevane fann padder, rumpetroll og mange skjel. Du kan sjå nokre bilete her

 

.......................................

 

Comenius og England (13.05.08)

Det nærmar seg snart besøk frå samarbeidslanda me har i Comeniusprosjektet. 7. trinn lærar spesielt mykje om England. Du kan sjå nokre bilete då elevane  måla typiske engelske motiv her

 

........................................

 

Orkesteret på tur til Bergen (13.05.08)

Symfoniorkesteret har gjort unna spelejobb i Bergen, les referat og sjå bilete frå turen her

 

.....................................

 

Gardsbesøk (08.05.08)

Onsdag 7. mai var 3. trinnet på gardsbesøk hjå Nils August. Dei fekk sjå lam, høner og kaniner. Det var stor stas å helsa på dyra. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

.....................................

 

Snart besøk frå Comenius-landa (06.05.08)

I byrjinga av juni får me besøk av skulane i Comenius-prosjektet. Elevane på Tjødnalio er alt i gong med førebuinga. Dei skal læra meir om Belgia, Nord-Irland, Tyskland og England. Du kan sjå nokre bilete då elevane på 2. og 4. trinnet lærte om "Titanic", som vart bygd i Belfast, og myta om Giant`s causeway  dersom du klikkar her

 

............................................

 

Noreg rundt med 3. trinnet (25.04.08)

3. trinnet har hatt tema "Noreg rundt" dei siste vekene. Dei har lært om landsdelane, fylket vårt og kommunen vår. Elevane veit spesielt mykje om industrien og Aker. Plattformar er veldig spanande, og elevane har laga sine modellar i ulike materialer. Du kan sjå nokre bilete her

 

.....................................

 

Nytt av gammalt (25.04.08)

4. trinnet har laga seg nett og vesker av gammalt stoff. Neste veke skal dei til SIM og læra enda meir om resirkulering, gjennvinning og farleg avfall. Elevane skal ha dei flotte produkta sine med seg til SIM. Du kan sjå nokre bilete her

 

..................................

 

God pinneteknikk! (18.04.08)

I kva verdsdel brukar mange folk spisepinnar? I kva verdsdel er bongatrommer eit ganske vanleg syn? Desse spørsmåla, og mange fleire, fekk 4. trinnet svar på i går. Du kan sjå nokre bilete her

 

.....................................

 

Amerika (18.04.08)

7. trinnet har jobba med versdelane dei siste vekene. Elevane har blant anna laga utstilling og skrive bok. Du kan sjå nokre bilete frå "Amerikadagen" her

 

 

 

 

 

Fiolin og teiknspråk (18.04.08)

På fredagane har 2. trinnet stasjonsundervisning. Her har dei blant anna teiknspråk og fiolinundervisning. Du kan sjå nokre bilete frå dagen i dag her

 

.....................................

 

Kanonball (18.04.08)

7. trinnet likar veldig godt kanonball. Nokre gonger varierar dei spelet med å legga ut hinder på på banen. Du kan sjå bilete her. Dersom du vil lesa meir om kanonball, kan du sjekka ut heimesidene til Norges Kanonballforbund her

 

 

..................................

 

Hus og symmetri (16.04.08)

2.trinnet lærer om symmetri i matematikktimane og har laga eigne hus. Du kan sjå nokre bilete her

 

...................................

 

Framføring av fablar (01.04.08)

I førre veke jobba 4. trinnet med dei kjende fablane til Æsob. Det heile munna ut i ei framføring som andre og tredje trinnet fekk sjå. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

 

..........................

 

Nydeleg tur! (14.03.08)

I dag var 4. trinnet på ein flott tur i nydeleg solskin. Nokre elevar såg til og med hoggorm. Ellers var eitt av mange høgdepunkt grilling av diverse mat. Du kan sjå bilete her

 

....................................

Leirskule (07.03.08)

Halvparten av elevane på 7. trinnet har vore på leirskule på Gullingen denne veka. Elevane har hatt det kjempegøy med ski på beina kvar dag og hatt både korte og lengre turar. Leik i snøen og bålbrenning kvar dag har òg vore på programmet. Mange har våga ting dei ikkje har gjort før og alle elevane har vore heilt fantastiske! Du kan sjå bilete og logg frå heimesidene til Gullingen her og bilete som lærarane har teke her

 

....................................

 

Studentane overtek (06.03.08)

 

 

 

 

 

Måndag, tysdag og onsdag i neste veke (veke 11) skal personalet ha etterutdanningsdagar. Les meir her

 

.............................

 

Det gamle Hellas (06.03.08)

Dei siste vekene har 5. trinnet jobba med temaet gresk mytologi. Elevane har lært mykje om dei greske gudane, olympiske leiker og filosofar. I går var 4. trinnet invitert til å sjå og høyra meir om temaet. Alle elevane på 5. trinnet var i ulike roller og lærte mykje til 4. trinnet om det gamle Hellas. Du kan sjå bilete av utstilling og elevane i flotte kostyme og i roller her

 

......................................

 

Grand Prix (15.02.08)

I dag var det Grand Prix på Tjødnalio skule. Alle deltakarane, 52 i talet, gjorde ein kjempeflott innsats. Det vart tevla i song, instrument, dans og humor. Arrangementet vart trygt leia av Solveig og Roy Gunnar frå 7. trinnet. Du kan sjå bilete her

 

 

...........................

 

Tomlane opp! (12.02.08)

Tomlane opp!  I går fekk elevane på Tjødnalio ei fantastisk oppleving av drivande dyktige musikarar. I ein salig blanding av musikalitet, humor og kreativitet tok musikarane oss med på ei reise i tonar og ord. Tusen takk til musikarane Frank Jakobsen, Per Jørgensen og Thomas Dahl. Du ka sjå bilete og video frå konserten her

 

.......................................

 

Synte teater (01.02.08)

I dag synte 1. trinnet eventyra om Rødhette, Bukkene Bruse, Gullhår og Pannekaka for 2. trinnet. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

 

..........................

 

Program 1273 av Norge Rundt (25.01.07)

Fra første Norge Rundt-sending (NRK)I kveld, på sjølvaste statskanalen NRK 1, kan du sjå elevar frå 7. trinnet på Tjødnalio skule. For ei tid tilbake fekk elevane ei innføring i trebåtbyggjing og dei gamle trebåt-tradisjonane i Sunnhordland. Så i kveld er det berre å benkja seg føre tv-apparata!

 

.......................................

 

Skuleorkester! (24.01.08)

 

Visste du at Tjødnalio skule har skuleorkester? Du kan lesa meir og sjå bilete av medlemmane dersom du klikker her

 

 

 

...................................

 

Inspirert av Leonardo da Vinci (23.01.08)

Leonardo da Vinci var ein stor vitskapsmann og kunstnar. Elevane på 4. trinnet har måla "Mona Lisa" portrett inspirert av den kjende italienaren. Du kan sjå nokre bilete av måleri her.

 

 

 

 

...........................................

 

Peparkakeby (11.01.08)

1. trinnet hadde utedag i går. Dei laga i stand ein peparkakeby og las høgt frå "Hans og Grethe". Etterpå fekk elevane knusa byen! Du kan sjå nokre bilete her

 

 

 

......................................

 

Leirskule på Langedrag (04.01.08)

Like før jul var eine delen av 7. trinnet på Langedrag og opplevde fantastiske dagar i flott, norsk vinterdrakt. Elevane fekk minner for resten av livet denne veka. Du kan lesa meir om Langedrag her, og sjå nokre bilete frå opphaldet her

 

............................

 

Juletregong (20.12.07)

I går var elevane samla i tre puljer og gjekk rundt juletreet i gymsalen  Det vart spelt og sunge alle dei kjende og kjære julesongane. Det var òg lystenning og ulike elevinnslag. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

 

...............................

 

Juleverkstad (17.12.07)

I dag er det juleverkstad på heile skulen. Elevane er kreative og har laga mange flotte kreasjonar, kanskje noko av det som er laga denne dagen ligg under juletrea 24. desember? Du kan sjå nokre bilete her

 

....................................

 

Stemningsrapport (14.12.07)

Det skjer mykje på skulen vår på ein skuledag. Fotografen tok seg ein tur rundt om til trinna og såg mykje spanande. Nokre spelte og song, nokre snikra og sydde, nokre jobba i engelskbøkene sine og eitt trinn hadde butikk, frisør, sjukehus, restaurant og famile på programmet. Du kan sjå nokre bilete her

 

.......................................

 

Julelunsj på 2. trinnet (14.12.07)

Tidlegare i veka laga klassekontaktane på 2. trinnet julelunsj til elevane. Alle tykte det var veldig godt og hadde ei kjekk førjulsstund. Du kan sjå nokre bilete her

 

 

...................................

 

Får skateboardrampe! (07.12.07)

Det var ei gledeleg melding elevane i storskulen fekk i dag. Sparebankstiftelsen DnB NOR har gjeve 300 skateboardramper til skular i Noreg, og Tjødnalio var ein av dei heldige. No skal elevrådet drøfta og finna ut kor skateboardrampa passar best inn i skulearealet. Me tippar dette vert ein populær aktivitet for elevane på skulen. 

 

 

................................

 

Flotte utstillingar (07.12.07)

Elevane på 6. og 7. trinnet har laga flotte utstillingar som heng i hallen. Les meir og sjå bilete her

 

.....................................

 

Julelunsj (07.12.07)

I dag var heile storskulen samla til julelunsj i gymsalen. Elevane  laga langbord og dekka til borda. Maten den smaka veldig godt! Du kan sjå nokre bilete her

 

 

...........................................

 

Jul i gamle dagar (05.12.07)

I dag var 2. trinnet på museèt og lærte om jul i gamle dagar. Elevane fekk laga lys, vaska klede, baka flatbrød og hogga ved. Dei høyrde eventyr om troll og nissar, og dei fekk til og med gje nissen graut! Elevane hadde ein fantastisk spanande dag, du kan sjå bilete her

 

.......................................

Storyline (30.11.07)

Denne veka har 2. trinnet jobba mykje med den bibelske personen Noah. "Lærar i rolle" og Storyline er brukt som metode. Elevane har vore familiar som "levde" på Noah si tid. Dei har skrive mykje, løyst problem med arken, samarbeidd, vore i roller og bygd sjølve arken. Du kan sjå bilete her

 

......................................

 

Unge båtbyggjarar (15.11.07)

7. trinnet hadde ei flott stund på Jensaneset saman med Bjørn Arve Lunde og Johanne Tvedten. Elevane fekk ei grundig innføring i båtbyggjarkunsten og fekk blant anna byggje ein færing. NRK var òg tilstades og vil sende eit innslag i Norge Rundt ut på nyåret. To av elevane vart også intervjua. Du kan sjå bilete her

 

................................

 

Unge kunstnarar (08.11.07)

Tidlegare i veka hadde 5. trinnet vitjing frå Den Kulturelle Skulesekken der kunst stod på programmet. No er bileta ferdige, og skal stillast ut på Kulturhuset. Du kan sjå nokre av dei flotte kunstverka her

 

...................................

 

Ivrige elevar (08.11.07)

Elevane på 4. trinnet er no ekte forfattarar! Dei skriv sine eigne fantasiforteljingar på datamaskinar og skal laga bøker. Elevane er veldig kreative og lagar flotte historiar. Du kan sjå nokre bilete frå skrivinga i dag her

 

 

...............................

 

Forfattarbesøk (07.11.07)

I dag var forfattarane Roald Kaldestad og Arnt Birkedal på besøk på skulen vår. Kaldestad fortalde om dei spanande figurane sine i bøkene om Heavykatten og korleis han jobbar fram nye, finurlege figurar. Birkedal, som har skrive ein del av tekstane til Vamp, tok elevane med på ei underfundig reise i diktverda og korleis han jobbar fram ulike tekstar. Du kan sjå nokre bilete og sjå ein filmsnutt her

 

........................................

 

Fantastiske forteljingar (06.11.07)

4. trinnet har byrja med tema om fantastiske forteljingar der mellom anna Roald Dahl er sentral. Som inspirsasjon har nokre elevar laga ein maskin som kan gjera folk om til det ein har lyst til. Elevane har i grupper laga ein modell av modellkitt som skal vera utgongspunkt for det vidare arbeidet med tankekart og alt som er spesielt for deira figur. Deretter skal elevane laga bøker om sin fantasifigur. Du kan sjå bilete frå det arbeidet som er gjort til no her

 

.................................

 

Dyredag på 3. trinnet (06.11.07)

Torsdag 3. november hadde 3. trinnet dyredag på skulen. Kjæledyra fekk koma på vitjing i bomberommet. Elevane hadde det svært koseleg saman med dyra. Du kan sjå bilete her

 

 

 

.........................................

 

Fantasikråker (06.11.07)

I dag har 5. trinnet hatt besøk av Nina Lovise Langeland og Jens Kristensen frå Den Kulturelle Skulesekken. Elevane fekk i oppgåve å måla si eiga fantasikråke med utgongspunkt i "Kråkevisa". Elevane var svært kreative. Bileta skal på utstilling i Kulturhuset saman med fantasikråker frå dei andre barneskulane på Stord. Du kan sjå bilete her

 

..........................................

 

Falturiltu (02.11.07)

"Og den som kje kråka kan nytta så,
hei fara, kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråke å få,
hei fara, faltu riltu raltura." Om ikkje kråka i Kråkevisa kjem, så kjem det mange kjende og kjære forfattarar på den første nynorske barnebokfestivalen. Det vert òg besøk til barneskulane av nokre forfattarar. Du kan lesa meir om programmet her

 

...............................................

 

Rekning i skogen (02.11.07)

1. trinnet tykkjer det er veldig kjekt å vera ute og gå tur. I går gjekk turen til Nesskogen, der mellom anna rekning var på programmet. Du kan sjå nokre bilete dersom du klikkar her

 

 

.......................................

 

Comenius-prosjektet (19.10.07)

I Comenius-prosjektet har skulane frå Tyskland, Belgia, England og Nord-Irland "adoptert" nokre av dei songane me har kjære her på Tjødnalio skule. Du kan høyra nokre elevar syngja "Antijantesongen" på norsk og engelsk her, og du kan høyra nokre elevar i storskulen syngja "Tir n`a Noir" her

 

..........................................

 

Rektor Sigrid 60 år! (12.10.07)

I dag vart vår kjære rektor Sigrid feira med overraskingsbursdag i gymsalen. Alle elevane vart samla i i gymsalen og Sigrid visste ingenting! Elevane hadde laga flott plakat, las dikt, spelte og song. Sigrid fekk eit stort og eit lite skrin som 7. trinnet hadde laga, dei hadde òg laga ein kjempekjekk film der dei spelte Sigrid og andre lærarar. Oddvar heldt ein flott tale til jubilanten. Sigrid vart svært rørt av denne feiringa. Me er svært stolte av rektoren vår! Du kan sjå fleire bilete her

 

............................................

Kunstnarbesøk (11.10.07)

Denne veka har 2. og 3. trinnet hatt besøk av kunstnaren Stella East. Ho fortalte om korleis ho lagar bilete til bøker og lærte elevane mykje om korleis ein skal blanda fargar. Du kan lesa meir om kunstnaren her, og du kan sjå bilete då elevane jobba her

 

 

 

........................................

 

Prosjekt oppvekst (26.09.07)

Kommunestyret har vedteke "Prosjekt Oppvekst". Dette er eit veldig viktig dokument som handlar om kommunen sine visjonar for barn og unge i framtida. Du kan lesa vedtak i Stord kommune om prosjektet her og du kan lesa om sjølve prosjektet her

 

 

......................................

 

Overgangar i barnehage og skuleløpet (26.09.07)

Som eit delprosjekt i "Prosjekt Oppvekst" har kommunestyret vedteke overgangsplanar mellom barnehage og skule og mellom 7. og 8.trinna – barneskule og ungdomsskule.

Dette er gjort for å gjera desse overgangane så gode som mogeleg for borna. Du kan lesa meir om planane for barnehage og skule her, og overgangen barneskule og ungdomsskule her

 

...................................

 

Ekstremvèrveka (26.09.07)

Ekstremværuka - utsnitt av logo (NRK)

7. trinnet lærer meir om ekstremvèr denne veka og dei har laga utstyr som kan måla nedbør og varsle høgtrykk og lågtrykk. Du kan lesa meir om ekstremvèr her og sjå bilete av 7. trinnet her

 

......................................

 

Stasjonar (20.09.07)

På 1. trinnet er det stor aktivitet, og elevane jobbar ein del på stasjonar. Du kan sjå nokre bilete frå ulike stasjonar frå denne veka her

 

 

.....................................

 

Steinalderen (20.09.07)

På 4. trinnet jobbar ein for tida med temaet "Steinalder". Alle elevane synest det er veldig kjekt. Dei kan mykje fakta om temaet og har laga seg steinalderreiskap. Elevane er òg i steinalderfamiliar og har funne seg bustad. Du kan lesa meir om steinalderen her, og sjå bilete frå 4. trinnet her

 

.................................

 

Læringsstilar (20.09.07)

Å ta utgangspunkt i elevane sine læringsstilar vil seie at lærarane byggjer læringa på elevane sine sterke sider, og dermed skaper ein positiv innstilling til skulen og til læring. Alle individ har sin eigen individuelle måte å læra på, og læringsstilar er dei faktorane som saman avgjer  korleis ein person skaffar seg ny og vanskeleg informasjon. Du kan sjå nokre bilete frå 7. trinnet då dei mellom anna hadde om ordklassar her

 

......................................

 

Stipend til elevrådet (13.09.07)

Elevrådet søkte for ei tid tilbake på elevstipend frå Sparebankstiftelsen DnB NOR. Tjødnalio skule har fått 10 000 kroner som elevrådet disponerar. Les meir her

 

 

.....................................

 

Vil du bli aspirant? (05.09.07)

Sagvåg Skulekorps skal no ta inn nye aspiranter til korpset. I dag var nokre av leiarane av korpset på skulen vår og informerte om kva ein aspirant er og alt det kjekke ein får vera med på i Sagvåg Skulekorps. Dersom du vil vite meir kan du ta kontakt med Heine Kaldefoss på tlf 90977702. Du kan sjå bilete og filmsnutt frå informasjonsmøte her

 

................................

 

Nytt Tjødnaliark (04.09.07)

Rektor Sigrid Røsseland er ute med nytt Tjødnaliark. Denne gongen kan du mellom anna lese meir om lærebøker, Kunnskapsløftet og dei nye teama. Du finn informasjonen som word-dokument her

 

...............................

 

Spende elevar (03.09.07)

32 spende og nyfikne elvar har byrja i 1. trinnet på Tjødnbalio skule. Dei har funne seg godt til rette. Du kan sjå bilete frå ulike stasjonar og utedag dersom du klikker her

 

Blir kjend med kvarandre (23.08.07)

Elevane i Hus 2 har denne veka vore mykje i lag for å bli betre kjend med kvarandre. I strålande solskinn har dei mellom anna vore på blåbærtur i lag. Du kan sjå bilete her

 

.....................................

 

Velkommen

Me er i gang med nytt skuleår. I år er me 264 born på skulen.Elevtalet har gått litt ned av di me sender store kull til ungdomsskulen og tek imot mindre kull på 1. trinnet. Me arbeider vidare med innføring av ny læreplan. Denne hausten har me kjøpt nye bøker i faga norsk,matematikk og engelsk. Etter nyttår kjøper me nye bøker i fleire fag. Så håper me at dette og vert eit lærerikt skuleår kor både læring og trivsel står i sentrum.