Startside Om oss Aktivitetar Rus Helse Føresatte Forum Linkar

Om oss

Utekontakten på Stord er ei kommunal teneste for ungdom. Me er for tida to personar som jobbar i utekontakten. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga råd og hjelp når det gjeld:

  • Skule
  • Familieproblem
  • Konfliktar
  • Rus
  • Jobb og fritid
  • Helse

....eller andre ting som opptek deg nett no

Me har teieplikt! Det betyr at det me snakkar om blir mellom oss. Har du eit problem me synst er veldig alvorlig vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Utekontakten kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.

Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss. Me samarbeider med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom på Stord. Dette kan vera skular, fritidsklubbar eller ungdommen sitt eige nettverk.

......og husk: Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for en venn og lurer på kva du skal gjera? Ring, send en e-post eller stikk innom.

 Telefon: 53 49 66 44

 Mobil: 97 55 21 21  Thomas Mikkelsen
 Mobil: 97 55 21 24  Cecilie Berger

 Besøksadresse:
Osen 8, meieribygget, 2.etasje

 Postadresse: Utekontakten,
  Postboks 304, 5402   STORD          

 E-post: utekontakten@stord.kommune.no

 

Her kan du være deg sjølv... 
                                                ...om du er stille eller pratsom

Er det noko du lurar på, har du tilbakemeldingar på websidene eller ynskjer å bli kontakta for ein prat, fyll ut skjemaet under:

Emne:

        

Kommentar:

Ynskjer du at me tek kontakt med deg, fyll ut navn og e-post i feltet under. Du kan også vera anonymm :

Navn
E-post
Telefon