Barnet ditt har blitt tenåring og byrja på ungdomsskulen. Dette er ei tid me foreldre ofte har både grudd oss til, og sett fram til. Narkotika er det mange foreldre er mest uroa for. Media gjev ofte et forvrengd bilde av røynda, og kan forsterka foreldra si uro med sine oppslag om rus i ungdomsmiljøa. Men foreldre er ikkje makteslause - det er mykje me kan gjera sjølv for å førebyggja rusproblem! Og du er ikkje aleine, snakk med andre tenåringsforeldre!
Foreldre er dei beste førebyggjarane!
Du kjenner barnet ditt betre enn nokon annan. Difor er du den beste til å vera med å leggja grunnlaget for kva val som vert gjort seinare i ungdomstida. Det handlar mykje om å væra der som ein trygg vaksen: - bruka tid saman, snakka om trivelege / vansklege ting, gjera kjekke ting saman, om å vera ein tydleg vaksen og om å finna ein balanse mellom fridom og kontroll som de båe kan leva med. Det er viktig å hugsa på korleis det er å vera ung!
TI RÅD til foreldre som vil vera gode førebyggjarar.
1. Snakk med borna om rus- og alkohol
Nokre foreldre synes det er vanskeleg å snakka med ungdom om rus. Dei er redde for å verta konfronterte med eigne vanar / uvanar. Men me kjem ikkje utanom. Barna våre må kjenna at me bryr oss, og dessutan treng dei nokre klare meldingar med på turen. Undersøkingar syner at ungdom synes at vaksne snakkar for lite med dei om rus.
Hugs at det er viktig å snakka med og ikkje berre til...
2. Vær eit godt førebilete
Tenk på at dine vanar kan verta dine barn sine uvanar. Tenk på at dine handlingar påverkar borna langt meir enn kva du seier. Førebilde er du, same kva du måtte ynskja.
3. Følg med på kva dine barn gjer i fritida.
Det er forskjell på å syna interesse og å "snoka". Du er ingen detektiv, men du har eit klart behov for å veta kva dine born gjer, kvar dei er og kven dei er saman med. Å sjå til om dei overnattar der dei seier, er ikkje eit signal om at ein ikkje stolar på dei , men å syna at ein bryr seg. Og kven har sagt at dei unge skal ha festar heime utan vaksne til stades? Vær ute av syne, men i betryggande nærleik..
4. Sørg for at du kjenner ungane dine.
Syn interesse og ver mykje saman med ungane dine. Snakk med dei om konkrete ting, som kva dei er interesserte i og likar å gjera, men også kva slags syn dei har på "livet", kva dei meinar om rett og gale, kva dei har av gleder, sorger og bekymringar. I fleire undersøkingar svarar faktisk ungdom at dei
ynskjer meir tid saman med foreldra.
5. Engasjer deg ( også etter at du ikkje lenger "må")
Mange foreldre kjenner seg meir som transportbyrå enn som oppdragarar. Mange er glade den dagen de slepp å hente / bringe. Men kanskje er det nettopp då det er viktig at me er der. Å tilby å hente på laurdagskvelden kostar litt, men kan vera ein god investering.
6. Gje barnet sjølvtillit
Trygge barn leikar best. Eit godt sjølvbilete er noko av det viktigaste ein bør forsøka å "senda med" de unge. Gje barnet ros, kos og oppmerksomhet på det som er bra. Sei høgt at du er glad i barnet. At barn og unge vert trygge på seg sjølv og på kvarandre er ein forutsetnad for å motstå gruppepress.
7. Sett klåre grenser - og stå på dei
Den frie barneoppdragelsen er død. Dei fleste innser i dag at grenser er viktig for dei unge. Spørsmål om kvar grensene skal gå, er sjølve oppdragelsens kunst. Men det kan verta like gale med for strame som med for vide grenser. Difor skal du tenkja deg om: Tel til ti før du seier nei. Og til fem før du seier ja. Pass på at du ikkje seier nei til noko av "gamal vane". Og at du ikke sier ja av bekvemmelege omsyn. Og når du har sagt ja eller nei: Stå på det! Ikkje bøy unna ved første og beste anledning. Vis at du er til å stole på.
8. Stå saman med andre foreldre
Det er vanskelig å halda på grenser." Alle andre får jo lov........" Me som har vore unge sjølv veit jo at det er dei færraste som får lov til det "alle andre får lov til". Likevel treng me allierte og dei finn me blandt dei andre foreldra. Det betyr også at du bryr deg om naboen sine barn. Det er langt enklare dersom foreldra t.d. i ein klasse kan verta samde om kva som gjeld - av innetider, leggetider, krav til innsats heime, bruk av penger o.l
9. Ver ærleg
Nokre gonger er det fristande å ty til ei kvit løgn. (" Drakk ikkje du da du var 16 år då mamma"). Men løgner og halvsanningar fungerer ikkje i lengden. Då duger berre sanninga, kor ubehageleg den måtte være.
10. Ikkje gje barna alkohol
Nokre vaksne tenkjer at dersom barna får smake heime, forsvinn noko av mystikken. Andre sender med ungdommen ei flaske vin eller eit par flasker øl på fest. " Så veit eg kva han drikk" eller " Så held ho seg unna sterkere saker"
Skal me tru nyare forsking er begge deler gale. Ungdom som smakar -, eller som møter aksept heime på at dei brukar alkohol, drikk meir og oftare ute blant sine jevnaldrande. Det er òg der alkoholen flyt rikeleg me har størst sjanse for å finna hasj og andre stoff. Det er gode grunnar for å respektera aldersgrensene for kjøp av alkohol.
Nyttig
å vite
(Informasjonen er hentet direkte fra Rusmiddeletaten, Oslo)